Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3. Gjennomføring
4. Reviderte områder
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Rapporten omtalar påpeikte avvik innan dei reviderte områda. Tema for tilsynet var om tenestemottakarane som bur i omsorgsbustad i Sogndal kommune får den helse og sosialhjelpa dei har rett til etter lov om helsetjenesten i kommunene § 2-1 og lov om sosiale tjenester §§ 4-2 og 4-3.

Tilsynet er avgrensa til å gjelde:

  • Kartlegging av behov ved søknad om tenester
  • Gjennomføring av vedtak om heimesjukepleie, heimehjelp/støttekontakt
  • Kontroll med eiga verksemd

Det er ikkje avdekt avvik ved dette tilsynet.

Dato: 17.12.08

Turid Måseide
revisjonsleiar
Arne Røyrvik
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Sogndal kommune i perioden 28.07.08 – 17.12.08, gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane.

Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda oppfyller lovkrava innanfor det som er tema ved tilsynet.

Tilsynet omfattar både helsetenester og sosiale tenester. Fylkesmannen har tilsyn med dei sosiale tenestene og Helsetilsynet i fylket har tilsyn med helsetenestene. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er viktig for eldre som bur i omsorgs-bustader. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har derfor gjennomført tilsyna som eit felles tilsyn. Det vert utarbeidd ein felles rapport. Oppfølging av avvik vert også samordna av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber at vi sjekkar om rutinar, prosedyrar og instruksar vert følgde i praksis, og om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene.

Rapporten omhandlar avvik som er avdekte under revisjonen.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.

2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve

Sogndal kommune har organisert helse- og sosialtenestene sine i tenesteeiningar.

Tenestene til eldre er organiserte under tenesteeininga Pleie og omsorg. Området er delt i fire soner, i tillegg til sjukeheim og støttefunksjonar. Kommunen har fleire omsorgsbustader organisert i ulike buformer. Tenesta yter også ulike tenester til bebuarar i private omsorgsbustader. Skulevegen 7C er ei sone med 32 omsorgsbustader, lokalisert i same bygning som mellom anna sjukeheimen. Bebuarane i Skulevegen 7C har eit meir omfattande behov for pleie- og omsorgstenester enn bebuarane i dei andre omsorgsbustadene.

Avdelingssjukepleiar er soneleiar og skal sikre den direkte sjukepleien til bebuarane og ivareta den daglege styringa ved Skulevegen 7C. Det er faste stillingar knytt til Skulevegen 7C på dagtid. Tenestene er tildelt ved enkeltvedtak om heimesjukepleie og praktisk bistand, som vert ytt etter ei løpande vurdering av hjelpebehovet hjå den enkelte. Nattevaktordninga er felles for alle tenestene, men slik at ein person til vanleg oppheld seg i Skulevegen 7C.

Leighota 3 er ein del av sone Fjøra. Det er 40 bustader i denne sona, og 12 av desse er i Leighota 3. Tenestene vert ytt som heimehjelp med eit mindre timetal pr. veke og heimesjukepleie etter behov. Heimehjelpene utfører vanlege huslege tenester innanfor det timetalet som den enkelte har fått vedtak på. Heimesjukepleie yter hjelp etter behov og kan tilkallast ved alarm.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 28.07.08.

Opningsmøte vart halde 01.10.08

Intervju
11 personar vart intervjua.

Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde:

  • Stikkprøvekontroll av pasientjournalane/klientmappene til 8 bebuarar
  • Avtalebok for soneleiar i sone Fjøra
  • Avviksmeldingar for 2003-2007

Sluttmøte vart halde 02.10.08

Møte med tenesteleiar og avdelingssjukepleiar Skulevegen 7C vart halde 17.12.08

Nye verifikasjonar etter møtet 17.12.08
Stikkprøvekontroll av tiltaksplan søvn/kvile for 10 bebuarar i Skulevegen 7C

4. Reviderte områder

Tema for tilsynet var om tenestemottakarane som bur i omsorgsbustad i Sogndal kommune får den helse og sosialhjelpa dei har rett til etter lov om helsetjenesten i kommunene § 2-1 og lov om sosiale tjenester §§ 4-2 og 4-3.

