Helsetilsynet

Dato: 11.10.10

Anne Eli Wangen
tilsynsleiar

Sverre Steenberg
revisor

Linda Svori
revisor

1. Tilsynstema og omfang

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med fastlege i Bremanger kommune i perioden 07.06.10 – 11.10.10.

Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2010 skal gjennomførast tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til eldre. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har bestemt å gjennomføre tilsyn med fastlegar innan same tema og i dei same kommunane som vi gjennomfører tilsyn med dei kommunale helse- og sosial-tenestene. Dette tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsepersonell og helsetenester etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om fastlegen tek hand om ulike krav i helselovgjevinga.

Tema for tilsynet er todelt:

  • fastlegen si utgreiing ved mistanke om demens hjå heimebuande eldre og fastlegen si oppfølgjing av diagnose, teneste- og behandlingsbehov
  • fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad og som mottek helse- og omsorgstenester (heimesjukepleie)

Under det første tema vurderer tilsynet også eventuelt samarbeid med dei kommunale omsorgstenestene om utgreiing ved mistanke om demenssjukdom samt  samarbeidet ved symptomatisk legemiddelbehandling og gjennomføring av legeundersøking av eldre demente.

Om fastlegen har oppdatert oversikt over pasientane sine legemiddel vert vurdert under temaet om legemiddelbehandling. Vidare vurderer tilsynet fastlegen si oppfølgjing av legemiddelbehandlinga og samarbeidet med heimesjukepleien om dette. Tilsynet vurderer legemiddelbehandlinga knytta til fire ”markørar”; polyfarmasi, warfarin, NSAID og benzodiazepiner.

Tilsynet er gjennomført ved å granske fastlegen sine pasientjournalar og ved intervju med fastlegen. Tilsynet gjeld eit avgrensa område av fastlegen si kliniske verksemd. Denne rapporten handlar om funn som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet fastlegen har gjort innanfor dei tema som tilsynet omfatta.

2. Omtale av verksemda

Bremanger kommune har 3908 innbyggjarar. Kommuneadministrasjonen ligg i kommunesenteret Svelgen. Det er to legekontor i kommunen; eit i Svelgen og eit på Hauge. Kommunen har 4 fastlegeheimlar. To fastlegar er tilsette ved kontoret i Svelgen medan dei to andre fastlegane arbeider ved kontoret på Hauge. Kommunen har ikkje turnuslege.

Fastlegen arbeider ved legekontoret og har 768 pasientar på si fastlegeliste. Han har arbeidd som lege i kommunen frå 1999. Fastlegen er også tilsett som helsestasjonslege/skulehelseteneste. Han arbeider tre dagar i veka med kurativt arbeid, ein dag i veka er sett av til administrasjon og ein dag til kommunalt arbeid. Han har faste samarbeidsmøte med heimesjukepleien ein time per veke i tillegg til at han er tilgjengeleg ved behov. Han møter saman med ein av fastlegane ved kontoret i Svelgen i kommunen sitt samarbeidsutval.

Kommunen har eiga legevaktordning der alle fastlegane i kommunen deltek. På legevakt er legane i Ytre Bremanger stasjonert på legekontoret i Hauge men dekker heile kommunen. Tilsvarande er legane i Indre Bremanger stasjonert på legekontoret i Svelgen når dei har legevakt. Det er skilte journalsystem for dei to legekontora, men alle legane har tilgang til begge journalsystema på legevakt.  

3. Gjennomføring

Melding om tilsyn med fastlegar blei sendt ut til kommunelegekontora i Bremanger 07.06.10.

Samstundes blei det sendt førespurnad til kommunen om oversikt over pasientar i heimesjukepleien med demensdiagnose, pasientar med mistanke om demenssjukdom eller som er under utgreiing for demens samt oversikt over kven som var fastlegen deira. I tillegg bad Helsetilsynet i Sogn og Fjordane om oversikt over pasientar som får hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel og kven som var deira fastlege. Fastlegane vart orientert om førespurnaden til kommunen.

Val av fastlege vart gjort på grunnlag av kommunen sine utarbeidde oversikter. Den fastlegen som hadde flest pasientar med demensdiagnose og flest pasientar som fekk hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel på si liste vart vald.

Melding til fastlege om at han var vald som fastlege blei sendt ut 28.06.10. Fastlegen vart informert om tilsynet per telefon før meldinga vart sendt ut.

Tilsynsbesøket vart gjennomført på legekontoret 09.09.10 frå kl. 08.15 til 15.30. Etter eit kort innleiande møte gjekk tilsynslaget gjennom ein del pasient-journalar. Deretter vart fastlegen intervjua om eiga verksemd. Tilsynsbesøket vart avslutta med eit oppsummerande møte der tilsynet presenterte funn etter journal-gjennomgangen og intervjuet med fastlegen. Det vart også gjeve informasjon om utarbeiding av skriftleg rapport frå tilsynet og om vidare oppfølgjing etter tilsynsbesøket.

Vi gjekk gjennom 9 journalar på fastlegelista der pasienten var utgreidd for demenssjukdom og som hadde diagnose demens eller der heimesjukepleien hadde oppgitt mistanke om demens/ pasienten var under utgreiing for demens. Vi såg også på legemiddellista/medisinkort i desse journalane.

Vi gjekk gjennom i alt 12 journalar/medisinkort der heimesjukepleien også hjelper til med å administrere legemiddel til pasientane. Av desse journalane gjekk vi gjekk vi gjennom 5 journalar der pasienten brukar Marevan og 6 journalar der pasienten brukar eller har brukt NSAID eller benzodiazepiner.

Vurderingsgrunnlaget for tilsynet var følgjande lover og forskrifter:

  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
  • Lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr. 64
  • Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
  • Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • Forskrift om fastlegeordning i kommunene av 14. april 2000 nr. 0328

4. Funn

På grunnlag av journalgjennomgangen og opplysningar som kom fram under intervjuet med fastlegen vart det ikkje gjort funn som gav grunnlag for å vurdere at fastlegen si verksemd ikkje er i samsvar med lovkrava. Det vart ikkje funne avvik (brot på lov eller forskrift) innan dei områda som tilsynet omfatta.

Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok
Linda Svori, ass. fylkeslege
Sverre Harald Steenberg, ass. fylkeslege
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar