Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomførte i perioden 20.02.08 – 25.06.08 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Vågsøy kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart påpeikt to avvik:

>

Avvik 1:

Vågsøy kommune sikrar ikkje at informasjonen og samhandlinga mellom helse- sosial- og barnevernstenestene er tilstrekkeleg for at utsette barn i skulepliktig alder skal verte fanga opp, utgreidde og få nødvendig hjelp til rett tid.

Avvik 2:

Kommunen sikrar ikkje at det vert utarbeidd tiltaksplanar i barnevernet.

Dato: 25.06.08

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar
Jens Tore Eggum
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 20.02.08 – 25.06.08 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil verte koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan verte vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjon er å vurdere om kommunen ivaretek ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje avvik frå lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at verksemda er i samsvar med lovkrava

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen innanfor områda for tilsynet.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gjeve i eller som følgjer av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller som følgjer av lov eller forskrift, men som Helsetilsynet i fylket og Fylkesmannen likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen - særlege tilhøve

Vågsøy kommune har om lag 6000 innbyggjarar. Kommunen er organisert med rådmannen og eit toppleiarteam med to kommunaldirektørar som har ansvar for 10 tenesteområde. Familie og helse er eitt av tenesteområda. Familie og helse har ein tenesteleiar som har ansvar for fem avdelingar med kvar sin faglege leiar. Både barnevern, helsestasjon/ skulehelsetenesta og sosialtenesta er avdelingar under tenesteområde familie og helse. I tillegg er legetenesta og PPT lagt under tenesteområdet.

Kommunen er i ferd med å omorganisere tenestene. Det er tilsett ny kommunaldirektør som er tillagt ansvaret for dette tenesteområdet. Tidlegare tenesteleiar familie og helse er tilsett som ny leiar for Nav Vågsøy og tok til i stillinga 01. mai 2008. Stillinga er lyst ut, men det er førebels ikkje tilsett ny tenesteleiar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 20.02.08. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gjeve i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Formøte vart halde 30.04.08.

Opningsmøte vart halde 21.05.08

Intervju
13 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gjeve i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 22.05.08.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ei samordna måte. Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevern- og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år. Vi undersøkte difor om kommunen legg til rette slik at tenestene kan gi naudsynt hjelp etter lovgjevinga. Det vart og undersøkt om kommunen, ved å følgje opp og å kontrollere, sikrar at praksis samsvarar med dei plikter kommunen har.

Tilsynet undersøkte nærare om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna.

Vidare omfatta tilsynet undersøking av om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det. Som ein del av dette undersøkte tilsynet om det fanst rutinar for samarbeid, faste møtetider, klar og kjent oppgåvefordeling og liknande. Det vart undersøkt om det vert gjennomført medisinske undersøkingar ved behov, og om sosialtenesta vurderer behov for kontakt med barnevernet i saker der sosialtenesta yter stønad eller bistand til familiar.

Det vart vidare undersøkt om dei tre kommunale tenestene sikrar individuell planlegging når dei utarbeider tiltaksplanar etter barnevernlova eller individuelle planar etter helse- og sosiallovgjevinga. Tilsynet undersøkte også om dei tre tenestene, ved behov, samarbeider om å leggje til rette og gjennomføre individuelle planer og tiltaksplanar.

Tilsynet omfatta om dei samla tenestene og tiltaka til det einskilde barnet vert evaluert. Vi undersøkte nærare om evalueringane omfattar om barn og foreldre medverkar ved evaluering av tenester og tiltak, om alle møtes som avtalt, om dei ressursane som er vedteke brukt faktisk vert brukt, om det er klart kven som har teke på seg ansvar for dei ulike oppgåvene, konsekvensar av omorganiseringar og endringar i oppgåvefordeling og om kommunen har nådd dei måla som er sett for samarbeidet.

Tilsynet undersøkte vidare om kommunane i god tid førebur, og ved behov gjennomfører, overgang frå barnevern til sosialteneste ved 18-23 års alder saman med den aktuelle ungdomen.

Tilsynet undersøkte og om, og på kva måte, leiinga i kommunen følgjer med på at tenestene samarbeider om utsette barn og overgangen mellom barnevernet og sosialtenesta. Vi undersøkte til dømes om kommunen overvaker at vedtekne tiltak, prosedyrar og oppgåvefordeling er gjennomført i praksis, om tenestene har så god kjennskap til kvarandre at dei brukar kvarandre når det trengs, om det er vurdert kva område i samarbeidet som er sårbare for svikt, og om dei overvakar om tenestene fungerer som dei skal og at tiltaksplanar og individuelle planar vert evaluerte. Det vart og sett på om kommunen har oversikt over klager på dei tre tenestene og gjer bruk av desse til forbetring av tenestene.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette for, ved tilsetjingar, kartlegging av kompetansen til dei tilsette, opplæringstiltak og liknande, at tilsette i dei tre tenestene har tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samarbeide når det trengst. Det vart og undersøkt om det er lagt til rette for bruk av tolk når det er naudsynt.

