Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen skal i 2010 gjennomføre landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i Nav. Føremålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen gjennom sine styringsaktivitetar og internkontroll sikrar at søkjarane sin rett til økonomisk stønad vert ivareteken. Tilsynet tek utgangspunkt i reglane om økonomisk stønad i lov om sosiale tenester i Nav §§ 18 og 19, i sakshandsamingskrav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, forvaltningslova, og i krav til internkontroll.

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad vert handsama i tråd med lov og forskrift
  • det skal leggjast særleg vekt på å undersøkje om kommunen sikrar at det vert gjort individuelle vurderingar

Tilsynet såg på følgjande undertema:

  • handtering av innbyggjarane sin kontakt og søknader om økonomisk stønad
  • kartlegging og innhenting av relevante opplysningar
  • vurderingar og avgjerder om økonomisk stønad

Følgjande funn vart gjort:

Avvik

Hyllestad kommune sikrar ikkje at utmålinga av økonomisk stønad til livsopphald skjer etter ei konkret individuell vurdering.

Dato: 12.11.10

Arne Røyrvik
revisjonsleiar
Siv Bianca Kjosås
revisor

 

 

Elisabeth Lund-Iversen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Hyllestad kommune, Nav Hyllestad i perioden 07.06.10 — 12.11.10. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og korrigerte dersom dette er naudsynt
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga vert følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gjeve i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på potensiale for betring

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Hyllestad kommune hadde eit folketal på 1 502 pr. 01.01.10. Kommunen har spreidd busetnad. Det er ei større industribedrift i Hyllestad.

Nav Hyllestad vart etablert hausten 2009 og hadde offisiell opning 18.12.09.

Kontoret har fem tilsette fordelt på 4,5 årsverk der 1,5 årsverk er kommunale stillingar. Dei kommunale tenestene, forutan minimumsløysinga, som er lagt til Nav-kontoret er; bustønad, startlån og etableringstilskot, særlege tiltak innan rusområdet og personal- og budsjettansvar for HyHestad aktivitetssenter.

Telefonmottak er etablert i eit felles kundesenter (Nav telefonen) for heile fylket, og alle telefonførespurnader til Nav kontoret går dit i første omgang.

Arbeidet med økonomsk stønad er organisert slik at alle tilsette arbeider med det. Alle skal handtere alle tema som er aktuelle i kontakten med brukarane dei er kontaktperson for. Det vert likevel slik at nokon av dei tilsette arbeider meir med økonomisk stønad enn andre. Nav-leiar er involvert i alle saker som gjeld økonomisk stønad, både som diskusjonspart og ved at han godkjenner alle vedtak. Saksmøte kvar veke, der heile kontoret deltek, vert nytta til å diskutere saker. Alle tilsette kan gjere vedtak og tilvise i leiaren sitt fråver.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 07.06.10. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gjeve i avsnittet "Dokumentunderlag".

Møte med leiar av Nav-telefonen vart halde 30.08.10.

Samtale med tre tilsette ved Nav-telefonen vart gjennomført 10.09.10.

Opningsmøte vart halde 27.10.10.

Intervju

Seks personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, går fram i avsnittet "Dokumentunderlag". Det vart gjennomført synfaring ved Nav Hyllestad 27.10.10.

Sluttmøte vart halde 28.10.10.

4. Kva tilsynet omfatta

  • om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad vert handsama i samsvar med lov- og forskriftskrav
  • det skat særleg leggast vekt på å undersøkje om kommunen sikrar at det vert føreteke individuelle vurderingar

5. Funn

Avvik

Hyllestad kommune sikrar ikkje at utmålinga av økonomisk stønad til livsopphald skjer etter ei konkret individuell vurdering.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Lov om sosiale tenester i Nav §§ 18 og 19.

Avviket byggjer på:

  • det kom fram i intervjua at kommunal rettleiande sats er sterkt førande for stønadsnivået
  • gjennomgang av vedtak syner at kommunal rettleiande sats gjennomgåande vert nytta ved utmåling av økonomisk stønad til livsopphald
  • det går ikkje fram av grunngjevinga for vedtak at det er vurdert om rettleiande sats skal fråvikast

6. Regelverk

  • LOV 2009-12-18 nr.131: Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen
  • LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker med forskrift til forvaltningslova
  • FOR 2002-12-20 nr. 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Rundskriv I-34/2001- Sosial og helsedepartementet. Sosialtjenesteloven kapittel 5
  • Rundskriv A-68 av 21.12.09 — Statlege veiledende retningslinjer for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart sendt over då revisjonen vart førebudd:

  • Organisasjonskart for Hyllestad kommune
  • Oversyn over tilsette ved Nav Hyllestad
  • Samarbeidsavtale mellom Hyllestad kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Sogn og Fjordane
  • Årsmelding 2009 for Hyllestad kommune
  • Årsmelding 2009 for Nav Hyllestad og Hyllestad aktivitetssenter
  • Delegasjonsreglement frå administrasjonssjefen til stabsleiarar, tenesteleiarar og andre tilsette i Hyllestad kommune
  • Verksemndsplan for Nav Hyllestad 2010
  • Søknadsskjema "Søknad om økonomisk stønad"
  • Til søknad om sosialhjelp —krav om dokumentasjon S
  • Statistikk pr. 06.10.10 knytt til tal vedtak om økonomisk stønad frå 01.01.10

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 15 brukarmapper med vedtak om økonomisk sosialstønad (kontoret hadde berre gjort innvilgingsvedtak i 2010)

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Tilsynsvarsel sendt 07.06.10
  • Brev frå Hyllestad kommune om kontaktperson i verksemda motteke 20.07.10
  • Dokumentgrunnlag frå Hyllestad kommune motteke 07.10.10
  • Førebels rapport utsendt 29.10.10
  • Telefon om at kommunen ikkje har merknader til førebels rapport motteke 12.11.10
  • Endeleg rapport utsendt 12.11.10

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakarar ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Anne Merete Takle

rådgjevar

X

X

X

Sigrunn Østerbø

rådgjevar

X

X

X

Mary Anne Holmeseth

rådgjevar

X

X

X

Gerd Langeteig Eide

rådgjevar

X

X

X

Kristen Holt

Nav- leiar

X

X

X

Trond Hansen

Administrasjonssjef

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Seksjonsleiar Arne Røyrvik (revisjonsleiar), rådgjevar Siv Bianca Kjosås (revisor) og rådgjevar Elisabeth Lund-Iversen (revisor).