Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. lnnleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomførte i perioden 11.02.09 — 02.06.09 tilsyn med sosial- og helsetenester til barn i barne- og avlastingsbustader i Førde kommune.

Tilsynet var avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande områder:

  • om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
  • om kommunen yter pleie og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
  • om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
  • om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn

Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2009 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader under tilsynet.

Dato: 02.06.09

1. lnnleiing

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6 og med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Førde kommune i perioden 11.02.09 — 02.06.09, gjennomførd av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Tilsynet er del av landsomfattande tilsyn i 2009 med kommunale sosial- og helsetenester til barn i barne- og avlastingsbustader.

Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda oppfyller lovkrav innan dei tema tilsynet omfattar. Sjå nærare omtale av dette i kapittel 4.

Tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgivinga, som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket, og sosiale tenester etter sosialtenestelova, som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen. Statens helsetilsyn har gitt Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket i oppdrag å gjennomføre eit felles tilsyn med dette tenestetilbodet.

Fylkesmannen og Fylkeslegen har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre dette tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli samordna frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane si side.

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument og ved intervju. Dokumentgjennomgangen inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis. Ved synfaring vert det vurdert om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
  • Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer forhold som kan bli betre.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Førde kommune har om lag 12 000 innbyggjarar. Avlastingsbustaden er eit rekkehus som ligg i bustadområdet Prestebøen, i Førde sentrum. Det er kort veg til leikeplass og idrettshall.

Åtte barn under 18 år har tilbod om avlastingsopphald, dei fleste med fleire dagar kvar veke. Det er ikkje meir enn tre barn til stades samstundes.

Kommunen er organisert etter tonivåmodellen med einingsleiar for eininga barn og helse. Under denne eininga ligg bu - og avlasting, som har eigen fagleiar. Dei fleste tilsette har treårig høgskuleutdanning. Kommunen har etablert habiliteringsteam for barn og unge (0-18 år).

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding
Melding om tilsyn vart sendt 11.02.09.

Opningsmøte
Opningsmøte vart halde 28.04.09.

Intervju
7 personar vart intervjua.

Tilsynslaget hadde samtale med foreldre til tre av barna.

Sluttmøte
Sluttmøte vart halde 29.04.09

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande område:

  • om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
  • om kommunen yter pleie og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
  • om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
  • om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om helseteneste i kommunen
  • Lov om sosiale tenester
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om statleg tilsyn med helsetenesta
  • Kvalitetsforskrifta
  • Lov om pasientrettar
  • Forskrift om pasientjournal
  • Legemiddelhandteringsforskrifta

7. Dokumentunderlag

Verksemda sin eigen dokumentasjon:

  • Informasjon om den enkelte brukar
  • Organisasjonskart
  • Administrativt delegeringsreglement
  • Handlingsplan
  • Tiltaksplan for Bu- og avlasting
  • Oversikt over tilsette
  • Opplæringsplan for nytilsette
  • Vegleiar til opplæringsplan
  • Skriv frå apotek om legemiddelhandtering
  • Retningsliner for legemiddelordinasjon og utdeling av medikament ved Bu- og avlastingseininga
  • Nøkkelrutinar medisinskåp
  • Prosedyre ved feilmedisinering
  • Registrering og sakshandsaming av feil og nesten-feil
  • Sjekkliste medisinrom
  • Skjema for dokumentasjon av reinhald i medisinlager
  • Skjema for endring, seponering eller nytt medikament
  • Presisering av einingsleiar sitt ansvar for legemiddelhandtering
  • Delegeringsskjema: Arbeidsleiar med ansvar for legemiddelhandtering
  • Oversikt over andre enn autorisert personale som kan dele ut ferdig doserte legemiddel
  • Oversikt over andre enn autorisert personale som kan dele ut ferdig doserte legemidlar/gi Stesolid/Epistates
  • Skjema for signaturkontroll for Bu og avlastingstenesta
  • Epilepsi gjennomgang
  • F��rstehjelp ved epilepsianfall
  • Rutinar for bruk av Epistatus
  • Rutinar for bruk av Stesolid for bestemte brukarar
  • Diverse skjema for registrering og handtering av legemiddel
  • Oppsummeringsrapport frå Apotek 1.
  • Registreringsskjema for stell/pleie/kost for brukarane
  • Skjema for individuell plan
  • Styringssystem Førde kommune
  • Ansvarsvakta sine oppgåver
  • Skjema for beskjeder til personale

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • Gerica journalsystem for 4 brukarar
  • Brukarpermar
  • Medisinpermar
  • Medisinvogn
  • Gjennomgang av vekeplan for barna
  • Synfaring av bustaden
  • Synfaring av uteområde

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev til Førde kommune frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane - melding om tilsyn, 11.02.06
  • Brev med vedlegg til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane frå Førde kommune - dokumentasjon, 19.03.09,
  • Brev med vedlegg til Førde kommune frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane - dagsorden, 03.04.09,
  • Brev til foreldre/pårørande frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane - tilbod om samtale, 03.04.09
  • Førebels rapport, 12.05.09

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over dei som blei intervjua og deltakarane på opnings- og sluttmøte:

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Magni Håvardsholm

Einingsleiar

X

X

X

Oddfrid Solheimsnes

Fagleiar

X

X

X

Håkon Fimland

Kommunalsjef

X

X

Kurt Even Andersen

konst. kommunalsjef

X

X

X

Øystein Høyvik

Einingsleiar

X

Helen Dvergsdal

Miljøterapeut

X

Terje Holvik

Vernepleiar

X

Anne Line Haukås

Assistent

X

Hanne Karin Stølsvik

Miljøterapeut

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Arne Røyrvik, revisjonsleiar
Astrid Tveit, revisor
Elisabeth Lund-Iversen, observatør