Helsetilsynet

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for funna som vart gjort innan dei områda tilsynet omfatta. Tema for tilsynet var Helse Førde si planlegging, gjennomføring, evaluering og korrigering av rutinar, prosedyrar og praksis som gjeld vikarordningane og bruken av vikarar ved Helse Førde, Nordfjord sjukehus.

Vi fokuserte på planleggingsarbeid knytta til vikarbruk, rekruttering og tilsetting av vikarar, introduksjon, opplæring og oppfølgjing av vikarar, kommunikasjon, samarbeid og samhandling mellom fast tilsette og vikarar, rutinar for dokumentasjon og rapportering, bruk av kunnskap om og erfaringar med vikarar og vikarordningane, risikovurderingar og evaluering av vikarbruken og vikarordningane.

Helse Førde HF har organisert tenestene sine i tverrgåande klinikkar, dei fleste med aktivitetar på dei ulike sjukehusa i fylket. Dette tilsynet var avgrensa til medisinsk klinikk sin medisinske sengepost og støttefunksjonen overvaking/oppvaking og kirurgisk klinikk sin støttefunksjon anestesi ved Nordfjord sjukehus.

Helse Førde har ei målsetting om å redusere vikarbruken ved Nordfjord sjukehus. Omfanget av legevikarar og sjukepleiarvikarar ved dei avdelingane tilsynet omfatta varierer både når det gjeld tal på vikarar, når det vert nytta vikarar, kor ofte det vert nytta vikarar og kor lenge dei ulike vikarane er på huset. Det er ingen fast tilsette anestesilegar ved sjukehuset. Det er ingen planlegging eller evaluering på tvers av klinikkane når det gjeld bruk av vikarar og vikarordningane.

Ansvar og oppgåver knytta til rekruttering og tilsetting er delt på fleire, og dei tilsette har ikkje felles forståing for kven som har ansvar for å kontrollere autorisasjonen til vikaren. Stikkprøve synte at det mangla dokumentert autorisasjon på ein sjukepleiarvikar.

Vikarane vert rekrutterte på ulike måtar. Legar vert rekrutterte gjennom kollegakjennskap og legevikarane ”går god for” kvarandre. Introduksjon/opplæring av anestesilegevikarane vert i stor grad ivareteke av anestesisjukepleiar.

Det er manglar ved vikarane sin tilgang til journalsystemet, og legevikarene sin dokumentasjon og journalføring er mangelfull på nokre område. Rapporteringa mellom medisinske legar ved vaktskifte kan bli betre.

Helse Førde HF har eit elektronisk system for å melde uønska hendingar (avviksystemet Synergi). Dei tilsette kjenner til systemet, men få avvik vert melde. Det vert ikkje etterspurt avvik som gjeld vikarar og vikarbruken. Fast tilsette og vikarar sine erfaringar vert ikkje etterspurt eller brukt til systematiske evalueringar av vikarordningane. Det er ikkje gjennomført risikovurderingar av vikarbruken ved Nordfjord sjukehus.

Ved tilsynet vart det gjeve eit avvik:

Helse Førde si handtering av den auka risikoen ved den samla vikarbruken på Nordfjord sjukehus er ikkje tilfredstillande.

Dato: 12.03.09

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar
Turid Måseide
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Helse Førde HF, Nordfjord sjukehus i perioden 17.11.08 – 12.03.09. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gjeve i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Helse Førde HF har organisert tenestene sine i tverrgåande klinikkar, dei fleste med aktivitetar på dei ulike sjukehusa i fylket. Klinikkdirektør medisinsk klinikk har administrativt ansvar for medisinsk avdeling sin medisinske seksjon ved Helse Førde, Nordfjord sjukehus. Seksjonen er leia av seksjonsleiar/overlege. Medisinsk sengepost og overvaking/oppvaking er del av denne seksjonen. Ansvar for å rekruttere sjukepleiarar/pleiepersonell til desse einingane er lagt til oversjukepleiar.

Klinikkdirektør kirurgisk klinikk er administrativt ansvarleg for verksemda si avdeling for akuttmedisin. Avdeling for akuttmedisin er leia av avdelingssjef/overlege, som har den daglege verksemda si ved Sentralsjukehuset. Avdelinga er delt i hospital seksjon og prehospital seksjon med kvar sin seksjonsleiar. Eining anestesi/operasjon Nordfjord sjukehus er del av hospital seksjon. Avdelingssjef har ansvar for rekruttering av anestesilegar og fagutvikling, oversjukepleiar har ansvaret for den daglege drifta ved denne eininga. Fagleiar anestesi har mellom anna fagansvar for anestesisjukepleien, og har også fått delegert oppgåva med å rekruttere anestesisjukepleievikarar.