Tilsynet undersøkte om kommunen har system for dokumentasjon som sikrar den informasjonen som er naudsynt for samarbeid mellom tenestene.

5. Funn

>

Avvik 1:

Vågsøy kommune sikrar ikkje at informasjonen og samhandlinga mellom helse- sosial- og barnevernstenestene er tilstrekkeleg for at utsette barn i skulepliktig alder skal verte fanga opp, utgreidde og få nødvendig hjelp til rett tid.

Avvik frå:

  • Kommunehelsetenestelova § 1 - 4 2. ledd, sosialtenestelova § 3 - 2, barnevernlova § 3 - 2, forskrift om internkontroll i helsetjenesten og sosialtjenesten § 4 og forskrift om internkontroll i barnevernstjenester § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er oppretta møteplassar for tverrfagleg samarbeid, mellom barnevern og helsestasjon/skulehelseteneste, og mellom barnevern, skule, PPT og skulehelseteneste. På desse arenaene kan saker verte drøfta anonymt. Dersom enkeltsaker vert drøfta anonymt, vert dette ikkje dokumentert. Dei ulike tenestene har heller ikkje felles forståing for kva opplysningar som kan takast opp i tverrfaglege møte.
  • Dei tilsette i tenestene har ikkje felles forståing for kva reglane om teieplikt inneber for informasjonsutveksling og samarbeid mellom tenestene.
  • Kommunen har rutinar for innhenting av samtykke og dokumentasjon av samtykke. Det er utarbeidd eige skjema til dokumentasjon av informert samtykke. Eigne rutinar vert ikkje følgde av alle tenesteområde. Både ved dokumentgjennomgang og ved intervju kom det fram at sosialtenesta ikkje dokumenterer samtykke før utveksling av informasjon til barnevernet.
  • Det er utarbeidd skriftlege rutinar for oppretting av ansvarsgrupper, for tverrfagleg arbeid i ansvarsgrupper og rutinar for utarbeiding av Individuelle planar som gjeld for alle tenesteområde. Kommunen er i gang med opplæring og innføring i dei nye rutinane. Opplæringa er ikkje gjennomført i alle tenesteområde. Sjølv om rutinane for arbeidet i ansvarsgrupper er kjende vert dei likevel ikkje følgde av dei tilsette i alle tenestene som rutinane gjeld for.
  • Tenestene har ikkje felles forståing for ansvar og oppgåvedeling i høve til å fange opp og følgje opp barn med psykiske problem og barn til foreldre med psykiske problem.
  • Dokumentasjonsgjennomgangen synte enkeltsaker der det er ytt tenester frå psykisk helse til alvorleg psykisk sjuke foreldre med omsorg for barn utan at barnevernstenesta har vorte kontakta for å vurdere omsorgssituasjonen og behovet for eventuelle tiltak frå barnevernet.
  • Barnevernet gjev tilbakemelding til meldar på meldingar til barnevernet at meldinga er motteken og vil verte følgt opp av barnevernet. Barnevernet har ikkje rutinar for å vurdere om det er føremålstenleg, innanfor reglane om teieplikt, å følgje opp med informasjon og tilbakemelding til dei andre tenestene om vidare utvikling i saka.
  • Barnevernet sine undersøkingar vert ikkje alltid gjennomført innan fristen på 3 månader. Dei intervjua opplyste om at årsaka til dette skuldast manglande kapasitet.
  • Barnevern- og sosialtenesta har ikkje utarbeidd rutinar for å planleggje og tilretteleggje for overgangar mellom barnevern og sosialtenesta for ungdom mellom 18- og 23 år.
  • Det er ikkje utarbeidd eigen opplæringsplan eller kompetanseplan for tenesteområdet. Ressurssituasjonen og kompetansebehovet vert omtalt i årsplanen.
  • Barnevern- og sosialtenesta har skjema for å melde avvik. Dei intervjua opplyste om at skjema er henta frå pleie- og omsorg og ikkje tilpassa deira tenester. Skjema vert heller ikkje nytta til å melde avvik. Helsestasjonen/ skulehelsetenesta har system for å melde avvik. Dei intervjua opplyste om at dette ikkje har vorte nytta fordi skulehelsetenesta ikkje har hatt avvik. Avviksmeldingar vert heller ikkje etterspurd av leiinga, og leiinga brukar ikkje avviksrapportering til læring og forbetring- og til styring av tenestene.
  • Det vert ikkje gjennomført systematiske risikovurderingar på desse tenesteområda.

