Rapport frå tilsyn med institusjonen sine rutinar og praksis for foring av tvangsprotokollar og handsaming av klager på bruk av tvang ved Sunnfjord barne- og ungdomssenter 2010
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- føring av tvangsprotokollar
- handsaming av klager på bruk av tvang
Det vart ikkje avdekka avvik under tilsynet.
Det vart gjeve 1 merknad under tilsynet.
Merknad
I institusjonen sine prosedyrar går det fram at mynde til å ta avgjerd om å i verksette tvangstiltak også er delegert til personale som har ansvarsvakt.
Dato: 03.12.2010
Jens Tore Eggum
revisjonsleiar
Line Døsen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Sunnfjord barne- og ungdomssenter (Bregnetunet) i perioden 05.07.10 -03.12.10. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barneverninstitusjonar etter lov om barneverntenester § 5-7.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen gir derfor in a fullstendi tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har Sort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Sunnfjord barne- og ungdomssenter avd. Bregnetunet er ein statleg barneverninstitusjon godkjend for inntil 3 bebuarar. Institusjonen tek i mot ungdommar frå Sogn og Fjordane, som vert plassert med heimel i bvl §§ 4-4 5. ledd og § 4-12.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.
Revisjonsvarsel blei sendt ut 05.07.2010. Oversikt over dokument som verksemda har
sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 12.10.10.
Intervjuar
5 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 12.10.2010
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var institusjonen sine rutinar og praksis for føring av tvangsprotokollar og behandling av klager på bruk av tvang.
5. Funn
Merknad
I institusjonen sine prosedyrar går det fram at mynde til å ta avgjerd om å i verksette tvangstiltak også er delegert til personale som har ansvarsvakt.
Merknaden gjeld Følgjande myndigheitskrav:
- Rettigheitsforskrifta §§ 8 femte ledd, 14 tredje ledd og 16 tredje ledd.
Merknaden byggjer på følgjande funn:
- Ved gjennomgang av institusjonen sine rutinar for bruk av tvang går det fram at mynde til å ta avgjer er delegert frå leiar/nestleiar til å også gjelde personale som har ansvarsvakt. Gjennom intervjua kom det fram at i praksis vart leiar eller avdelingsleiar konsultert og tok avgjer om iverksetting av tvangstiltak.
6. Regelverk
- Lov om barneverntenester av 17. juli 1992 nr. 100
- Forskrift av 11. desember 2003 nr. 1564 om tilsyn i barneverninstitusjonar for omsorg og behandling
- Forskrift av 6. oktober 2008 nr. 580 om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
- Forskrift av 12. desember 2002 nr. 1594 om rettar og bruk av tvang under opphald i barneverninstitusjonar
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
Organisasjonskart for Sunnfjord- barne og ungdomssenter
Rutine om føring av tvangsprotokoll og enkeltvedtak
Prosedyre for handtering av klage Prosedyre for bruk av tvang
Opplæringsplan
Oversyn over tilsette
Kopi av tvangsprotokoll - 1 stk
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Tilsynsvarsel vart sendt ut den 06.07.10
- Dokumentgrunnlag frå institusjonen vart motteke 10.09.10
- Førebels rapport vart sendt ut 12.11.10
- Endeleg rapport vart sendt ut 3.12.10
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn | Funksjon / stilling | Opningsmøte | Intervju | Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Gunnar Kyrkjebø |
Leiar |
X |
X |
X |
Ingunn Hjellum |
Avdelingsleiar |
X |
X |
X |
Venke Skilbrei |
Miljøterapeut |
X |
X |
X |
Eirik Ødelien |
Miljøterapeut |
X |
|
X |
Karin Eide |
Miljøterapeut |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Jens Tore Eggum og Line Pedersen Døsen.