Helsetilsynet

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Temaet for tilsynet var om kommunen sikrar at pasientane ved sjukeheimen får forsvarleg legemiddelbehandling. Vi såg på korleis dette vart teke i vare både ved innskriving og utskriving samt under sjølve opphaldet. Med legemiddelbehandling meiner vi i denne samanhengen den farmakologiske behandlinga med legemiddel som pasientane ved sjukeheimen mottek.

Tilsynet har undersøkt om legemiddelbehandlinga til pasientane vert følgt opp systematisk, om det ligg føre nødvendig dokumentasjon av denne behandlinga og om dokumentasjonen er tilgjengeleg for dei som treng han.

Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under dette tilsynet. 

Dato: 19.05.2009

Einar Hovlid
revisjonsleiar
Anne Eli Wangen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Førde sjukeheim i perioden 9.2.2009 – 19.5.09 . Revisjonen går inn som ein del av Helsetilsynet i Sogn og Fjordane sine planlagde tilsyn for dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved dokumentgransking, intervju og eventuelt andre undersøkingar.

Rapporten handlar om eventuelle avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sjukeheimen i Førde er organisert i tre einingar, to somatiske og ei demenseining. Kvar av desse vert leia av ein einingsleiar. Einingsleiarane har personalansvar, økonomiansvar og det faglege ansvaret for si eining. Institusjonen har plass til 72 bebuarar. Pasientgruppa er stabil, då kommunen i hovudsak har langtidsplassar og få korttidsplassar. Sjukeheimen har status som undervisningssjukeheim.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 9.2.09. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Verifikasjon
I forkant av tilsynet vart 20 pasientjournalar gjennomgått.

Opningsmøte vart halde 2.4.09.

Intervju
10 personar vart intervjua.

Sluttmøte vart halde 2.4.09.

4. Kva tilsynet omfatta

Temaet for tilsynet var om kommunen sikrar at pasientane ved sjukeheimen får forsvarleg legemiddelbehandling. Vi såg på korleis dette vart teke i vare både ved innskriving og utskriving samt under sjølve opphaldet. Med legemiddelbehandling meiner vi i denne samanhengen den farmakologiske behandlinga med legemiddel som pasientane ved sjukeheimen mottek.

Tilsynet har undersøkt om legemiddelbehandlinga til pasientane vert følgt opp systematisk, om det ligg føre nødvendig dokumentasjon av denne behandlinga og om dokumentasjonen er tilgjengeleg for dei som treng han. Vidare har vi undersøkt om kommunen sikrar nødvendig kompetanse hos lege og anna personell som er involvert i legemiddelbehandlinga, samhandlinga mellom dei ulike som deltek i behandlinga og leiinga si overordna styring.

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under dette tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om helseteneste i kommunen
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om pasientrettar
  • Lov om statleg tilsyn ned helsetenesta
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om sjukeheim og buform med heildøgns pleie og omsorg
  • Internkontrollforskrifta
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene i kommunen
  • Forskrift om legemiddelhandtering

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over då revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Styringssystem med årshjul
  • Delegasjonsreglement og leiaravtalar
  • Avtale med NOKLUS
  • Oversikt over tilsette
  • Individuell avtale om allmennpraksis
  • Notat – Normering av legetenesta i Førde undervisningssjukeheim
  • Styrande dokument, økonomiplan 2008
  • Rutinar knytt til journalføring, legemiddelhandtering og legeoppgåver
  • Kompetanseplan
  • Tabell over melde medikamentavvik 2008
  • Journalar og medikamentkort for totalt 90 pasientar

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:

  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane med varsel om tilsyn, 9.2.09
  • Brev frå Førde kommune med dokumentasjon, 13.3.09
  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane med program for tilsynsdagen, 16.3.09

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Gunn Beathe Bruland

Tenesteleiar

x

x

x

Unni Bruland Aasen

Tenesteleiar

x

x

x

Kurt Even Andersen

Konst kommunalsjef

x

x

x

Håkon Fimland

Fung rådmann

x

x

Catrine Andresen

Utviklingskoordinator

x

x

x

Helge Bell

Tilsynslege

x

x

x

Kari Bente Ueland Tefre

Sjukepleiar

x

x

x

Olga H. Bolset

Sjukepleiar

x

x

x

Anita E. Hole

Sjukepleiar

x

x

x

Linda Hønsi

Sjukepleiar

x

x

x

Eiliv Hånes

Tilsynslege

x

x

x

Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen, revisor
Seniorrådgjevar Turid Måseide, revisor
Ass.fylkeslege Einar Hovlid, revisjonsleiar