Helsetilsynet

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for funna som vart gjort innan dei områda tilsynet omfatta. Tema for tilsynet var Helse Førde si planlegging, gjennomføring, evaluering og korrigering av rutinar, prosedyrar og praksis som gjeld vikarordningane og bruken av vikarar ved Helse Førde, Lærdal sjukehus.

Vi fokuserte på planleggingsarbeid knytta til vikarbruk, rekruttering og tilsetting av vikarar, introduksjon, opplæring og oppfølgjing av vikarar, kommunikasjon og samhandling mellom fast tilsette og vikarar, rutinar for dokumentasjon og rapportering, bruk av kunnskap om og erfaringar med vikarar og vikarordningane, risikovurderingar og evaluering av vikarbruken og vikarordningane.

Helse Førde HF har organisert tenestene sine i tverrgåande klinikkar, dei fleste med aktivitetar på dei ulike sjukehusa i fylket. Dette tilsynet var retta mot medisinsk klinikk sin medisinske sengepost og støttefunksjonen overvaking/oppvaking ved Lærdal sjukehus. I tillegg var tilsynet retta mot kirurgisk klinikk sin ortopediske sengepost og støttefunksjon anestesi ved sjukehuset.

Helse Førde har ei målsetting om å redusere vikarbruken ved Lærdal sjukehus. Omfanget av legevikarar og sjukepleiarvikarar ved dei avdelingane tilsynet omfatta varierer både når det gjeld tal på vikarar, når det vert nytta vikarar, kor ofte det vert nytta vikarar og kor lenge dei ulike vikarane er på huset. Det er ingen fast tilsette anestesilegar ved sjukehuset. Det er ingen planlegging eller evaluering på tvers av klinikkane når det gjeld bruk av vikarar og vikarordningane.

Ansvar og oppgåver knytta til rekruttering og tilsetting er delt på fleire. Stikkprøve synte at det mangla dokumentert autorisasjon på ein sjukepleievikar. Dokumentasjon vart skaffa fram i løpet av tilsynet.

Vikarane vert rekrutterte på ulike måtar. Legar vert rekrutterte gjennom kollegakjennskap og legevikarane ”går god for” kvarandre. Det vert også nytta vikarbyrå til rekruttering av sjukepleiarar. Introduksjon/opplæring av anestesilegevikarane vert i stor grad ivareteke av anestesisjukepleiar.

Det er manglar ved vikarane sin tilgang til journalsystemet, og legevikarene sin dokumentasjon og journalføring er mangelfull på nokre område.

Helse Førde HF har eit elektronisk system for å melde uønska hendingar (avviksystemet Synergi). Dei tilsette kjenner til systemet, men ikkje alle vikarar har fått opplæring i bruk av systemet. Få avvik vert melde. Det vert ikkje etterspurt avvik som gjeld vikarar og vikarbruken. Fast tilsette og vikarar sine erfaringar vert ikkje etterspurt eller brukt til systematiske evalueringar av vikarordningane. Det er ikkje gjennomført risikovurderingar av vikarbruken ved Lærdal sjukehus.

Ved tilsynet vart det gjeve eit avvik:

Helse Førde si handtering av den auka risikoen ved den samla vikarbruken på Lærdal sjukehus er ikkje tilfredstillande.

Dato: 12.03.09

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar
Turid Måseide
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Helse Førde HF, Lærdal sjukehus i perioden 17.11.08 – 12.03.09. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gjeve i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold


Helse Førde HF har organisert tenestene sine i tverrgåande klinikkar, dei fleste med aktivitar på dei ulike sjukehusa i fylket. Klinikkdirektør medisinsk klinikk har administrativt ansvar for medisinsk avdeling sin medisinske seksjon ved Helse Førde, Lærdal sjukehus. Overvaking/oppvaking og medisinsk sengepost er del av denne seksjonen som vert leia av seksjonsleiar/sjukepleiar. Ansvaret for det medisinskfaglege er lagt til ein av overlegane ved seksjonen som også bidreg i arbeidet med å rekruttere legevikarar. Seksjonsleiar har ansvar for å rekruttere sjukepleiarar til desse einingane. Sjukepleiar 1 med administrativt ansvar ved medisinsk sengepost og ved overvaking/oppvaking bidreg også i rekrutteringsprosessen.

