Rapport frå tilsyn med institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og handsaming av klager på bruk av tvang ved Nordfjord barne- og ungdomssenter (Meltunet) 2010
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område: Institusjonen sine rutinar og praksis for:
- føring av tvangsprotokollar
- handsaming av klager på bruk av tvang
Systemrevisjonen avdekka ikkje tilhøve som gav grunnlag for avvik eller merknadar.
Dato: 15.11.10
Jens Tore Eggum
(revisjonsleiar), rådgjevar
Siv Bianca Kjosås
(revisor) og rådgjevar
Line Helen Pedersen
Døsen (revisor).
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nordfjord barne-og ungdomssenter (Meltunet) i perioden 07.06.10 -15.11.10. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barnevernsinstitusjonar etter lov om barnevernstenester § 5-7.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera om verksemda handterer krava i lovgjevinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema som tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og korrigerte dersom det er naudsynt
- om tiltaka er gode nok for å sikra at lovgjevinga vert følgd
Ein systemrevisjon vert gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gjeve i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på potensiale for betring
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Nordfjord barne-og ungdomssenter (Meltunet) er ein statleg institusjon etablert i 1995.
Meltunet er godkjent for plassering etter bvl § 4-4 femte ledd og bvl § 4-12, for inntil 5 barn/ungdommar.
Institusjonen nyttar sjeldan tvang ovanfor bebuarane, og personalet har såleis lite praktisk erfaring i forhold til bruk av tvang, protokollering og handtering av klager.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 06.07.10. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 30.09.10.
Intervju
4 personar blei intervjua.
Oversyn over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gjeve i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 30.09.10.
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.
5. Funn
Systemrevisjonen avdekka ikkje tilhøve som gav grunnlag for avvik eller merknadar.
6. Regelverk
- Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
- Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
- Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
- Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei oversendt då revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart
- Oversyn over tilsette
- Prosedyre for opplæring av nytilsette og ekstravakter
- Kopi av forskrift om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
- Prosedyre for føring av tvangsprotokoll
- Beredskap og delegering av mynde
- Prosedyre ved rømming
- Prosedyre ved bruk av tvang i akutte faresituasjonar
- Opplæringsplan —revidert 2010 2
- brev frå BUFETAT region vest om etterkontroll og oppfølging av etterkontroll
- Kopi av 3 tvangsprotokollar
Det blei ikkje gjennomgått ytterlegare dokumentasjon under sjølve revisjonsbesøket.
Korrespondanse mellom institusjonen og Fylkesmannen:
- Tilsynsvarsel vart sendt ut den 06.07.10
- Dokumentgrunnlag frå institusjonen vart motteke 06.09.10
- Rapport vart sendt ut den 15.11.10
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gjev eit oversyn over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva
Namn | Funksjon / stilling | Opningsmøte | Intervju | Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Bjørg Melheim |
tiltaksleiar |
X |
X |
X |
Dag Jensen |
avdelingsleiar |
X |
X |
X |
Anne Helen Hjelle |
miljøterapeut |
X |
||
Tone Haukebø |
miljøterapeut |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok: rådgjevarJens Tore Eggum (revisjonsleiar), rådgjevar Siv Bianca Kjosås (revisor) og rådgjevar Line Helen Pedersen Døsen (revisor).