Kommentar:
Barneverntenesta, sosialtenesta og skulehelsetenesta skal sikre nødvendig dokumentasjon på utgreiing, planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestene i tillegg til kommunikasjon med andre innanfor rammene av teiepliktreglane. Tenestene må sørge for relevant og nødvendig dokumentasjon av den løpande tenesteytinga, jfr. forvaltningslova §§ 11d og 17, barnevernlova § 4-5, sosialtenestelova § 4-3 jfr. § 4-2, forskrift om pasientjournal §§ 4, 7 og 8, § 7 i forskrift om individuell plan og internkontrollforskriftene § 4 bokstav g. Tenestene skal som hovudregel innhente informert samtykke ved utveksling og formidling av opplysningar. Samtykket skal vere dokumentert.

Individuell plan skal utarbeidast til alle som har rett til individuell plan og som ønskjer slik plan. Tenestemottakar har rett til å delta i arbeidet, jfr. forskrift om individuell plan §§ 4 og 5. Den del av kommunen si helse- eller sosialteneste som tenestemottakaren vender seg til, har plikt til å sørge for at arbeidet vert sett i gang uavhengig av om tenestemottakar tek i mot hjelp frå andre tenester, jfr. forskrifta § 6.

Dei ansvarlege for verksemda skal skaffe oversikt over område i verksemda der det er fare for svikt eller mangel på oppfylling av lovkrav, jfr. internkontrollforskriftene § 4 f. Dei ansvarlege for verksemda skal også sørge for at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap og ferdigheiter, også når det gjeld internkontrollen, jfr. internkontrollforskriftene § 4 c. Dei ansvarlege for verksemda skal kontrollere, evaluere og forbetre nødvendige prosedyrar og rutinar for å avdekkje, rette opp og førebygge brot på regelverket, jfr. internkontrollforskriftene § 4 g.

>

Avvik 2:

Kommunen sikrar ikkje at det vert utarbeidd tiltaksplanar i barnevernet.

Avvik frå:

  • Barnevernslova § 4 - 5, jfr. internkontrollforskrifta § 4.

Avviket byggjer på:

  • Dei intervjua opplyste om og dokumentgjennomgangen synte at det ikkje er utarbeidd tiltaksplanar for alle klientar som har hjelpetiltak.
  • Fleire tiltaksplanar som er utarbeidde er utgått på dato og ikkje evaluerte.
  • Leiinga er kjend med situasjonen. Utarbeiding av tiltaksplanar er i samråd med leiinga prioritert etter arbeidet med ivaretaking av akutte situasjonar og dagleg sakshandsaming.
  • Barnevernet har ikkje rutine for å melde avvik, og avviksmeldingar vert heller ikkje etterspurt av leiinga.

