Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomførte i perioden 11.02.09 – 20.05.09 tilsyn med sosial- og helsetenester til barn i barne- og avlastingsbustader i Selje kommune.

Tilsynet var avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande områder:

  • om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
  • om kommunen yter pleie og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
  • om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
  • om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn

Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2009 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader under tilsynet.

Dato: 26.05.09

Arne Røyrvik
revisjonsleiar
Beate Tollefsen
revisor

 

 

1. Innleiing

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6 og med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Selje kommune i perioden 11.02.09 – 20.05.09, gjennomførd av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Tilsynet er del av landsomfattande tilsyn i 2009 med kommunale sosial- og helsetenester til barn i barne og avlastingsbustader.

Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda oppfyller lovkrav innan dei tema tilsynet omfattar. Sjå nærare omtale av dette i kapittel 4.

Tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgivinga, som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket, og sosiale tenester etter sosialtenestelova, som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen. Statens helsetilsyn har gitt Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket i oppdrag å gjennomføre eit felles tilsyn med dette tenestetilbodet.

Fylkesmannen og Fylkeslegen har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre dette tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli samordna frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane si side.

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument og ved intervju. Dokumentgjennomgangen inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis. Ved synfaring vert det vurdert om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
  • Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer forhold som kan bli betre.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Selje kommune har om lag 2800 innbyggjarar. Avlastingsbustaden, Triveli, ligg på Leikanger omlag 2 mil frå Selje sentrum. Bustaden er forholdsvis ny, er privat eigd og leig ut til kommunen. Bustaden ligg i eit bustadområde i sentrum med kort veg til skule og leikeplass.

To personar over 18 år og 3 barn har tilbod om avlastingsopphald i bustaden annankvar- eller kvar fjerde helg. Det kan også vere avlastingstilbod i samband med ferie.

Kommunen har organisert verksemda med ein leiar for pleie- og omsorg. Under denne eininga ligg fleire tenesteområde med kvar sin avdelingsleiar. Leiar for vernepleietenesta har blant anna ansvar for avlastingsbustaden. I bustaden er det tilsett ein gruppeleiar med vernepleiarutdanning. I tillegg til å ha administrative oppgåver går gruppeleiaren i vanleg turnus. Med unnatak av gruppeleiaren og ein tilsett med helsefagleg utdanning frå vidaregåande skule er dei andre tilsette i bustaden ufaglærde.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding Melding om tilsyn vart sendt 11.02.09.

Opningsmøte Opningsmøte vart halde 15.04.09.

Intervju 7 personar vart intervjua.

Tilsynslaget hadde samtale med foreldre til to av barna.

Sluttmøte Sluttmøte vart halde 16.04.09

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet er avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande område:

  • om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
  • om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
  • om kommunen yter pleie og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
  • om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
  • om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om helsetenesta i kommunen
  • Lov om sosiale tenester
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om statleg tilsyn med helsetenesta
  • Kvalitetsforskrifta
  • Lov om pasientrettar
  • Forskrift om pasientjournal
  • Legemiddelhandteringsforskrifta

7. Dokumentunderlag

Verksemda sin eigen dokumentasjon:

  • Organisasjonskart
  • Kvalitetshandbok for tenesteeininga pleie- og omsorg
  • Turnusplan for Triveli
  • Samtykkeskjema for samarbeid med andre etatar
  • Prosedyre for føring av pasientdokumentasjon
  • Prosedyre for oppretting av individuell plan
  • Prosedyre for oppretting av pleieplan
  • Prosedyre for bruk av tvang
  • Handlingsplan for helse- og sosialpersonell
  • Ansvar og oppgåve for avdelingsleiar vernepleietenesta
  • Kompetanse, ansvar og oppgåver for vernepleiar i verna bustad
  • Kompetanse, ansvar og oppgåver for miljøterapeut i verna bustad
  • Kompetanse, ansvar og oppgåver for assistent i verna bustad
  • Oppgåver for primærkontaktane i verna bustad
  • Kompetanse, ansvar og oppgåver for gruppeleiar
  • Registreringskort (IPLOS), søknad/vedtak og individuell plan for 5 brukarar

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • Tre brukarmapper
  • Tre brukarpermar
  • Dagsplan for personale
  • Rutinar for akuttmedisinering
  • Rutinar for stell og pleie av brukar
  • Synfaring av bustaden og uteområde

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Selje kommune – melding om tilsyn, 11.02.09
  • Brev med vedlegg frå Selje kommune til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane - dokumentasjon, 10.03.09
  • Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Selje kommune – dagsorden, 18.03.09
  • Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet til foreldre/pårørande – tilbod om samtale, 18.03.09

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over personar som blei intervjua

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Åse Elin Hole

pleie- og omsorgsleiar

X

X

X

Jens Erling E. Lillebø

avdelingsleiar vernepleietenesta

X

X

X

May-Britt Kolberg

gruppeleiar/vernepleiar

X

X

X

Sylvi Eltvik

assistent

X

X

X

Aud Borgund

assistent

X

X

X

Janne Lund

assistent

X

X

X

Reidar Sandviknes

rådmann

X

X

X

Thor Øyvind Larsen

rehabiliteringskoordinator

X

X

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Arne Røyrvik revisjonsleiar
Astrid Tveit revisor
Beate Tollefsen revisor