Tilsynet er avgrensa til å gjelde:

  • Kartlegging av behov ved søknad om tenester
  • Gjennomføring av vedtak om heimesjukepleie, heimehjelp/støttekontakt
  • Kontroll med eiga verksemd

5. Funn

Det vart ikkje avdekt avvik ved tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 13. desember 1991 om sosiale tjenester
  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2 juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tjenesteyting etter lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Forskrift om internkontroll i helse- og sosialtjenesten
  • Forskrift om individuell plan

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon verksemda har sendt oss:

  • Organisasjonskart
    - for Sogndal kommune
    - for pleie- og omsorgstenesta
    - for pleie- og omsorgstenesta med soneinndeling og tenesteoversyn
    - for sosiale tenester
  • Oversyn over oppretta stillingar
  • Årsmeldingar
    - utdrag av årsmelding for pleie- og omsorgstenestene 2006
    - utdrag av årsmelding for pleie- og omsorgstenestene 2007
  • Stillingsomtalar
    - leiaravtale, tenesteleiar
    - stillingsomtale, soneleiar
    - stillingsomtale, autorisert sjukepleiar
    - stillingsomtale, autorisert vernepleiar
    - stillingsomtale, autorisert hjelpepleiar
    - stillingsomtale, heimehjelp
    - stillingsomtale, avdelingssjukepleiar
    - stillingsomtale, heimehjelp / assistent 7C
  • Prosedyrer for søknad/vedtak
    - prosedyrebeskrivelse for handsaming av søknad og tildeling av tenester frå heimebasertetenester
    - prosedyre for registrering av brukar og søknad om tenester
    - prosedyre for vedtak
    - prosedyre for møte i TSG (tiltaksteam)
    - kopi av div.søknadsskjema
    - kriterie for tildeling av tenester
    - prosedyre for utarbeiding av tiltaksplan
  • Kompendium om Multidose m/prosedyresamling
  • Prosedyre for kvalitetssystem
  • Plan for kompetanseutvikling, pleie og omsorg
  • Delegasjonsreglement
    - politisk delegasjonsreglement
    - administrativtd elegasjonsreglement
  • Andre styringsdokument/planar
    - årshjulet
    - økonomiplan 2008-2011, kap om pleie- og omsorg
    - innhaldsregist feorr kvalitetshandbok for pleie- og omsorgstenesta
    - KERBAS, kvalitetsstemer
    - plan for pleie- og omsorgsten,e insnthaaldsoversyn
    - plan for helsemessig og so bseiraeldska,p innhaldsoversyn
  • Mal for individuell plan

Brevveksling mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn, frå Fylkesmannen 28.07.08
  • Oversending av dokumentasjon, frå Sogndal kommune 27.08.08
  • Program for tilsynet, frå Fylkesmannen 18.09.08
  • Førebels rapport, frå Fylkesmannen 28.10.08
  • Merknader til den førebelse rapporten, frå Sogndal kommune 07.11.08

8. Deltakarar ved tilsynet

Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen.

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Jostein Aanestad

Rådmann

X

X

Jarle Skaar

Tenesteleiar

X

X

X

Margit Bruland

Sjukepleiar

X

X

X

Anne Lise Ålsberg

Omsorgsarbeidar

X

X

X

Åse Johanne Sætre

Assistent

X

X

X

Bodil Navarsete

Assistent

X

X

X

Jorunn Seim

Avdelingssjukepleiar

X

X

X

Dagrun Olsen

Hjelpepleiar

X

X

Martha Forthun Kvam

Sjukepleiar

X

X

Audhild M. Aspelund

Avdelingssjukepleiar

X

X

X

Oddny O. Sønnervik

Heimehjelp

X

X

X

Tone Kristoffersen

Hjelpepleiar

X

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Turid Måseide, revisjonsleiar
Arne Røyrvik, revisor
Beate Tollefsen, revisor