Tilsyn med kommunale sosial- og helsetenester til barn i barne- og avlastingsbustader i Selje kommune (2009)
Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomførte i perioden 11.02.09 – 20.05.09 tilsyn med sosial- og helsetenester til barn i barne- og avlastingsbustader i Selje kommune.
Tilsynet var avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande områder:
- om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
- om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
- om kommunen yter pleie og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
- om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
- om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn
Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2009 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.
Det vart ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader under tilsynet.
Dato: 26.05.09
Arne Røyrvik
revisjonsleiar Beate Tollefsen
revisor
1. Innleiing
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6 og med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Selje kommune i perioden 11.02.09 – 20.05.09, gjennomførd av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Tilsynet er del av landsomfattande tilsyn i 2009 med kommunale sosial- og helsetenester til barn i barne og avlastingsbustader.
Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda oppfyller lovkrav innan dei tema tilsynet omfattar. Sjå nærare omtale av dette i kapittel 4.
Tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgivinga, som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket, og sosiale tenester etter sosialtenestelova, som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen. Statens helsetilsyn har gitt Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket i oppdrag å gjennomføre eit felles tilsyn med dette tenestetilbodet.
Fylkesmannen og Fylkeslegen har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre dette tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli samordna frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane si side.
Tilsynet er utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument og ved intervju. Dokumentgjennomgangen inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgde i praksis. Ved synfaring vert det vurdert om dei fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene.
- Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.
- Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen av avvik, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer forhold som kan bli betre.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Selje kommune har om lag 2800 innbyggjarar. Avlastingsbustaden, Triveli, ligg på Leikanger omlag 2 mil frå Selje sentrum. Bustaden er forholdsvis ny, er privat eigd og leig ut til kommunen. Bustaden ligg i eit bustadområde i sentrum med kort veg til skule og leikeplass.
To personar over 18 år og 3 barn har tilbod om avlastingsopphald i bustaden annankvar- eller kvar fjerde helg. Det kan også vere avlastingstilbod i samband med ferie.
Kommunen har organisert verksemda med ein leiar for pleie- og omsorg. Under denne eininga ligg fleire tenesteområde med kvar sin avdelingsleiar. Leiar for vernepleietenesta har blant anna ansvar for avlastingsbustaden. I bustaden er det tilsett ein gruppeleiar med vernepleiarutdanning. I tillegg til å ha administrative oppgåver går gruppeleiaren i vanleg turnus. Med unnatak av gruppeleiaren og ein tilsett med helsefagleg utdanning frå vidaregåande skule er dei andre tilsette i bustaden ufaglærde.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Melding Melding om tilsyn vart sendt 11.02.09.
Opningsmøte Opningsmøte vart halde 15.04.09.
Intervju 7 personar vart intervjua.
Tilsynslaget hadde samtale med foreldre til to av barna.
Sluttmøte Sluttmøte vart halde 16.04.09
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet er avgrensa til tenester til barn under 18 år og omfatta følgjande område:
- om kommunen ivaretek barnas rett til samvær med andre, eit meiningsfullt daglegliv og deltaking i fritidsaktivitetar
- om kommunen ivaretek barn med spesielle ernæringsbehov
- om kommunen yter pleie og omsorg tilpassa barnas helsetilstand
- om kommunen har forsvarleg legemiddelhandtering
- om bustaden er fysisk tilrettelagt for barn
5. Funn
Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under tilsynet.
6. Regelverk
- Lov om helsetenesta i kommunen
- Lov om sosiale tenester
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta
- Lov om helsepersonell
- Lov om statleg tilsyn med helsetenesta
- Kvalitetsforskrifta
- Lov om pasientrettar
- Forskrift om pasientjournal
- Legemiddelhandteringsforskrifta
7. Dokumentunderlag
Verksemda sin eigen dokumentasjon:
- Organisasjonskart
- Kvalitetshandbok for tenesteeininga pleie- og omsorg
- Turnusplan for Triveli
- Samtykkeskjema for samarbeid med andre etatar
- Prosedyre for føring av pasientdokumentasjon
- Prosedyre for oppretting av individuell plan
- Prosedyre for oppretting av pleieplan
- Prosedyre for bruk av tvang
- Handlingsplan for helse- og sosialpersonell
- Ansvar og oppgåve for avdelingsleiar vernepleietenesta
- Kompetanse, ansvar og oppgåver for vernepleiar i verna bustad
- Kompetanse, ansvar og oppgåver for miljøterapeut i verna bustad
- Kompetanse, ansvar og oppgåver for assistent i verna bustad
- Oppgåver for primærkontaktane i verna bustad
- Kompetanse, ansvar og oppgåver for gruppeleiar
- Registreringskort (IPLOS), søknad/vedtak og individuell plan for 5 brukarar
Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:
- Tre brukarmapper
- Tre brukarpermar
- Dagsplan for personale
- Rutinar for akuttmedisinering
- Rutinar for stell og pleie av brukar
- Synfaring av bustaden og uteområde
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Selje kommune – melding om tilsyn, 11.02.09
- Brev med vedlegg frå Selje kommune til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane - dokumentasjon, 10.03.09
- Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Selje kommune – dagsorden, 18.03.09
- Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet til foreldre/pårørande – tilbod om samtale, 18.03.09
8. Deltakarar ved tilsynet
I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over personar som blei intervjua
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Åse Elin Hole |
pleie- og omsorgsleiar |
X |
X |
X |
Jens Erling E. Lillebø |
avdelingsleiar vernepleietenesta |
X |
X |
X |
May-Britt Kolberg |
gruppeleiar/vernepleiar |
X |
X |
X |
Sylvi Eltvik |
assistent |
X |
X |
X |
Aud Borgund |
assistent |
X |
X |
X |
Janne Lund |
assistent |
X |
X |
X |
Reidar Sandviknes |
rådmann |
X |
X |
X |
Thor Øyvind Larsen |
rehabiliteringskoordinator |
X |
X |
Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Arne Røyrvik revisjonsleiar
Astrid Tveit revisor
Beate Tollefsen revisor