Klinikkdirektør kirurgisk klinikk er administrativt ansvarleg for Helse Førde sin avdeling for akuttmedisin og ortopedisk avdeling. Avdeling for akuttmedisin er leia av avdelingssjef/overlege, som har den daglege verksemda si ved Sentralsjukehuset. Avdelinga er delt i hospital seksjon og prehospital seksjon med kvar sin seksjonsleiar. Eining anestesi/operasjon Lærdal sjukehus er del av hospital seksjon. Avdelingssjef har ansvar for rekruttering og fagutvikling, og den daglege drifta ved denne eininga har konstituert oversjukepleiar AAM ansvaret for. Ansvaret for å rekruttere og tilsette sjukepleievikarar er også lagt til denne stillinga.

Ortopedisk seksjon Lærdal sjukehus er leia av oversjukepleiar som også har ansvar for å rekruttere og tilsette sjukepleievikarar til ortopedisk sengepost. Seksjonsoverlege ortopedi Lærdal sjukehus er ansvarleg for dagleg drift og har også ansvaret for å rekruttere og tilsette ortopediske legevikarar.

Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn med omlag 30.000 innbyggjarar. Dette omfattar kommunane Lærdal, Årdal, Aurland, Sogndal, Luster, Leikanger og Vik. I tillegg har sjukehuset mange pasientar frå nabofylka Hordaland, Buskerud og Oppland, og turistar/gjestepasientar frå andre områder.

Sjukehuset har avdelingar for indremedisin og kirurgi, kvinnesjukdomar og fødselshjelp samt dei medisinske støttefunksjonane; overvaking/oppvaking, anestesi, operasjon, røntgen og laboratorium. Sjukehuset har poliklinikkar innan indremedisin, kirurgi, kvinnesjukdomar, hud, barn og øyre/nase/hals.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 17.11.08. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gjeve i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 10.02.09.

Intervju
21 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gjeve i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 11.02.09.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var Helse Førde si planlegging, gjennomføring, evaluering og korrigering av rutinar, prosedyrar og praksis som gjeld vikarordningane og bruken av vikarar ved Helse Førde, Nordfjord sjukehus.

Vi la til grunn ei vid forståing av omgrepet vikar. Med vikar meiner vi i denne samanhengen både kortidsvikarar og langtidsvikarar, vikarar som har arbeidd på sjukehuset mange gonger, og vikarar som kun er tilsette i sommarferie og kortare vikariat.

Vi fokuserte på:

  • planleggingsarbeid knytta til vikarbruk
  • rekruttering og tilsetting av vikarar
  • introduksjon, opplæring og oppfølgjing av vikarar
  • kommunikasjon, samarbeid og samhandling mellom fast tilsette og vikarar
  • rutinar for dokumentasjon og rapportering
  • bruk av kunnskap om og erfaringar med vikarar og vikarordningane
  • risikovurderingar og evaluering av vikarbruken og vikarordningane.

Dette tilsynet var avgrensa til vikarordningane og bruken av vikarar ved medisinsk sengepost, ortopedisk sengepost, overvaking/oppvaking og anestesi.

5. Funn

Avvik:

Helse Førde si handtering av den auka risikoen ved den samla vikarbruken på Lærdal sjukehus er ikkje tilfredstillande.

Avvik frå

Lov om spesialisthelsetenester § 2-2 jf. internkontrollforskrifta § 4

  • Helse Førde HF har målsetting om å redusere vikarbruken ved Lærdal sjukehus. Det vert i ulik grad nytta lege og sjukepleiar vikarar mellom anna innan anestesi, operasjon, medisin, ortopedi og oppvaking/overvaking. Det vert nytta fleire og ulike ordningar for å rekruttere vikarar. Det er ingen fast tilsette anestesilegar ved verksemda. Det er ein anestesilegevikar på vakt 1 - 3 veker i gongen. 11 ulike anestesilegevikarar var tilsette i 2008. Det er planlagt at 11 anestesilegevikarar skal ha vaktveker ved sjukehuset første halvår 2009. Avtale om rekruttering av anestesilegevikarar inneber dekking av behovet for anestesilegar for eitt år i gongen. Det vil difor ikkje verte tilsett anestesilege i fast stilling i denne perioden.
  • Ansvar og mynde knytta til rekruttering og tilsetting av lege- og sjukepleiarvikarar er plassert. Oppgåvene er fordelte på fleire tilsette i organisasjonen. Det vart opplyst at alle vikarar skal ha norsk autorisasjon. Ved stikkprøve mangla dokumentasjon på offentleg autorisasjon til ein sjukepleiarvikar. Autorisasjons-nummer vart henta inn i løpet av tilsynet.
  • Det er etablert stabile nettverk av svenske og danske legar og sjukepleiarar som sjukehuset brukar som vikarar. I tillegg vert det i periodar nytta vikarbyrå til rekruttering av sjukepleiarar. Dei intervjua opplyste om at legar i stor grad vert rekrutterte gjennom andre kollegaer. Dei medisinske legevikarane vert rekrutterte på denne måten. ”Kollegarekruttering” kan også verte nytta for å rekruttere sjukepleiarar til overvaking/oppvakingspost. Desse vikarane ”går god for” kvarande.
  • Anestesilegane vert også rekrutterte gjennom ”personleg kjennedom”. Verksemda har gjort avtale med ein av anestesilegevikarane om rekruttering av anestesilegevikarar. Denne anestesilegevikaren fungerer som koordinator for gruppa, og han ”går god” for vikarane. Det vart opplyst at anestesilegevikarane ved Lærdal sjukehus ikkje har samarbeid med eller felles forum med dei andre anestesilegane i Helse Førde.
  • Det er etablert rutinar for introduksjon og opplæring av vikarar. Anestesi-legevikarane overlappar kvarandre ein dag. Det vart opplyst at anestesilegane sin introduksjonspakke kan forbetrast, men at legane støttar seg til sjukepleiarane. Det har hendt at ny sjukepleievikar på medisinsk sengepost ikkje har fått meir enn ei opplæringsvakt. Vikarar som tidlegare har arbeidd på overvaking/oppvakinga, går etter ei kort innføring rett på vakt.
  • Det er vurdert kva oppgåver som vikaren kan ta ansvar for og kva støtte som er nødvendig. På overvakinga/oppvakinga vil der alltid vere minst ein kjend sjukepleiar på nattevakt. Når alle sjukepleiarar på vakt på medisinsk sengepost er vikarar, vil det alltid vere minst ein kjend hjelpepleiar til stades.
  • Det vart opplyst at alle vikarar skal ha eigen tilgang til og skal bruke denne tilgangen til elektronisk journalsystem. Gjennom intervju og stikkprøvar gjekk det fram at enkelte av vikarane ikkje hadde tilgang til journalsystemet. I slike situasjonar brukar vikarane andre sin tilgang for å dokumentere eiga pasientbehandling. Leiarane var kjende med problemstillinga og opplyste at dette var eit teknisk problem som var meldt vidare til IKT-Helse Vest.
  • Gjennom intervju og ved stikkprøvar av vikarar sin journalføring gjekk det fram at anestesilegar dokumenterer i anestesijournal og sjeldan skriv notat i fortløpande journal. Det vart opplyst at turnuslege ved nokre høve dokumenterer/skriv notat på vegne av anestesilege.
  • Gjennom intervju gjekk det fram at det er varierande kvalitet på dokumentasjon i fortløpande journal på inneliggande medisinske pasientar. Dette er kjent for avdelingsleiinga, og det vert jobba med å forbetre praksis.
  • Gjennom intervju gjekk det fram at når det vert oppdaga feil i legevikarane si journalføring eller koding, vert dette teke opp direkte med den det gjeld. Slike erfaringar vert ikkje registrerte eller etterspurde.
  • Det vert ikkje teke omsyn til vikarbehovet og vikarbruk på tvers mellom klinikkane, avdelingane og seksjonane ved planlegging av verksemd og utarbeiding av arbeidsplanar.
  • Fast tilsette og vikarar sine erfaringar når det gjeld kommunikasjon, samarbeid og samhandling vert i ulik grad etterspurt av mellomleiinga, men slik kunnskap vert ikkje lagra på ein systematisk måte. Fast tilsette sine negative erfaringar vert meldt munnleg til leiar og handtert. Personell som ikkje fungerer får ikkje kome att.
  • Det er etablert eit system for å melde avvik. Dei fleste av dei intervjua kjende til at dei har eit slikt system. Ikkje alle vikarar har fått opplæring i systemet eller kjenner til bruken av systemet. Det vart opplyst at få avvik vert melde. Det vert gjeve få tilbakemeldingar på melde avvik. Avviksmeldingar kjem ikkje alltid fram til rette mottakar. Avviksmeldingar som gjeld vikarordninganane og vikarbruken vert ikkje etterspurt av leiinga. Avviksystemet vert opplevd som lite funksjonelt.
  • Dei intervjua kjenner ikkje til om det er gjort risikovurderingar når det gjeld den samla vikarbruken. Det vert opplevd at det er ”tette skott” mellom klinikkane.
  • Helse Førde HF evaluerer ikkje vikarbruken ved Lærdal sjukehus på ein systematisk måte for å vurdere risiko for svikt i pasientbehandlinga. Det er ikkje gjort vurderingar av kva risiko den samla vikarbruken inneber.

Kommentar:
Helsetenester som vert gjeve etter spesialisthelsetenestelova § 2-2 skal vere forsvarlege. Dette inneber mellom anna at verksemda skal ha tilstrekkeleg personell og kvalifisert personell i høve dei oppgåvene som skal løysast. Verksemda skal sørge for nødvendig opplæring, også av nytilsette og vikarar, jf. internkontrollforskrifta § 4 c)

Verksemda skal sørge for forsvarlege informasjons- og kommunikasjonssystem jf. spesialisthelsetenestelova § 3-2, slik at relevant og nødvendig pasientinformasjon for behandling av pasientane vert formidla og motteke mellom helsepersonell. Dette gjeld for både fast tilsette og vikarar. Verksemda må også sikre at dei tilsette dokumenterer i journal i samsvar med krav i helsepersonellova og journalforskrifta.

Gjennom internkontrollen skal dei ansvarlege for verksemda sikre at tenestene er organiserte, vert planlagde og drive på ein måte som sikrar pasientane forsvarleg helsehjelp. Det inneber mellom anna at det er utarbeidd mål for verksemda, og at vikarbruken vert vurdert i høve desse. Verksemda skal på ein systematisk måte overvake drift og resultat, jf. internkontrollforskrifta § 4 g). Som eit ledd i dette må drifta evaluerast, også med tanke på vikarbruken. Avviksmeldingar og erfaringar frå både brukarar og tilsette skal brukast i dette arbeidet, jf. internkontrollforskrifta § 4 d), e), g). Verksemda skal også gjere systematiske gjennomgangar for å finne fram til område der det er fare for svikt eller brot på regelverk, jf. internkontrollforskrifta § 4 f).

Ansvar, oppgåver og mynde knytta til rekruttering, tilsetting, opplæring og oppfølgjing av vikarar skal vere plassert, jf. internkontrollforskrifta § 4 a). Det skal vere styring med og rutinar for dette arbeidet.

6. Regelverk

  • Lov om spesialisthelsetjenesten m.m av 02. juli 1999 nr. 61
  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
  • Lov om helsepersonell mv. av 2.juli 1999 nr. 64
  • Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.desember 2002 nr. 1731

