Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Regelverk:

  • Lov om sosiale tenester av 13.des.1991 med seinare endringar
  • Forskrift gjeve 4 des.1992 med heimel i lova § 7-9 med seinare endringar
  • Rundskriv IS-10/2004
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. febr.1967

Sammendrag

Rapporten omhandlar avviket som vart påpeika innan dei reviderte områda.

Systemrevisjonen omfatta følgjande områder:

  • Om kommunen sikrar at tenestemottakarane mottek eit forsvarleg tenestetilbod etter sotjl. § 4-3 jf. § 4-2 a-d, i samsvar med eventuelle endringar i bistandsbehovet og uavhengig av endringar i ressursråmene
  • Om kommunen sikrar at utviklingshemma mottek sosiale tenester utan bruk av ulovleg tvang og makt

Følgjande avvik vart avdekka:

Solund kommune sikrar ikkje at utviklingshemma mottek sosiale tenester utan ulovleg bruk av makt og tvang.

Dato: 10.05.10

Kari Vold Olsen
revisjonsleiar
Elisabeth Lund-Iversen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Solund kommune 2. februar 2010, og er gjennomført av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Føremålet med tilsynet er å vurdere korleis verksemda ivaretek ulike myndigheitskrav gjennom sin internkontroll. Tilsynet omfattar undersøking om:

a. aktivitetar vert utført som beskrive og uttalt

b. verksemda driv si verksemd innanfor dei rammene som myndigheitene har sett

Heimel for Fylkesmannen sitt tilsyn er Lov om sosiale tenester § 2-6, der det står at Fylkesmannen pliktar å føre tilsyn med kommunen si verksemd etter kap. 4 og 4A og skal kontrollere at verksemda vert drive i samsvar med lova og forskrifta til lova.

Fylkesmannen kan utan hinder av teieplikta krevje innsyn i dei opplysningar som er nødvendige for at fylkesmannen kan utføre sine oppgåver. I samband med tiltak etter sotjl. kap 4A kan tilsynet gjennomføre tilsynsbesøk i bustaden utan brukaren sitt samtykke.

Dersom verksemd etter sotjl. kap. 4 og 4A vert drive på ein måte som kan ha skadelege følgjer for tenestemottakar eller på anna måte er uheldig eller uforsvarleg, kan Fylkesmannen gi pålegg om å rette opp forholdet.

Systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokumenter, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjonar inneber å sjekke om rutinar, prosedyrar og instruksar vert følgt opp i praksis, og om dei fysiske forhold tilfredstiller myndigheitskrava. Rapporten viser avvik og merknader som vart avdekka under tilsynet.

Definisjonar på eit avvik og ein merknad er slik:

  • Avvik vert definert som brot på vilkår gjeve i gjeldande lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik, men der tilsynet finn at det er nødvendig å peike på forhold som kan forbetre tenesta, med utgangspunkt i dei krav som blir sett i regelverket

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Solund kommune hadde pr 2009 876 innbyggjarar, og har få personar er psykisk utviklingshemma med tiltak etter lov om sosiale tenester kap. 4.

Kommunen har organisert tenesta som del av omsorgstenestene med helse- og omsorgsleiar som overordna fagleg ansvarleg. Det er tilsett ny avdelingsleiar som skal ha ansvar for bustaden og tenester til psykisk utviklingshemma. Dette er ein vernepleiar, ei yrkesgruppe kommunen meiner det er behov for.

Tilsynet vart gjennomført over ein dag. Det vart halde opningsmøte og gjennomført 5 intervju med tilsette som har ansvar og/eller oppgåver knytte til emnet for tilsynet. Tilsynet gjennomførte og eit besøk i ein bustad. Tenestemottakaren var ikkje til stades. Vi såg på kva lovverk som var oppbevart i tilknyting til bustaden, internkontrollperm, rapportbok og avtalebok.

På sluttmøte vart førebels resultat presentert for kommunen.

3. Dokumentunderlag

Dokumentunderlag for kontrollen var :

  • Organisasjonskart for Solund kommune
  • Delegasjonsreglement
  • Budsjettvedtak
  • 2 enkeltvedtak
  • 1 individuell plan
  • Avviksskjema
  • Turnusplan med namn på tilsette
  • Oversikt over tal psykisk utviklingshemma med sosiale tenester
  • 1 dagsplan

4. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel ble utsendt 14.08.09

Fylkesmannen mottok dokumentasjon frå kommunen 02.09.09

Dagsorden vart sendt kommunen 04.09.09

Tilsynet med opningsmøte, intervju og sluttmøte var gjennomført 02.02.10

Grunna sjukdom vart tilsynet utsett til 02.02.10.

5. Reviderte områder

Tilsynsområde 1:

Sosiale tenester til personar med psykisk utviklingshemming – ved endring i behov

Det blei ikkje funne avvik eller påpeika merknader på dette området.

Tilsynsområde 2:

Ulovleg bruk av makt og tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming.

Avvik 1:

Solund kommune sikrar ikkje at utviklingshemma mottek sosiale tenester utan ulovleg bruk av makt og tvang.

Avvik frå myndigheitskrav:

  • Lov om sosiale tenester § 4A-4 jf. § 2-1 første, andre og tredje ledd jf. internkontrollforskrifta §§ 3 og 4.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Kommunen har ikkje system som sikrar at det vert gjeve opplæring om regelverket, eller at tenesteytarane har kjennskap til bruk av enkeltmeldingar.
  • Det er ikkje gjeve opplæring i kva som vert rekna som tvang og makt, eller korleis ein skal melde evt. slike tilfelle
  • Tenesteytarane kjenner ikkje til prosedyrar på enkeltmeldingar om makt eller tvang
  • Regelverket er tilgjengeleg i bustaden, men dette er ikkje kjent av personalet
  • Det vert opplyst at tvang og makt ikkje er tema i personalmøta
  • Kommunen har avvikssystem, men dette vart lite nytta, og det var ikkje systematikk i tilbakemelding og oppfølging
  • I bustaden finn tilsynet ein perm med ulike internkontrollprosedyrer, men denne er ikkje kjent eller i aktiv bruk av tenesteytarane eller leiar

6. Deltakarar ved tilsynet

Oversikt over personar som deltok i tilsynet frå Solund kommune:

Deltakarar ved tilsynet
Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Marit Utvær

Helse- og omsorgsleiar

x

x

x

Alfhild Steinsøy

Omsorgsarbeidar

x

x

x

Solbjørg Bjorøy

Primærkontakt

 

x

x

Tone Fimreite

Assistent

x

x

 

Gøsta Odeen

Kst. administrasjonssjef

 

x

 

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane møtte følgjande personar:
Kari Vold Olsen, tilsynsleiar
Verner Bjerkvik, revisor
Elisabeth Lund-Iversen, revisor