Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Regelverk:

  • Lov om sosiale tenester av 13.des.1991 med seinare endringar
  • Forskrift gjeve 4 des.1992 med heimel i lova § 7-9
  • med seinare endringar
  • Rundskriv IS-10/2004
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. febr.1967

Sammendrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda -spesielle forhold
3. Dokumentunderlag
4. Gjennomføring
5. Reviderte områder
6. Deltakarar ved tilsynet

Sammendrag

Rapporten omhandlar resultat av tilsyn utført som systemrevisjon på følgjande områder:

  • Om kommunen sikrar at tenestemottakarane mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter sotjl. § 4-3 jf. § 4-2 a-d, i samsvar med eventuelle endringar i bistandsbehovet og uavhengig av endringar i ressursråmene
  • Om kommunen sikrar at utviklingshemma mottek sosiale tenester utan bruk av ulovleg tvang og makt

Fylkesmannen fann ikkje avvik frå regelverket på desse områda. Kommunen viste til at ved auka behov hjå brukarane, kunne kommunen omprioritere innafor omsorgstenestene, og dersom ikkje det var nok, lage sak til politisk leiing. Dette var nyleg gjort. Det vart vidare poengtert at det ikkje var behov for å bruke makt og tvang overfor deira brukarar. I tillegg hadde dei nyleg hatt opplæring om regelverket kapittel 4A, slik at alle hadde forståing for kva som vert rekna som tvang eller makt og kva dei eventuelt måtte gjere dersom det skulle bli nødvendig å bruk det.

Dato: 18.12.09

Kari Vold Olsen
revisjonsleiar
Verner Bjerkvik
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Hyllestad kommune 15. oktober 2009, og er gjennomført av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Føremålet med tilsynet er å vurdere korleis verksemda ivaretek ulike myndigheitskrav gjennom sin internkontroll. Tilsynet omfattar undersøking om:

a. aktivitetar vert utført som beskrive og uttalt

b. verksemda driv si verksemd innanfor dei rammene som myndigheitene har sett

Heimel for Fylkesmannen sitt tilsyn er Lov om sosiale tenester § 2-6, der det står at Fylkesmannen pliktar å føre tilsyn med kommunen si verksemd etter kap. 4 og 4A og skal kontrollere at verksemda vert drive i samsvar med lova og forskrifta til lova.

Fylkesmannen kan utan hinder av teieplikta krevje innsyn i dei opplysningar som er nødvendige for at fylkesmannen kan utføre sine oppgåver. I samband med tiltak etter sotjl. kap 4A kan tilsynet gjennomføre tilsynsbesøk i bustaden utan brukaren sitt samtykke.

Dersom verksemd etter sotjl. kap. 4 og 4A vert drive på ein måte som kan ha skadelege følgjer for tenestemottakar eller på anna måte er uheldig eller uforsvarleg, kan Fylkesmannen gi pålegg om å rette opp forholdet.

Systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjonar inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar vert følgt opp i praksis, og om dei fysiske forhold tilfredstiller myndigheitskrava. Rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet.

Definisjonar på eit avvik og ein merknad er slik:

  • Avvik vert definert som brot på vilkår gjeve i gjeldande lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet finn
  • at det er nødvendig å peike på forhold som kan forbetre tenesta, med utgangspunkt i dei

krav som blir sett iregelverket

2. Omtale av verksemda -spesielle forhold

Hyllestad kommune hadde pr 2009 1474 innbyggjarar, og 8 personar med diagnosen psykisk utviklingshemming som mottek tenester frå kommunen etter lov om sosiale tenester kap. 4.

Alle desse er heimebuande, og tenestene vert ytt til dels i heimen.

Kommunen har organisert tenesta som ein avdeling under heimetenestene. Omsorgsleiar Liv Hilde Robinson har det overordna faglege ansvaret for kapittel 4A og har og det økonomiske ansvaret. Målfrid Sognnes er avdelingsleiar i heimenenestene og vernepleiar Gry Herland er koordinator for tenestene til desse brukarane.

Tilsynet vart gjennomført over ein dag. Det vart halde opningsmøte og gjennomført 7 intervju med tilsette som har ansvar og/eller oppgåver knytte til emnet for tilsynet. Tilsynet gjennomførte og eit besøk i ein bustad. Tenestemottakarane og foreldra var til stades.

På sluttmøte vart førebels resultat presentert for kommunen.

3. Dokumentunderlag

Dokumentunderlag for kontrollen var :

  • Organisasjonskart for Hyllestad kommune
  • Delegasjonsreglement
  • Rutiner for opplæring hjå den einskilde brukar
  • 5 enkeltvedtak
  • 5 individuelle planar
  • 2 avviksmeldingar
  • Turnusplan for miljøarbeidarane
  • Oversikt på brukarar
  • Permar med ulike rutinar for daglege aktivetatar for
  • Møtereferat

4. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei utsendt 14.08.09

Fylkesmannen mottok dokumentasjon frå kommunen 04.09.09

Dagsorden vart sendt kommunen 09.09.09

Tilsynet med opningsmøte, intervju og sluttmøte var gjennomført 15.10.09

5. Reviderte områder

Tilsynsområde 1:
Sosiale tenester til personar med psykisk utviklingshemming – ved endring i behov

Det ble ikkje funne avvik eller påpeika merknader på dette området.

Tilsynsområde 2:
Ulovleg bruk av makt og tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming.

Det ble ikkje funne avvik eller påpeika merknader på dette området.  

6. Deltakarar ved tilsynet

Oversikt over personar som deltok i tilsynet frå Hyllestad kommune:

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Målfrid Sognnes

avdelingsleiar

x

x

Gry Herland

koordinator

x

x

Hilde Skjerping

hjelpepleiar

x

x

Liv Kirsten Hofsvik

x

x

Arny Høydal

hjelpepleiar

x

x

Liv Hilde Robinson

omsorgsleiar

x

x

Jens Chr. Lundeland

rådmann

x


Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane møtte følgjande personar:

Kari Vold Olsen, tilsynsleiar
Verner Bjerkvik, revisor