Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Vi syner til melding om tilsyn datert 09.04.10, der det går fram at temaet for tilsynet er kommunen sitt tilbod om avlasting for omsorgspersonane til eldre som elles ville ha rett til helse- eller sosialhjelp frå kommunen.

Fylkesmannen fører tilsyn med sosialtenestene med heimel i lov om sosiale tenester § 2-6 og Helsetilsynet i fylket fører tilsyn med helsepersonell og helsetenester i fylket med heimel i lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.

Formålet med dette tilsynet var å undersøkje om kommunen stettar behovet for avlastning for omsorgsytarar som har omsorg for eldre, uavhengig av om behovet vert dekt med
avlastingstiltak heimla i sosialtenestelova eller tilbod om korttidsplass heimla i
kommunehelsetenestelova.

Tilsynet er gjennomført ved stikkprøvekontroll, basert på ein gjennomgang av skriftleg
dokumentasjon i eit utval saker. Vi har også hatt telefonmøte med kommunen sin kontaktperson for dette tilsynet, Miek Norman.

Revisorar ved tilsynet har vore Arne Røyrvik, Elisabeth Lund-Iversen og Turid Måseide.
Vi har sett på 20 vedtak, med tilhøyrande dokumentasjon. Vedtaka er gjort innanfor dei siste to åra. Av dei 20 vedtaka vi har sett, er 19 heimla i lov om sosiale tenester, eitt i kommunehelsetenestelova. Alle vedtaka gjeld tildelte tenester, ingen avslag. Vi har avklara i telefonmøte at avslag ikkje vert gjeve munnleg. Vedtaka er såleis dei 20 siste gjort innanfor dei siste to åra.

Vi har sett nærare på korleis kommunen etterlever
• utgreiingsplikta, jf. forvaltningslova § 17
• kravet om individuell vurdering av søknader
• dei formelle krava om vedtak, grunngjeving og informasjon om klagerett
• reglane om eigenbetaling

Det har ikkje kome fram opplysningar som gjev grunnlag for å konstatere avvik frå krava som følgjer av lov og forskrifter på dei nemnde områda.

Vi har merka oss at avlasting ikkje er eit alternativ i søknadsskjemaet som vert nytta i Gulen kommune. Miek Norman seier de vil endre dette.

Vi har fått opplyst munnleg at informasjon om avlasting skal vere tilgjengeleg på internett, at de også har informasjon om avlasting tilgjengeleg på papir, samt at det vert gjeve informasjon om avlasting munnleg i møte med pasientar og pårørande. Vi klarer ikkje å få fram den informasjonen som skal vere tilgjengeleg via kommunen sine nettsider.
Vi meiner dette er noko de bør gjere noko med.

Vi har også merka oss at Gulen kommune gjer vedtak om avlasting og heimlar vedtaka i sosialtenestelova, sjølv om avlasting ikkje går fram som eit alternativ søknadsskjemaet.
Vi har ikkje merknader til kommunen si heimling av dei 20 vedtaka vi har sett. Dette er bra!

Denne oppsummeringa avsluttar tilsynet.

 

Med helsing

Petter Øgar Turid Måseide
avdelingsdirektør  juridisk sjef


Dokument som vert sendt elektronisk er godkjent og signert elektronisk av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Vedlegg: Brev frå Sosial- og helsedepartementet 26.09.2000

Kopi pr e-post til Miek Norman