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Dokument som syner korleis ansvar og mynde er plassert i Helse Førde HF - Organisasjonskart for verksemda
  • Delegasjon av fullmakter – økonomi Kirurgisk klinikk
  • Retningslinjer – økonomifullmakter – Medisinsk klinikk
  • Delegasjonsreglement for personaladministrasjon i Kirurgisk klinikk
  • Delegasjonsreglement for personaladministrasjon i Medisinsk klinikk
  • Driftsoversikt over Helse Førde HF 2008 (e-post)
  • Statistisk framstilling- avviksmeldingar 2007 og 2008
  • Oversikt over klagesaker frå privatpersonar til Helse Førde HF 2007 og 2008
  • Oversikt over tilsynssaker frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 2007 og 2008
  • Oversikt over NPE-saker Helse Førde HF 2007 og 2008
  • Oversikt over tilsette i Helse Førde HF (e-post)
  • Prosess for rekruttering i Helse Førde, fast stilling
  • Prosess for rekruttering i Helse Førde, tilsetting i mellombels stilling
  • Rapportar frå interne revisjonar 2008 ved kvinneklinikken/gyn, psykiatrisk klinikk, medisinsk avdeling NSH og om smittevern i Helse Førde
  • Prosedyre for:
    intern revisjon
    arbeidsflyt dokument – rutinar for godkjenning
    digital diktering i Helse Førde
    epikriseskriving
    poliklinisk notat/epikrise – rutinar for utskriftshandtering til eksterne mottakarar
    prosedyre for oppretting og skriving av diktat ved akutt overflytting av pasient mellom sjukehus
    retting og sletting av dokument i Dips
    rutine for oppretting/skriving og utskrift av epikrise
    EDI-utsending av epikrise
    Rutine for sending av Dips dokument internt i Helse Førde
    Operasjonsplanlegging – overordna rutine – ansvarsforhold
  • Program for mottak av nye turnuslegar i Helse Førde hausten 2008
  • ”Retningslinjer for godkjenning/signering av pasientdokumentasjon”
  • Telefonliste OVOP og ekstrahjelp ved OVOP
  • Oversikt over personell- medisinsk seksjon Lærdal sjukehus
  • Kopi skjema – intern melding om vikarinnleige medisinsk avd. Lærdal sjukehus for overlegevikar Kurt Andersson, Bengt Hill, Jan Ryde, Arne Rindner, Maria Tjerneld, Klaus Dideriksen, Filip Jacobsson, og Jonas Hallgren
  • Vaktplan medisinsk sengepost Lærdal sjukehus overlegevikarar og tilsette legar sommar 2008 og januar – mars 2008
  • Arbeidsplan sjukepleiarar og hjelpepleiarar medisinsk sengepost januar-mars 2009
  • Arbeidsplan sjukepleiarar og hjelpepleiarar medisinsk sengepost sommar 2008
  • Arbeidsplan overvaking OVOP sommar 2008
  • Arbeidsplan overvaking OVOP januar – mars 2009
  • Kopi - Vaktbok OVOP 23.06.08 - 24.08.08
  • Brev frå oversjukepleiar OVOP til HR-direktør Larsen av 09.01.09 med:
    Oversikt over personell; fast tilsette, vikarar og tilkallingshjelp anestesiavdelinga Lærdal sjukehus
    Oversikt over tilsette som tek hand om praktisk arbeid med rekruttering og tilsetting
    Rutinar for føring av journal
    Avviksmeldingar for sommarferien 2008
    Vaktplan /turnusplan for legar og pleiepersonell jan-mars 2009 og sommarferien 2008
    Kopi av avtale ved. Koordinering av anestesioverlegestafett ved Lærdal sjukehus 2008 – overlege Thomas Mohr
  • Notat frå oversjukepleiar ortopedisk avdeling Lærdal sjukehus med vedlegg
    Opplæring i Dips for nytilsette og vikarar
  • Kopi – dagens vaktbok 10.02.09 ortopedisk sengepost
  • Vaktplan turnuslegar januar – mars 2009
  • Vaktplan turnuslegar sommar 2008
  • Vaktplan overlegar ort. avd. sommar 2008
  • Vaktplan overlegar januar-mars 2009
  • Vaktliste legar ortopedi Lærdal sjukehus juni-juli 2008
  • Arbeidsplan sjukepleiarar og hjelpepleiarar ortopedisk sengepost januar – mars 2009
  • Oversikt over tilsette ortopedisk sengepost Lærdal sjukehus
  • Arbeidsplan sjukepleiarar og hjelpepleiarar ortopedisk sengepost sommar 2008

Stikkprøvar:

  • Tilgang til DIPS journalsystem for 18 sjukepleievikarar og 14 overlegevikarar
  • Dokumentasjon i 5 ulike journalar til dei same 18 sjukepleievikarane og 14 overlegevikarane

Dokumentasjon som blei lagt fram under revisjonsbesøket:

