Rapport frå tilsyn med fastlegen si utgreiing av demens og oppfølgjing av pasientar med demenssjukdom fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som mottek helse- og omsorgstenester 2010
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Dato: 16.06.10
Anne Eli Wangen
revisjonsleiar Turid Måseide
revisor
Linda Svori
revisor
1. Tilsynstema og omfang
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med fastlege i Flora kommune i perioden 15.02.10 – 15.06.10.
Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2010 skal gjennomførast tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til eldre. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har bestemt å gjennomføre tilsyn med fastlegar innan same tema og i dei same kommunane som vi gjennomfører tilsyn med dei kommunale helse- og sosial-tenestene. Dette tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsepersonell og helsetenester etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Formålet med tilsynet er å vurdere om fastlegen tek hand om ulike krav i helselovgjevinga.
Tema for tilsynet er todelt:
- fastlegen si utgreiing ved mistanke om demens hjå eldre og fastlegen si oppfølgjing av diagnose, teneste- og behandlingsbehov
- fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad og som mottek helse- og omsorgstenester (heimesjukepleie)
Under det første tema vurderer tilsynet også eventuelt samarbeid med dei kommunale omsorgstenestene om utgreiing ved mistanke om demenssjukdom samt samarbeidet ved symptomatisk legemiddelbehandling og gjennomføring av legeundersøking av eldre demente.
Om fastlegen har oppdatert oversikt over pasientane sine legemiddel vert vurdert under temaet om legemiddelbehandling. Vidare vurderer tilsynet fastlegen si oppfølgjing av legemiddelbehandlinga og samarbeidet med heimesjukepleien om dette. Tilsynet vurderer legemiddelbehandlinga knytta til fire ”markørar”; polyfarmasi, warfarin, NSAID og benzodiazepiner.
Tilsynet er gjennomført ved å granske fastlegen sine pasientjournalar og ved intervju med fastlegen. Tilsynet gjeld eit avgrensa område av fastlegen si kliniske verksemd. Denne rapporten handlar om funn som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet fastlegen har gjort innanfor dei tema som tilsynet omfatta.
2. Omtale av verksemda
Flora kommune har 11448 innbyggjarar. Det er 11 fastlegeheimlar i kommunen i tillegg til turnuslege. Fastlegane driv privat verksemd og er samla i eige legesenter.
Det er felles journalsystem. Fastlegane i Flora har felles kvalitetsystem og samarbeider om kvalitetsutvikling og felles rutinar for legesenteret. Fastlegesituasjonen i Flora kommune er relativt stabil. Fleire av fastlegane har vore i kommunen i mange år.
Fastlegen har 1300 pasientar på si fastlegeliste. Han har avtale med kommunen om tre timar rettleiing for turnuslegar per veke. Han har fire dagar per veke til kurativ behandling. Fastlegen har faste samarbeidsmøte med heimesjukepleien to gonger i året i tillegg til telefonmøte og møte ved behov. Fastlegen reiser også på heimebesøk til pasientane som får heimesjukepleie. Som ei prøveordning har han samarbeidsmøte med heimesjukepleien i ei av sonene fire gonger i året.
3. Gjennomføring
Melding om tilsyn med fastlegarblei sendt ut til legegruppa i Flora kommune 15.02.10.
Samstundes blei det sendt førespurnad til kommunen om oversikt over pasientar i heimesjukepleien med demensdiagnose, pasientar med mistanke om demenssjukdom eller som er under utgreiing for demens samt oversikt over kven som var fastlegen deira. I tillegg bad Helsetilsynet i Sogn og Fjordane om oversikt over pasientar som får hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel og kven som var deira fastlege. Fastlegane vart orientert om førespurnaden til kommunen.
Val av fastlege vart gjortpå grunnlag av kommunen sine utarbeidde oversikter. Ein av fastlegane som hadde flest pasientar med demensdiagnose og flest pasientar som fekk hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel på si liste vart vald.
Melding til fastlege om at han var vald som fastlege blei sendt ut 16.03.10. Fastlegen vart informert om tilsynet per telefon før meldinga vart sendt ut.
Tilsynsbesøket vart gjennomført på legekontoret 20.05.10 frå kl. 08.00 til 16.00. Etter eit kort innleiande møte gjekk tilsynslaget gjennom ein del pasientjournalar. Deretter vart fastlegen intervjua om eiga verksemd. Tilsynsbesøket vart avslutta med eit oppsummerande møte der tilsynet presenterte funn etter journalgjennomgangen og intervjuet med fastlegen. Det vart også gjeve informasjon om utarbeiding av skriftleg rapport frå tilsynet og om vidare oppfølgjing etter tilsynsbesøket.
6 journalar på fastlegen si fastlegeliste der pasienten var utgreidd for demenssjukdom og som hadde diagnose demens eller som var under utgreiing for demenssjukdom vart gjennomgått. I desse journalane såg vi også på legemiddellista til pasientane.
I tillegg gjekk vi gjennom 12 journalar der heimesjukepleien også hjelper til med å administrere legemiddel til pasientane.
Vurderingsgrunnlaget for tilsynet var følgjande lover og forskrifter:
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
- Lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr. 64
- Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
- Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
- Forskrift om fastlegeordning i kommunene av 14. april 2000 nr. 0328
4. Funn
På grunnlag av journalgjennomgangen og opplysningar som kom fram under intervjuet med fastlegen vart det ikkje gjort funn som gav grunnlag for å vurdere at fastlege si verksemd ikkje er i samsvar med lovkrava. Det vart ikkje funne avvik (brot på lov eller forskrift) innan dei områda som tilsynet omfatta.
Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok
Linda Svori, ass. fylkeslege
Turid Måseide, seniorrådgjevar/jurist
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar