Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomførte i perioden 11. februar – 2. juni tilsyn med sosial- og helsetenester til barn i barne- og avlastingsbustader i Bremanger kommune. Denne rapporten gjer greie for avviket som blei påpeikt innanfor dei områda som blei reviderte.

Tilsynet er avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande områder:

  • om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
  • om kommunen yter pleie- og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
  • om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
  • om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn

Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2009 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til. Det vart funne eitt avvik frå gjeldande myndigheitskrav.

Avvik

Kommunen sikrar ikkje at pleie- og omsorgstenestene i avlastingsbustaden vert utført av personale med tilstrekkeleg kompetanse, og kommunen følgjer ikkje opp kvaliteten på tenestene.

Dato: 02.07.09

Arne Røyrvik
revisjonsleiar
Beate Tollefsen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Bremanger kommune i perioden 11. februar - 3. juli 2009. Revisjonen går inn som ein del av landsomfattande tilsyn i 2009 med kommunale sosial- og helsetenester til barn i barne og avlastingsbustader.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6 og med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav innan dei tema som tilsynet omfattar. Sjå nærare under kapittel 4.

Tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgivinga, som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket, og sosiale tenester etter sosialtenestelova, som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen. Statens helsetilsyn har gitt Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket i oppdrag å gjennomføre eit felles tilsyn med dette tenestetilbodet.

Fylkesmannen og Fylkeslegen har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre dette tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli samordna frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket si side.

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument og ved intervju. Dokumentgjennomgangen inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis. Ved synfaring vert det vurdert om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Bremanger kommune er ei kystkommune med om lag 3900 innbyggjarar. Kommunen er organisert i to nivå. Det er nyleg gjennomført ei omorganisering i kommunen. Det er tilsett kommunalsjef som har ansvar for barnevern, PPT (pedagogisk- psykologisk teneste), helse og PLO (pleie- og omsorg) inkludert tenestene til funksjonshemma. I avlastingsbustaden er ein vernepleiar tilsett som fagleg leiar. Avlastingsbustaden, som tidlegare var tannlegebustad, ligg i Hauge sentrum i same tun som legesenteret og andre kommunale tenestekontor. Det er kort veg til butikk og turterreng. Avlastingsbustaden har ope i helga. I tillegg er det ope for sommaravlasting. Etter behov har det vore opp for avlasting i vekedagar. Det er plass til overnatting for to born samt eit personale. For tida har tre born tilbod om avlasting. Det fleste tilsette i bustaden er ufaglærte.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding
Melding om tilsyn vart sendt 11.02.09.

Opningsmøte
Opningsmøte blei halde 13.05.09.

Intervju
6 personar blei intervjua.

Tilsynslaget hadde samtale med foreldre til tre barn.

Sluttmøte
Sluttmøte blei halde 14.05.09.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande område:

  • om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
  • om kommunen yter pleie- og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
  • om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
  • om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn

5. Funn

Avvik

Kommunen sikrar ikkje at pleie- og omsorgstenestene i avlastingsbustaden vert utført av personale med tilstrekkeleg kompetanse, og kommunen følgjer ikkje opp kvaliteten på tenestene.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Sosialtenestelova §§ 2-3, 4-3, jf 4-2, kommunehelsetenestelova §§ 1-3, 1-3a og 2-1, kvalitetsforskrifta § 3 og internkontrollforskrifta § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Mange ufaglærde med lite opplæring
  • Få prosedyrar/opplæringsplan som sikrar at personale får tilstrekkeleg kompetanse og kunnskap om barna sine individuelle behov
  • Brukarmappene inneheld ikkje all nødvendig informasjon om barnet
  • Ikkje prosedyrar som sikrar oppfølging og evaluering av stell og pleie
  • Kommunen erkjenner at rekruttering av personale er eit sårbart område, men har ikkje definert norm for fagkompetanse i bustaden. Leiinga kjenner til at ufaglærte lærar opp ufaglærte utan at kommunen følgjer opp og sikrar kvaliteten på tenestene
  • Leiinga har ikkje systematisk oppfølging av tenestetilbodet i avlastingsbustaden

6. Regelverk

  • Lov om helseteneste i kommunane
  • Lov om sosiale tenester
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om statleg tilsyn med helsetenesta
  • Kvalitetsforskrifta
  • Lov om pasientrettar
  • Forskrift om pasientjournal
  • Legemiddelhandteringsforskrifta

7. Dokumentunderlag

Verksemda sin eigen dokumentasjon:

  • Organisasjonskart
  • Årsmelding
  • Delegasjonsreglement
  • Oversikt over brukarar
  • Iplos-registrering for brukarane
  • Vedtak for brukarane
  • Individuell plan for tre brukarar
  • Opplysningar om avlastingstilbodet
  • Søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester
  • Skjema for samtykke til samarbeid/innhenting av opplysningar
  • Flytskjema for tenestetildeling i pleie- og omsorg
  • Skriv om individuell plan og ansvarsgruppe
  • Tenesteerklæring for pleie- og omsorgstenester, ergoterapi
  • Informasjon om miljøarbeidarteneste ved helsestasjonane

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Beskjedbok
  • Brukarmappe til barna
  • Rutine/prosedyreperm (avviksskjema)
  • Vaktliste for personale
  • Mappe med delegasjonsskjema
  • Opplæringsperm
  • Medisinskap
  • Synfaring av bustaden og uteområde

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under gir er det gitt ei oversikt over dei som blei intervjua og deltakarane på opningsmøte og sluttmøte:

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Asbjørg Frøynes

Omsorgsarbeidar

x

x

x

Roy Henning Frøyen

Assistent

x

x

x

Heidi Synnevåg

Fagleiar/driftssjef

x

x

x

Randi Ytrehus

Kommunalsjef

x

x

Laila Rinde

fagleiar

x

x

x

Liv Marit Bøen

Assisterande rådmann/personalsjef

x

x

x

Tove G. Hauge

Assistent

x

x

x

Frå tilsynsorganet deltok:
Arne Røyrvik, revisjonsleiar
Beate Tollefsen, revisor
Elisabeth Lund-Iversen, revisor