  • Oversikt over utleige av sjukepleievikarar frå Transmedica til Lærdal sjukehus medisinsk avdeling veke 2- 24, 2009
  • Vaktplan for anestesioverlege 2008
  • Vaktplan for anestesioverlege 2009 (veke 1-43)
  • Årsoversikt legevikarar med. avdeling 2008
  • Oversikt over deltidlegar og vikarar med. avdeling 2009
  • Årsoversikt over ortopediske legevikarar 2008
  • Oversikt over ortopediske legevikarar 2009 (veke 4-25)
  • Dokumentasjon på autorisasjon/Helsepersonellnummer til ein legevikar og to sjukepleievikarar
  • Sjekkliste – kompetanseoversikt personell overvaking/oppvaking (årleg utsjekking på sentrale prosedyrar)
  • ”Opplæringsplan for nytilsette sjukepleiarar ved medisinsk avdeling Lærdal sjukehus”
  • Introduksjonshefte – medisinsk avdeling Lærdal sjukehus
  • Instruks - Funksjonsbeskriving av sjukepleiar 1 med adm. arbeid Medisinsk seksjon Lærdal sjukehus

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:

  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF av 17.11.08 – melding om tilsyn
  • Brev frå Helse Førde HF til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 19.12.08
  • E-post frå Helse Førde HF v/ Mai- Liss Larsen til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 06.01.09 – kontaktperson i Helse Førde
  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF av 06.01.09
  • E-post med vedlegg frå Helse Førde HF til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 19.01.09 – ”ansatteopplysningar”
  • E-post med vedlegg frå Helse Førde HF til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 19.01.09 – ”driftsoversikt”
  • E-post med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 21.01.09 – dagsorden for tilsynet ved Lærdal sjukehus
  • Brev med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 21.01.09 – dagsorden for tilsynet ved Lærdal sjukehus
  • E-post med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 22.01.09 – oversikt over dokumentasjon - journalgjennomgang
  • E-post med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 29.01.09 – revidert dagsorden for tilsynet ved Lærdal sjukehus

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Gerd Anne Skalle

personalkonsulent

x

x

x

Marit Vangsnes Stadheim

sjukepleiar, medisinsk sengepost

x

Angelica Johanson

sjukepleiar, vikar medisinsk sengepost

x

Jakub Jerzy Frey

overlege, medisin

x

Grete Sjøvoll Hauglund

helsesekretær

x

x

Kurt Andersson

overlegevikar, medisin

x

Åsmund Bartnæs Rygg

turnuslege

x

Gry Katrine Kirkeluten

sjukepleiar 1 m/adm. oppgåver, medisin

x

x

Anja Myklemyr

oversjukepleiar, ortopedisk sengepost

x

x

x

Silje Marit Sundet Fosse

sjukepleiar, vikar ortopedisk sengepost

x

Dag Jonas L. Søderberg

overlege, ortopedi

x

Bjørn Eric Jungnelius

overlegevikar, anestesi

x

x

Harriet Monica Øberg

anestesisjukepleiar, vikar

x

Bjørghild Holien

sjukepleiar overvaking/oppvaking

x

Ingunn H. Heggestad

sjukepleiar 1 m/adm. oppgåver,

x

x

x

Elbjørg Tønjum

kontorleiar/avd.leiar servicesenteret

x

x

x

Truls Jellestad

seksjonsoverlege, ortopedi

x

x

Thomas Mohr

(telefonintervju)

overlegevikar, anestesi

x

Tom Norstrand

konst. oversjukepleiar, anestesi/operasjon

x

x

x

Albert Olaf Fedje

seksjonsleiar, medisin

x

x

x

Margun Thue

oversjukepleiar, ortopedisk sengepost

x

x

x

Olav Hesjedal

avd. sjef AAM

x

x

Johan Breidablikk

fagdirektør, Helse Førde

x

Arve Varden

klinikkdirektør, medisinsk klinikk

x

Anne Margrethe Øvsthus

klinikkdirektør, kirurgisk klinikk

x

Mai – Liss Larsen

HR-direktør

x

Frå tilsynsorganet deltok:
Ass. fylkeslege Einar Hovlid, revisor
Seniorrådgjevar Turid Måseide, revisor
Seniorrådgiver Brynhild Braut, observatør, Statens helsetilsyn
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen, revisjonsleiar