Helsetilsynet

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Temaet for tilsynet var om kommunen sikrar at pasientane ved sjukeheimen får forsvarleg legemiddelbehandling. Vi såg på korleis dette vart teke i vare både ved innskriving og utskriving samt under sjølve opphaldet. Med legemiddelbehandling meiner vi i denne samanhengen den farmakologiske behandlinga med legemiddel som pasientane ved sjukeheimen mottek.

Tilsynet har undersøkt om legemiddelbehandlinga til pasientane vert følgt opp systematisk, om det ligg føre nødvendig dokumentasjon av denne behandlinga og om dokumentasjonen er tilgjengeleg for dei som treng han.

Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under dette tilsynet.

Dato: 28.5.09

Einar Hovlid
revisjonsleiar
Anne Eli Wangen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Hornindal sjukeheim i perioden 9.2.09 - 28.5.09. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Sogn og Fjordane i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved dokumentgransking, intervju og eventuelt andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Hornindal sjukeheim har 23 plassar. 22 av desse er langtidsplassar og ein er korttidsplass. Sjukeheimen har ikkje eiga demensavdeling, men der er eit eige dagtilbod for demente pasientar nokre dagar i veka. Kommunen arbeider for å utvide dette tilbodet. Sjukeheimen er delt inn i tre grupper. Personalet arbeider på tvers av desse gruppene.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 9.2.09. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Verifikasjon
I forkant av tilsynet vart 20 pasientjournalar gjennomgått.

Opningsmøte vart halde 5.5.09.

Intervju
7 personar vart intervjua.

Sluttmøte vart halde 5.5.09.

4. Kva tilsynet omfatta

Temaet for tilsynet var om kommunen sikrar at pasientane ved sjukeheimen får forsvarleg legemiddelbehandling. Vi såg på korleis dette vart teke i vare både ved innskriving og utskriving samt under sjølve opphaldet. Med legemiddelbehandling meiner vi i denne samanhengen den farmakologiske behandlinga med legemiddel som pasientane ved sjukeheimen mottek.

Tilsynet har undersøkt om legemiddelbehandlinga til pasientane vert følgt opp systematisk, om det ligg føre nødvendig dokumentasjon av denne behandlinga og om dokumentasjonen er tilgjengeleg for dei som treng han. Vidare har vi undersøkt om kommunen sikrar nødvendig kompetanse hos lege og anna personell som er involvert i legemiddelbehandlinga, samhandlinga mellom dei ulike som deltek i behandlinga og leiinga si overordna styring.

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under dette tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om helseteneste i kommunane
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om pasientrettar
  • Lov om statleg tilsyn med helsetenesta
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om sjukeheim og buform med heildøgns pleie og omsorg
  • Internkontrollforskrifta
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene i kommunen
  • Forskrift om legemiddelhandtering

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Avtale med NOKLUS
  • Oversikt over tilsette ved sjukeheimen
  • Fastsetting av lokal norm for legedekning i sjukeheim
  • Stillingsomtalar
  • Oversikt over tal plassar ved sjukeheimen
  • Rutinar knytt til legeteneste/medikamenthandtering
  • Kompetanseutviklingsplan 2006 – 2009
  • Rutinar for registrering av avvik
  • Hovudstruktur for kvalitetssystemet
  • Oversikt over avviksregistreringar knytt til legemiddel
  • Legemiddelkort og pasientjournalar

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:

  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane med varsel om tilsyn, 9.2.09
  • Brev frå Hornindal kommune med dokumentasjon, 14.4.09
  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane med program for tilsynsdagen, 14.4.09

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Marte Kristi Utvær

Sjukepleiar

x

x

x

Olav Maurset

Tilsynslege

x

x

x

Peggy A Tronstad

Hjelpepleiar

x

x

x

Liv L Muldsvor

Områdeleiar

x

x

x

Annlaug Hole Nygård

Sjukepleiar

x

x

x

Lise Mari Haugen

Rådmann

x

x

Jorunn Rygg

Hjelpepleiar

x

x

x

Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen, revisor
Rådgjevar Astrid Tveit, revisor
Ass.fylkeslege Einar Hovlid, revisjonsleiar