Tilsyn med avlasting i Vågsøy kommune 2010
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.
Vi syner til melding om tilsyn datert 09.04.10, der det går fram at temaet for tilsynet er kommunen sitt tilbod om avlasting for omsorgspersonane til eldre som elles ville ha rett til helse- eller sosialhjelp frå kommunen.
Fylkesmannen fører tilsyn med sosialtenestene med heimel i lov om sosiale tenester § 2-6 og Helsetilsynet i fylket fører tilsyn med helsepersonell og helsetenester i fylket med heimel i lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 2.
Formålet med dette tilsynet var å undersøkje om kommunen stettar behovet for avlastning for omsorgsytarar som har omsorg for eldre, uavhengig av om behovet vert dekt med avlastingstiltak heimla i sosialtenestelova eller tilbod om korttidsplass heimla i kommunehelsetenestelova.
Tilsynet er gjennomført ved stikkprøvekontroll, basert på ein gjennomgang av skriftleg dokumentasjon i eit utval saker. Vi har også hatt telefonmøte med kommunen sin kontaktperson for dette tilsynet, Anne Færestrand.
Revisorar ved tilsynet har vore Arne Røyrvik, Elisabeth Lund-Iversen og Turid Måseide.
Vi har sett på 18 vedtak, med tilhøyrande dokumentasjon. Vedtaka er gjort innanfor dei siste to åra. Av dei 18 vedtaka vi har sett, er sju heimla i lov om sosiale tenester, 11 i kommunehelsetenestelova. Eitt av dei 18 vedtaka er avslag på søknad om avlasting. Søkaren har for same periode fått korttidsopphald. Vi har avklara i telefonmøte at avslag ikkje vert gjeve munnleg. Vedtaka er såleis dei 18 siste gjort innanfor dei siste to åra.
Vi har sett nærare på korleis kommunen etterlever
- utgreiingsplikta, jf. forvaltningslova § 17
- kravet om individuell vurdering av søknader
- dei formelle krava om vedtak, grunngjeving og informasjon om klagerett
- reglane om eigenbetaling
På bakgrunn av opplysningane som kom fram under tilsynet, har vi kome til at vi må konstatere følgjande avvik frå krava som følgjer av lov og forskrifter på dei nemnde områda:
Kommunen sikrar ikkje at avlastingsbehov vert kartlagt og vurdert etter reglane i sosialtenestelova. Vi syner her til sosialtenestelova § 4-3, jf § 4-2 bokstav b.
Vi meiner desse observasjonane underbyggjer avviket:
- Kommunen har informasjon om avlasting på heimesidene sine, men er ikkje konsekvente med tanke på når avlasting skal vere eit tema ved sakshandsaminga
- Sakene er jamt over godt utgreidd, men kommunen har ikkje einsarta praksis med tanke på når vedtak om avlasting vert heimla i sosialtenestelova og når det vert gjort med heimel i kommunehelsetenestelova
- Kommunen utgreier ikkje alltid behovet for ei fast avlastingsordning i saker der det er aktuelt
- Der vedtak som skal stette eit avlastingsbehov er heimla i kommunehelsetenesta, vert grunngjevinga ikkje riktig, då det er synt til feil heimel
- Der vedtak som skal stette eit avlastingsbehov er heimla i kommunehelsetenesta, er klageretten ikkje reell, fordi tenestemottakar ikkje har fått tilstrekkeleg informasjon om avlasting
Vi vil gjere kommunen merksam på at det ikkje er heimel for vedtak om eigenbetaling dersom tenesta er tildelt for å stette eit avlastingsbehov. Kommunen bør gå gjennom kvart av vedtaka om eigenbetaling for korttidsopphald som er gjort dei siste to åra med tanke på om det er gjort sakshandsamingsfeil som gjer nokon av vedtaka ugyldige. Oppheving av eit ugyldig vedtak bør føre til tilbakebetaling av den aktuelle summen.
Kommunen vart gjort kjend med vår oppsummering av tilsynet i telefonmøte den 25.06.10.
Fylkesmannen ber kommunen melde tilbake innan 01.09.10 kva de vil gjere for å få sakshandsaminga på dette området i samsvar med lovkrava.
Tilsynet vert ikkje avslutta før avviket er lukka.
Med helsing
Petter Øgar, avdelingsdirektør
Turid Måseide, juridisk sjef
Dokument som vert sendt elektronisk er godkjent og signert elektronisk av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Vedlegg: Brev frå Sosial- og helsedepartementet 26.09.2000