Helsetilsynet

1. Tilsynstema og omfang

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med fastlege i Gaular kommune i perioden 15.02.10 – 16.06.10.

Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2010 skal gjennomførast tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til eldre. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har bestemt å gjennomføre tilsyn med fastlegar innan same tema og i dei same kommunane som vi gjennomfører tilsyn med dei kommunale helse- og sosial-tenestene. Dette tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsepersonell og helsetenester etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om fastlegen tek hand om ulike krav i helselovgjevinga.

Tema for tilsynet er todelt:

  • fastlegen si utgreiing ved mistanke om demens hjå eldre og fastlegen si oppfølgjing av diagnose, teneste- og behandlingsbehov
  • fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad og som mottek helse- og omsorgstenester (heimesjukepleie)

Under det første tema vurderer tilsynet også eventuelt samarbeid med dei kommunale omsorgstenestene om utgreiing ved mistanke om demenssjukdom samt samarbeidet ved symptomatisk legemiddelbehandling og gjennomføring av legeundersøking av eldre demente.

Om fastlegen har oppdatert oversikt over pasientane sine legemiddel vert vurdert under temaet om legemiddelbehandling. Vidare vurderer tilsynet fastlegen si oppfølgjing av legemiddelbehandlinga og samarbeidet med heimesjukepleien om dette. Tilsynet vurderer legemiddelbehandlinga knytta til fire ”markørar”; polyfarmasi, warfarin, NSAID og benzodiacepinar.

Tilsynet er gjennomført ved å granske fastlegen sine pasientjournalar og ved intervju med fastlegen. Tilsynet gjeld eit avgrensa område av fastlegen si kliniske verksemd. Denne rapporten handlar om funn som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet fastlegen har gjort innanfor dei tema som tilsynet omfatta.

2. Omtale av verksemda

Gaular kommune har 2757 innbyggjarar. Det er eit legekontor i kommunen. Kommunelegekontoret i Gaular er lokalisert i Sande i Sunnfjord i same bygning som mellom anna sjukeheimen, kontoret til heimesjukepleien og Nav. Kommunen har tre fastlegar og ein turnuskandidat. Kommunen har hatt ein stabil fastlegesituasjon, og fastlegane i Gaular kommune har vore tilsette i kommunen i fleire år. Fastlegane er kommunalt løna med provisjon. Fastlegane har felles journalsystem. Det vart opplyst at legane arbeider med fellesliste. I følgje Helfo sine nettsider har fastlegen og ein av dei to andre fastlegane fellesliste.

Fastlegane har ikkje rutinar for faste samarbeidsmøte/fagmøte. Kommunen gjennomfører ikkje regelmessige møte i samarbeidsutvalet eller årlege møte med den enkelte fastlege. Det er ikkje faste samarbeidsmøte mellom alle fastlegane og heimesjukepleien. Ein av fastlegane fungerer som ”tilsynslege” for heimesjukepleien. Heimesjukepleien kontaktar ”tilsynslegen” når det er behov for fornying av reseptar eller når heimesjukepleien har problemstillingar knytt til behandlinga av pasientane dei har ansvar for.

Fastlegen arbeider i 80% stilling som fastlege. Innafor denne ramma har han avtale med kommunen som tilsynslege ved sjukeheimen ein dag per veke.

3. Gjennomføring

Melding om tilsyn med fastlegarblei sendt ut til kommunelegekontoret i Gaular 15.02.10.

Samstundes blei det sendt førespurnad til kommunen om oversikt over pasientar i heimesjukepleien med demensdiagnose, pasientar med mistanke om demenssjukdom eller som er under utgreiing for demens samt oversikt over kven som var fastlegen deira. I tillegg bad Helsetilsynet i Sogn og Fjordane om oversikt over pasientar som får hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel og kven som var deira fastlege. Fastlegane vart orientert om førespurnaden til kommunen.

Val av fastlege vart gjortpå grunnlag av kommunen sine utarbeidde oversikter. Den fastlegen som hadde flest pasientar med demensdiagnose og flest pasientar som fekk hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel på si liste vart vald.

Melding til fastlegen om at han var vald som fastlege blei sendt ut 12.03.10. Fastlegen vart informert om tilsynet per telefon før meldinga vart sendt ut.

Tilsynsbesøket vart gjennomført på kommunelegekontoret 11.05.10 frå kl. 08.15 til 16.15. Etter eit kort innleiande møte gjekk tilsynslaget gjennom ein del pasient-journalar. Deretter vart fastlegen intervjua om eiga verksemd. Tilsynsbesøket vart avslutta med eit oppsummerande møte der tilsynet presenterte funn etter journalgjennomgangen og intervjuet med fastlegen. Det vart også gjeve informasjon om utarbeiding av skriftleg rapport frå tilsynet og om vidare oppfølgjing etter tilsynsbesøket.

Fem journalar på fastlegen si fastlegeliste der pasienten var utgreidd for demenssjukdom og som hadde diagnose demens vart gjennomgått. I desse journalane såg vi også på legemiddellista til pasientane. Alle pasientane vart behandla med acetylcholinesterasehemmar (Aricept).

I tillegg gjekk vi gjennom fem journalar der heimesjukepleien også hjelper til med å administrere legemiddel til pasientane. To av pasientane stod på Marevan og to av desse brukte legemiddel under gruppa NSAID.

Vurderingsgrunnlaget for tilsynet var følgjande lover og forskrifter:

  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
  • Lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr. 64
  • Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
  • Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • Forskrift om fastlegeordning i kommunene av 14. april 2000 nr. 0328

4. Funn

På grunnlag av journalgjennomgangen og opplysningar som kom fram under intervjuet med fastlegen vart det ikkje gjort funn som gav grunnlag for å vurdere at fastlegen si verksemd ikkje er i samsvar med lovkrava. Det vart ikkje funne avvik (brot på lov eller forskrift) innan dei områda som tilsynet omfatta.

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har følgjande merknad til fastlegen si verksemd:

Fastlegen bør vurdere om samarbeidet med dei andre fastlegane og med heimesjukepleien er tilstrekkeleg for å sikre forsvarleg legemiddelbehandling av pasientane i heimesjukepleien

Merknaden er basert på følgjande:

  • Fastlegen har ikkje sikra seg at han får munnleg eller skriftleg informasjon frå heimesjukepleien om endringar av legemiddel eller fornyingar av reseptar til pasientar der han har starta legemiddelbehandlinga. Han har heller ikkje sikra seg at han vert informert av ”tilsynslegen” som har utført endringane. Journal-gjennomgangen synte at reseptar var fornya fleire gonger utan at pasienten var teken inn til kontroll.
  • Journalgjennomgangen synte, og fastlegen opplyste at han ikkje har sikra seg at han vert konferert ved spørsmål om vidare foreskriving av Aricept til pasientar i heimesjukepleien der fastlegen har starta slik behandling. Han har heller ikkje sikra at effekten av behandlinga vert vurdert, eller at pasienten vert teken inn til kontroll/ny vurdering.
  • Fastlegen har ikkje sikra seg at han får kopi av heimesjukepleien si oppdaterte legemiddelliste slik at han kan kvalitetsikre at endringar han har ordinert faktisk er gjort.
  • Fastlegane praktiserer ikkje faste samarbeidsmøte eller fagmøte. Informasjon om pasientbehandling vert utveksla i journal.
  • Fastlegen samarbeider ikkje med heimesjukepleien om hjelp til oppfølgjing ved demensutgreiing eller nye vurderingar av til dømes ADL-funksjonar, kartlegging av belastning for pårørande eller av tryggleiken i heimen. Ved behov brukar fastlegen fysioterapeut til å gjere heimebesøk og til kartlegging i heimen, også til kartlegging av ADL- funksjonar.
  • Fastlegen kjenner ikkje til om det er utarbeidd skriftlege rutinar for samarbeid mellom heimesjukepleien og fastlegane.

Tilsynet har elles merka seg at pasientane får time hjå den fastlegen dei ønskjer uavhengig av kven dei har som ansvarleg lege. Det er difor ikkje alltid den som er oppført som ansvarleg lege som følgjer opp pasientane.

Fastlegen er tilgjengeleg per telefon dersom heimesjukepleien tek kontakt. Fastlegen informerer heimesjukepleien først telefonisk deretter per brev om endringar i legemiddelbehandlinga til den enkelte pasient.

Fastlegen gjev uttrykk for semje med tilsynet sin merknad når det gjeld rutinane kring oppfølgjing av legemiddelbehandlinga som forskriving og fornying av reseptar til heimesjukepleien sine pasientar. Fastlegen opplyste at han har teke opp spørsmålet om samarbeidsrutinar då han tok til i stillinga som fastlege.

Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Linda Svori, ass. fylkeslege
Sverre Stenberg, ass. fylkeslege (observatør)
Turid Måseide, seniorrådgjevar/jurist
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar
Turid Måseide
revisor

 

 

Linda Svori
revisor

 

 

Dato: 16.06.10