Hovudopptaksområdet for Helse Førde, Nordfjord sjukehus er kommunane Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy, Selje og deler av Bremanger. Desse avdelingane har aktivitet ved sjukehuset: avdeling for akuttmedisin, akuttmottak, ambulansetenesta, augeavdeling, barneavdeling, avdeling for barnehabilitering, avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, forsyningsavdelinga, hudavdeling, kvinneklinikken, laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk avdeling, medisinsk-teknisk avdeling, ortopedisk avdeling, radiologisk avdeling og teknisk drift.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 17.11.08. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gjeve i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 03.02.09

Intervju

19 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gjeve i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 04.02.09.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var Helse Førde si planlegging, gjennomføring, evaluering og korrigering av rutinar, prosedyrar og praksis som gjeld vikarordningane og bruken av vikarar ved Helse Førde, Nordfjord sjukehus.

Vi la til grunn ei vid forståing av omgrepet vikar. Med vikar meiner vi i denne samanhengen både kortidsvikarar og langtidsvikarar, vikarar som har arbeidd på sjukehuset mange gonger, og vikarar som kun er tilsette i sommarferie og kortare vikariat.

Vi fokuserte på:

  • planleggingsarbeid knytta til vikarbruk
  • rekruttering og tilsetting av vikarar
  • introduksjon, opplæring og oppfølgjing av vikarar
  • kommunikasjon, samarbeid og samhandling mellom fast tilsette og vikarar
  • rutinar for dokumentasjon og rapportering
  • bruk av kunnskap om og erfaringar med vikarar og vikarordningane
  • risikovurderingar og evaluering av vikarbruken og vikarordningane

Dette tilsynet var avgrensa til vikarordningane og bruken av vikarar ved medisinsk sengepost, og støttefunksjonane overvaking/oppvaking og anestesi.

5. Funn

Avvik:

Helse Førde si handtering av den auka risikoen ved den samla vikarbruken på Nordfjord sjukehus er ikkje tilfredstillande.

Avvik frå:

spesialisthelsetenestelova § 2-2, jf. internkontrollforskrifta § 4

  • Helse Førde HF har målsetting om å redusere vikarbruken ved Nordfjord sjukehus. Det vert i ulik grad nytta lege og sjukepleiar vikarar mellom anna innan anestesi, operasjon, medisin og oppvaking/overvaking. Det vert nytta fleire og ulike ordningar for å rekruttere vikarar. Det er ingen fast tilsette anestesilegar ved verksemda. Det er ein anestesilegevikar på vakt 1 - 2 veker i gongen. 19 ulike anestesilegevikarar var tilsette i 2008. Det er planlagt at 18 av desse anestesilegevikarane skal ha vaktveker ved sjukehuset i 2009. Avtale om rekruttering av anestesilegevikarar inneber dekking av behovet for anestesilegar for eitt år i gongen. Det vil difor ikkje verte tilsett anestesilege i fast stilling i denne perioden.
  • Ansvar og mynde knytta til rekruttering og tilsetting av lege- og sjukepleievikarar er plassert. Oppgåvene er fordelte på fleire tilsette i organisasjonen. Det er ikkje felles forståing for kven som har oppgåva med å sjekke autorisasjonsstatus til vikarar. Ved stikkprøve fann vi at det ikkje kunne leggast fram kopi av dokument som syner gyldig norsk autorisasjon for ein av sjukepleiarane.
  • Dei intervjua opplyste om at legar i stor grad vert rekrutterte gjennom andre kollegaer. Det er etablert eit stabilt nettverk av svenske og danske legar og sjukepleiarar som sjukehuset brukar som vikarar. Verksemda har gjort avtale med to av anestesilegevikarane om å rekruttere anestesilegevikarar. Dei intervjua opplyste om at desse legane ”går god” for vikarane utan at Helse Førde hentar referansar frå tidlegare arbeidsgjevarar eller at det vert gjennomført intervju.
  • Det er etablert rutinar for introduksjon og opplæring av vikarar. Opplæring av anestesilegar i verksemda sine medisinske prosedyrar har avdelingssjef ansvar for, medan opplæring i andre rutinar er i stor grad lagt til fagleiar anestesi/ anestesisjukepleiar.
  • Dei intervjua opplyste om at det kunne vere vikarar i alle funksjonar og ingen fast tilsette på operasjonsstova på ein del vakter utanom på dagtid vekedagane. Det kan hende at sjukehuset i ein kort periode ved vaktskifte er utan anestesilege. Det vil då alltid vere to anestesisjukepleiarar på vakt og situasjonen vil vere klarert med fødeavdelinga, ortopedisk- og medisinsk avdeling. På overvakinga vil der alltid vere minst ein fast tilsett i tillegg til vikarar.
  • Gjennom intervju gjekk det fram at det vert nytta lite tid til overlapping og rapportering av pasientinformasjon i vaktskifte mellom medisinske legar. Det gjekk også fram at sjukepleiarane ved overvakinga opplevde at dei måtte sikre at legar vart oppdaterte og fekk nødvendig informasjon om pasientane dei skulle overta ansvaret for. Dei medisinske overlegane deltek ikkje i rapportmøte til turnuslegane på ettermiddagen.
  • Det vart opplyst at alle vikarar skal ha eigen tilgang til og skal bruke denne tilgangen til elektronisk journalsystem. Gjennom intervju og stikkprøvar gjekk det fram at enkelte av vikarane ikkje hadde tilgang til journalsystemet. I slike situasjonar brukar vikarane andre sin tilgang til journalsystemet for å dokumentere pasientbehandling. Leiarane var kjende med problemstillinga og opplyste at dette var eit teknisk problem som var meldt vidare.
  • Gjennom intervju og ved stikkprøve av journalnotat er det varierande kvalitet på vikarlegar sin journaldokumentasjon med omsyn til vurdering og konsekvensar av funn og ansvar for vidare tiltak. Dette er kjent for leiinga (medisinsk fagleg ansvarlege).
  • Gjennom intervju og ved stikkprøvar av vikarar sin journalføring gjekk det fram at anestesilegar dokumenterer i anestesijournal og sjeldan skriv notat i fortløpande journal.
  • Det vert ikkje teke omsyn til vikarbehovet og vikarbruk på tvers mellom avdelingane ved planlegging av verksemd og utarbeiding av arbeidsplanar.
  • Fast tilsette og vikarar sine erfaringar når det gjeld kommunikasjon, samarbeid og samhandling vert ikkje etterspurt av mellomleiinga. Slik kunnskap vert ikkje lagra på ein systematisk måte. Fast tilsette sine negative erfaringar vert likevel meldt munnleg til leiar og handtert. Personell som ikkje fungerer får ikkje kome att. Denne kunnskapen er ikkje vorte dokumentert.
  • Det er etablert eit system for å melde avvik. Dei intervjua kjende til at dei har eit slikt system. Få avvik vert melde. Avviksmeldingar som gjeld vikarordninganane og vikarbruken vert ikkje etterspurt av leiinga. Dei tilsette opplever at avviksystemet er lite funksjonelt.
  • Dei intervjua kjenner ikkje til om det er gjort risikovurderingar når det gjeld den samla vikarbruken.
  • Helse Førde HF evaluerer ikkje vikarbruken ved Nordfjord sjukehus på ein systematisk måte for å vurdere risiko for svikt i pasientbehandlinga. Det er ikkje gjort vurderingar av kva risiko den samla vikarbruken inneber.

Kommentar:
Helsetenester som vert gjeve etter spesialisthelsetenestelova § 2-2 skal vere forsvarlege. Dette inneber mellom anna at verksemda skal ha tilstrekkeleg personell og kvalifisert personell i høve dei oppgåvene som skal løysast. Verksemda skal sørge for nødvendig opplæring, også av nytilsette og vikarar, jf. internkontrollforskrifta § 4 c)

Verksemda skal sørge for forsvarlege informasjons- og kommunikasjonssystem jf. spesialisthelsetenestelova § 3-2, slik at relevant og nødvendig pasientinformasjon for behandling av pasientane vert formidla og motteke mellom helsepersonell. Dette gjeld for både fast tilsette og vikarar. Verksemda må også sikre at dei tilsette dokumenterer i journal i samsvar med krav i helsepersonellova og journalforskrifta.

Gjennom internkontrollen skal dei ansvarlege for verksemda sikre at tenestene er organiserte, vert planlagde og drive på ein måte som sikrar pasientane forsvarleg helsehjelp. Det inneber mellom anna at det er utarbeidd mål for verksemda, og at vikarbruken vert vurdert i høve desse. Verksemda skal på ein systematisk måte overvake drift og resultat, jf. internkontrollforskrifta § 4 g). Som eit ledd i dette må drifta evaluerast, også med tanke på vikarbruken. Avviksmeldingar og erfaringar frå både brukarar og tilsette skal brukast i dette arbeidet, jf. internkontrollforskrifta § 4 d), e), g). Verksemda skal også gjere systematiske gjennomgangar for å finne fram til område der det er fare for svikt eller brot på regelverk, jf. internkontrollforskrifta § 4 f).

Ansvar, oppgåver og mynde knytta til rekruttering, tilsetting, opplæring og oppfølgjing av vikarar skal vere plassert, jf. internkontrollforskrifta § 4 a). Det skal vere styring med og rutinar for dette arbeidet.

6. Regelverk

  • Lov om spesialisthelsetjenesten m.m av 02. juli 1999 nr. 61
  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
  • Lov om helsepersonell mv. av 2. juli 1999 nr. 64
  • Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.desember 2002 nr. 1731

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Dokument som syner korleis ansvar og mynde er plassert i Helse Førde HF - organisasjonskart for verksemda
  • Delegasjon av fullmakter – økonomi Kirurgisk klinikk
  • Retningslinjer – økonomifullmakter – Medisinsk klinikk
  • Delegasjonsreglement for personaladministrasjon i Kirurgisk klinikk
  • Delegasjonsreglement for personaladministrasjon i Medisinsk klinikk
  • Driftsoversikt over Helse Førde HF 2008 (e-post)
  • Statistisk framstilling - avviksmeldingar 2007 og 2008
  • Oversikt over klagesaker frå privatpersonar til Helse Førde HF 2007 og 2008
  • Oversikt over tilsynssaker frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 2007 og 2008
  • Oversikt over NPE-saker Helse Førde HF 2007 og 2008
  • Oversikt over tilsette i Helse Førde HF (e-post)
  • Prosess for rekruttering i Helse Førde, fast stilling
  • Prosess for rekruttering i Helse Førde, tilsetting i mellombels stilling
  • Rapportar frå interne revisjonar 2008 ved kvinneklinikken/gyn, psykiatrisk klinikk, medisinsk avdeling NSH og om smittevern i Helse Førde
  • Prosedyre for:
    intern revisjon
    arbeidsflyt dokument – rutinar for godkjenning
    digital diktering i Helse Førde
    epikriseskriving
    poliklinisk notat/epikrise – rutinar for utskriftshandtering til eksterne mottakarar
    prosedyre for oppretting og skriving av diktat ved akutt overflytting av pasient mellom sjukehus
    retting og sletting av dokument i Dips
    rutine for oppretting/skriving og utskrift av epikrise
    EDI-utsending av epikrise
    Rutine for sending av Dips dokument internt i Helse Førde
    Operasjonsplanlegging – overordna rutine – ansvarsforhold
  • Notat - om opplæring av nye legar/vikarar ved Nordfjord sjukehus og om diktering/skriving av journalnotat
  • Program for mottak av nye turnuslegar i Helse Førde hausten 2008
  • Introduksjonshefte – ”Velkomen til medisinsk avdeling ved Nordfjord sjukehus”
  • Oversikt over bemanning – medisinsk sengepost og overvaking Nordfjord sjukehus
  • Vaktplan/turnusplan sommar 2008 og januar – mars 2009 overvaking/oppvaking Nordfjord sjukehus
  • Vaktplan/turnusplan sommar 2008 og januar – mars 2009 medisinsk sengepost Nordfjord sjukehus – overlegar, turnuslegar og pleiepersonell
  • Introduksjonhefte – overvaking/oppvaking Nordfjord sjukehus:
  • Stillingsomtalar –funksjonsskildring sjukepleiar 1 og intensivsjukepleiar
  • Ulike prosedyrar:
    Rutinar ved OVA
    Pålogging i Dips
    Ulike fagprosedyrar/teknisk utstyr
    Føring av observasjonsskjema
    Føring av intensivskjema
    Katastrofe og akuttsnitt – melderutine ved OVA
    Akutt hjartestans ved OVA – ansvarspresisering
  • Kopi av brev frå ass.avd.sjef AAM til Helse Førde HF v/ personaldirektør Larsen med vedlegg
  • Vaktplan anestesilegar Nordfjord sjukehus 2008 og 2009
  • Oversikt – praktisk arbeid med rekruttering og tilsetting av personale ved anestesiavdelinga Nordfjord sjukehus
  • Kopi - Dagens vaktbok tysdag 03.02.09 anestesiavd. Nordfjord sjukehus
  • Oversikt over fast tilsette og vikarar ved anestesiavdelinga Nordfjord sjukehus 2008 – 2009
  • Kopi turnusplan anestesiavd.Nordfjord sjukehus sommar 2008
  • Vaktplan anestesiavd. Nordfjord sjukehus januar – mars 2009
  • Vaktplan anestsisjukepleiarar Nordfjord sjukehus sommar 2008
  • Kopi av avtale med anestesioverlege Jonas Ræf vedk. rekruttering av anestesioverlege stafett ved Nordfjord sjukehus 2008
  • Kopi av avtale med anestesioverlege Jonas Ræf vedk. rekruttering av anestesioverlege stafett ved Nordfjord sjukehus 2008
  • Kopi av avtale med anestesioverlege Steen Koerner vedk. rekruttering av anestesioverlege stafett ved Nordfjord sjukehus 2008
  • Kopi av avtale om løn- og arbeidsvilkår for anestesiolog i kortidsvikariat
  • Kopi av e-post frå oversjukepleiar medisinsk seksjon NSH til Mai-Liss Larsen 14.januar 2009

Stikkprøvar:

  • Tilgang til DIPS journalsystem for 12 sjukepleievikarar og 10 overlegevikarar
  • Dokumentasjon i 5 ulike journalar til dei same 12 sjukepleievikarane og 10 overlegevikarane
  • Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
  • Oversikt over arbeidsavtalar- overlegevikarar Nordfjord sjukehus 2008 og 2009
  • Rutine vedk. avtalar med utanlandske kortidsvikarar – Nordfjord sjukehus
  • Stillingsinstruks for oversjukepleiarar Lærdal sjukehus/Nordfjord sjukehus

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:

  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF av 17.11.08 – melding om tilsyn
  • Brev frå Helse Førde HF til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 19.12.08
  • E-post frå Helse Førde HF v/ Mai- Liss Larsen til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 06.01.09 – kontaktperson i Helse Førde
  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF av 06.01.09
  • E-post med vedlegg frå Helse Førde HF til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 19.01.09 – ”ansatteopplysningar”
  • E-post med vedlegg frå Helse Førde HF til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 19.01.09 – ”driftsoversikt”
  • Brev med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 19.01.09 – dagsorden for tilsynet ved Nordfjord sjukehus
  • E-post med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 20.01.09 – dagsorden for tilsynet ved Nordfjord sjukehus
  • E-post med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 22.01.09 – oversikt over dokumentasjon - journalgjennomgang
  • E-post med vedlegg frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF 29.01.09 – revidert dagsorden for tilsynet ved Nordfjord sjukehus

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anne Marie Seljeset

personalrådgjevar

x

x

x

Reidun Kulstad

sjukepleiar, medisinsk sengepost

x

x

Ane Merete Austrheim

sjukepleievikar, medisinsk sengepost

x

x

x

Ingunn Nes Åbrekk

helsesekretær

x

x

x

Rikard Svärnløv

overlegevikar med. pol.

x

x

Marius Ryengen

turnuslege

x

Grete Aud Totland

oversjukepleiar, medisinsk seksjon

x

x

x

Olav Hesjedal

avd.sjef AAM

x

x

x

Stein Urne

anestesisjukepleiar

x

x

x

Anders Schmidt

anestesioverlegevikar

x

x

x

Lise Grønbukt

sjukepleiar

x

Siv Nord Olsen

anestesisjukepleiar/fagleiar

x

x

x

Astrid Solhaug

intensivsjukepleiar

x

x

Robrecht Hooiveld

intensiv/fagsjukepleiar

x

x

x

Britt Nesje Solheim

oversjukepleiar AAM

x

x

x

Torill Kjøllesdal Kriken

seksjonsleiar,servicesenter

x

x

x

Jon Sverre Arnestad

overlege/seksjonsleiar medisin

x

x

x

Anne Margrethe Øvsthus

klinikkdirektør, kirurgisk klinikk

x

x

x

Arve Varden

klinikkdirektør, medisinsk klinikk

x

x

Mai-Liss Larsen

HR-direktør

x

Frå tilsynsorganet deltok:
Ass. fylkeslege Einar Hovlid, revisor
Seniorrådgjevar Turid Måseide, revisor
Seniorrådgiver Brynhild Braut, observatør, Statens helsetilsyn
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen, revisjonsleiar