Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen skal i 2010 gjennomføre landsomfattande tilsyn med sosiale tenester i Nav. Føremålet med tilsynet er å undersøkje om kommunen gjennom sine styringsaktivitetar og internkontroll sikrar at søkjarane sin rett til økonomisk stønad vert ivareteken. Tilsynet tek utgangspunkt i reglane om økonomisk stønad i lov om sosiale tenester i Nav §§ 18 og 19, i sakshandsamingskrav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, forvaltningslova, og i krav til internkontroll.

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad vert handsama i tråd med lov og forskrift;
  • det skal leggjast særleg vekt på å undersøkje om kommunen sikrar at det vert gjort individuelle vurderingar

Tilsynet såg på følgjande undertema:

  • handtering av innbyggjarane sin kontakt og søknader om økonomisk stønad
  • kartlegging og innhenting av relevante opplysningar
  • vurderingar og avgjerder om økonomisk stønad

Følgjande funn vart gjort:

Avvik

Stryn kommune sikrar ikkje dokumentasjon av at det vert gjort individuelle vurderingar ved utmåling av stønad som går under kommunen sin rettleiande sats for nødhjelp/krisehjelp.

Dato: 1 11.10

Arne Røyrvik
revisjonsleiar
Kari Vold Olsen
revisor

 

 

Siv Bianca Kjosås
revisor

 

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Stryn kommune, ved Nav Stryn i perioden 07.06.10 — 12.11.10. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 9.

Føremålet med systemrevisjonen er å vurdera om verksemda handterer krava i lovgjevinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema som tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og korrigerte dersom dette er naudsynt
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga vert følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gjeve i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på potensiale for betring

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Stryn kommune hadde pr. 01. april 2010 eit folketal på 7.021. Dei dominerande næringsvegane i kommunen er industri og turisme.

Industrien i Stryn er svært variert, og stort sett bygd opp av små og mellomstore verksemder. På bakgrunn av dette er sysselsettinga i kommunen god, med sikre arbeidsplassar og stabil arbeidskraft. Om ein ser bort i frå bykommunane, er Stryn også den største reiselivskommunen på vestlandet med ein 150 år lang tradisjon.

Nav Stryn vart etablert 19.08.2008. Eininga er organisert i eit mottaksteam og eit oppfølgingsteam. Vidare er det eit marknadsteam med tilsette både frå mottak og oppfølging.

Mottaksteamet stettar 3 roller, vert, bakvakt og sakshandsaming. Hovudoppgåva til oppfølgingstemaet er oppfølging av brukarar som har trong for langtidstenester i Nav systemet. Marknadsteamet har fokus på utadretta aktivitetar/marknadstiltak.

Telefonmottak er etablert i eit felles kundesenter (Nav telefonen) for heile fylket, og alle telefonførespurnader til Nav kontoret går dit.

Nav Stryn handterer følgjande kommunale tenester:

  • økonomisk sosialhjelp
  • arbeid, råd og rettleiing knytt til individuell plan
  • gjeldsrådgjeving
  • rusførebygging, oppfølging og ettervern bustadoppfølging

Det går fram av delegasjon frå rådmannen til Nav-leiar og vidare nedover til dei tilsette kva oppgåver og ansvar som ligg til kvar einskild stilling. Det er vidare lagt fram fleire rutinedokument som gjeld for det reviderte området.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 06.07.10. Oversyn over dokumenta som verksemda har over sendt i samband med tilsynet, er gjeve i avsnittet "Dokumentunderlag".

Formøte med leiar av Nav-telefonen blei halde 30.08.10.

Samtale med 3 tilsette ved Nav-telefonen blei gjennomført 10.09.10.

Opningsmøte blei halde 12.10.10.

Intervju

6 personar blei intervjua. Oversikta over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket går fram i avsnittet "Dokumentunderlag". Det vart gjennomført synfaring ved Nav Stryn 12.oktober.

Sluttmøte blei halde 13.10.10.

4. Kva tilsynet omfatta

  • om kommunen sikrar at søknader om økonomisk stønad vert handsama i samsvar med lov- og forskriftskrav;
  • det skal særleg leggast vekt på å undersøkje om kommunen sikrar at det vert føreteke individuelle vurderingar

5. Funn

Avvik

Stryn kommune sikrar ikkje dokumentasjon av at det vert gjort individuelle vurderingar ved utmåling av stønad som går under kommunen sin rettleiande sats for nødhjelp/krisehjelp.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Lov om sosiale tenester i Nav §§ 18 og 19 jf § 4 og forvaltningslova § 17.

Avviket byggjer på:

Gjennomgangen av saksmapper viser at:

  • grunngjevinga for utmåling av stønad under kommunal rettleiande sats for nødhjelp/krisehjelp ikkje går fram av vedtaka
  • stønad under kommunal rettleiande sats for nødhjelp/krisehjelp vert brukt for ein periode over fleire veker
  • stønad som over veker går vesentleg under kommunal rettleiande sats, sikrar ikkje stønadsmottakar sin rett til forsvarleg yting

6. Regelverk

  • LOV 2009-12-18 nr.131: Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen
  • LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker med forskrift til forvaltningslova
  • FOR 2002-12-20 nr. 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Rundskriv 1-34/2001- Sosial og helsedepartementet. Sosialtjenesteloven kapittel 5
  • Rundskriv A-68 av 21.12.09 – Statlege veiledende retningslinjer for utmåling av økonomisk stønad til livsopphald

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd:

  • organisasjonskart for Stryn kommune
  • administrativt organisasjonskart
  • oversikt over tilsette ved Nav Stryn
  • revidert delegasjonsmynde Nav-leiar
  • delegasjonsmynde Nav-leiar
  • revidert delegasjonsmynde helse- og sosialetaten
  • fullmakter til å fatte vedtak og tilvise økonomisk sosialhjelp
  • delegasjon til tilsette ved Nav Stryn
  • funksjonsomtale fagansvar rus
  • kvalitetshandbok — samtykke
  • kvalitetshandbok — økonomisk sosialhjelp, søknad og vedtak
  • kvalitetshandbok — økonomisk sosialhjelp, klagehandsaming
  • kvalitetshandbok — retningsliner for journalføring
  • verksemdplan for Nav Stryn 2010

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 5 nødhjelpssaker
  • 5 avslagssaker
  • 5 avvisningssaker 10 § 18 saker
  • 5 § 19 saker
  • Stryn kommune sine retningslinjer for økonomisk sosialhjelp 2010 (vedtak i sak HS 007/10)

Korrespondanse mellom verksemda og Fyikesmannen:

  • tilsynsvarsel utsendt 06.07.10
  • dokumentgrunnlag frå Stryn kommune motteke 10.09.10
  • dagsorden utsendt 23.09.10
  • førebels rapport utsendt 26.10.10
  • endeleg rapport utsendt 12.11.10

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gjev eit oversyn over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Venke Aaning

rådgjevar

 

X

X

Renate Ekrem

rådgjevar

X

   

Aud Hoel Egge

rådgjevar

X

X

X

Bjørn Vangberg

rådgjevar

X

X

X

Kari Tonning

Nav- leiar

X

X

X

Berit Wetlesen

helse- og sosialsjef

X

X

 

Per Kristian Storevik

rådmann

   

X

Frå tilsynsorganet deltok:
seksjonsleiar Arne Røyrvik (revisjonsleiar), rådgjevar Kari Vold Olsen (revisor) og rådgjevar Siv Bianca Kjosås (revisor).