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Dokumentgrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Årsrapport 2007 Familie og helse
  • Virksomhetsplan for Familie og helse 2008
  • Organisasjonskart for Vågsøy kommune
  • Tenesteskildring
    - Barnevernstjenesten i Vågsøy kommune
    - Sosialtjenesten i Vågsøy
    - Helsestasjonen
  • Nøkkeltal for barnevernstjenesten
  • Organisasjonskart
  • Lederavtale for Vågsøy kommune
  • Arbeidsbeskrivelse
    - Faglig leder ved helsestasjonen
    - Barnevernsleder
    - Faglig leder i sosialtjenesten
  • Delegasjon av barnevernsadministrasjonen sine oppgåver
  • Kopi av Arbeidsavtale
  • Avdelingsleiar med funksjon leiar av barneverntenesta
  • Stedfortreder for barnevernleder – delegasjon
  • Skoleplan/arbeidsplan for skolehelsetjenesten
  • Prosedyre – Familie og helse, helsestasjonstenesta:
    - samarbeidsrutiner med fastlegene
    - samarbeidsrutiner med helsestasjon- og skolelege
    - samarbeidsrutiner med skolene
    - samarbeidsrutiner med barnevernet
    - samarbeidsrutiner oppstart av ansvarsgrupper for barn og unge
    - samarbeidsrutiner med PPT
    - rutiner for vurdering av barn med mistanke om ADHD/ADD
    - Oversikt over nytilflytta/flytta barn/elever i kommunen m/ vedlegg
    - Rutinar ved opplysningsplikt/melding til barneverntenesta
  • Kopi – Meldingsskjema til barnevernstjenesten
  • Kopi – skjema - tilmelding til PPT
  • Rutinar i barnevernsak – Saksgang frå mottak til beslutning
  • Kopi - meldingsskjema Privat innmelder
  • Sjekkliste for undersøkelsesarbeid
  • Prosedyre - Konklusjon av undersøkelsen
  • Prosedyre - Akuttsituasjon
  • Rutinar ved seksuelle overgrep
  • Rutiner ved melding om fysisk mishandling
  • Prosedyre – Barneverntenesta – Samarbeid med skulane
  • Kopi av brev/orientering til skulane – besøk av barnevernet
  • Oversikt over skulane sine kontaktpersonar i barnevernet
  • Oversikt over møte i 2007 mellom barnevernet og andre samarbeidspartar
  • Rutinar for skriving av vedtak
  • Rutinar for saker som sendes fylkesnemnda
  • Kopi skjema – Innstilling fra barnevernstjenesten
  • Rapportskjema for miljøarbeider
  • Rapportskjema for besøkshjem/støttekontakt
  • Mal, rettleiar og vedtaksskjema - individuell plan
  • Mal for arbeid i ansvarsgrupper
  • Vegleiar til bruk for oppretting av ansvarsgrupper og utarbeiding av individuell plan
  • Skjema – innkalling til ansvarsgruppemøte
  • Skjema – oppstart av ansvarsgruppe – barn/unge
  • Prosjekt – samarbeid på tvers av ulike tenesteområder
    - Prosjektskildring
    - Kartlegging
    - Kopi – Invitasjon til seminar – Kommunikasjon og samarbeid i praksis
    - Søknad til Bufetat om nærmiljøtiltak
    - Kopi – administrativt vedtak – støtte til kommunale tiltak – Bufetat
  • Stillingsomtale – Miljøarbeider - ungdom
  • Rapport – miljøarbeider Høst 2007 – vår 2008
  • Plan for samarbeid skole-miljøarbeider
  • Generell møteplan for 1. møte med foreldre og skole og miljøarbeider
  • Mal – Tiltaksplan
  • Prosedyre – Barnevernstenesta – Samarbeid skule og miljøarbeider Framgangsmåte for å kontakte miljøarbeider
  • Kopi – Søknad om videreføring av nærmiljøtiltak
  • Kopi – administrativt vedtak – støtte til kommunalt tiltak – Bufetat
  • Veileder til bruk ved samtykke m/ skjema informert samtykke- erklæring til tverrfaglig arbeid
  • Årsplan for barnevernmøtene
  • Rapporteringsrutiner SSB
  • Rapporteringsrutiner til Fylkesmannen
  • Samarbeidsavtale mellom Nordfjord BUP og Vågsøy kommune
  • Kopi – referat frå fellesmøte mellom 1. og 2. linjetenesten mht. barn og unges utfordringer i Vågsøy 25.10.07
  • Kortfatta oversikt over det psykiske helsearbeidet i 2007
  • Førebyggjande tiltak – psykisk helse
  • Plan for psykisk helse i Vågsøy 2007 – 2010
  • Skjema – Henvisning til Psykisk Helseteam i Vågsøy
  • Rushandbok for Vågsøy kommune

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 17 journalar – elektronisk journal og saksmapper frå skulehelsetenesta der det har vore tverrfagleg samarbeid kring pasientane, barnevern er involvert i 10 av sakene
  • 7 journalar – elektronisk journal og klientmapper frå psykisk helseteam der mor eller barn har psykisk sjukdom
  • 14 saker frå barnevernet, 5 av desse med tiltaksplan
  • 4 saker frå sosialtenesta

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:

  • Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune –melding om tilsyn av 20.02.08
  • Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune av 20.02.08
  • E-post frå Vågsøy kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 06.03.08
  • Brev med vedlegg frå Vågsøy kommune til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 23.04.08
  • Brev med vedlegg – dagsorden for tilsynet frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune av 07.05.08
  • E-post frå Vågsøy kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 14.05.08
  • E-post med vedlegg frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Vågsøy kommune – revidert dagsorden for tilsynet av 15.05.08

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Ørjan Raknes Forthun

Turid Vika Skram

Eve-Brit Nygård

Berit Sæterlid

Anne Grete Fjelltun

Ragnhild Holm

Anne Karin Sølvberg

Jan Faksness

Lindis Husevåg

Gunvor Furnes

Turid Blålid

Elisabeth Westrum

Heidi Høstland

Mariette Thierback

Rådmann

Barnevernspedagog

Koordinator for funksjonshemma

Sosionom

Barnevernspedagog

Tidl. Tjenesteleder familie og helse

Helsesøster

Faglig leder sosialtjenesten

Barnevernleder

Faglig leder helsestasjonen

Helsesøster

Psykiatrisk sjukepleiar

Sosionom

Skulelege

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

(telefonintervju 16.05.08)

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X

X


Fra tilsynsstyresmaktene deltok:
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen, revisjonsleiar
Rådgjevar Jens Tore Eggum, revisor
Seksjonsleiar Arne Røyrvik, revisor