Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Informasjon, råd og rettleiing til menneske med rusproblem og deira pårørande
  • Praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og behandlingstilbod
  • Oppfølging under behandling
  • Tiltak og ettervern etter behandling
  • Samhandling koordinering av tenestetilbod

Revisjonen er ein del av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket si planlagde tilsynsverksemd dette året. Det vart ikkje funne avvik.

Leikanger 14. oktober 2011

Astrid Tveit
revisjonsleiar

Kari Vold Olsen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Askvoll kommune i perioden 15.04.11 – 13.11.2011.

Fylkesmannen har heimel til å føre tilsyn med rusfeltet etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket skal føre tilsyn med alt helsevesen og alt helsepersonell i fylket og gi råd, rettleiing og opplysningar som medverkar til at befolkninga sine behov for helsetenester vert dekka, jf. lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2. Tilsynet vart gjennomført med felles revisjonslag frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Askvoll kommune ligg ved kysten og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust til Bulandet i vest, med Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord. Kommunen har ca. 3000 innbyggarar.

Kommunesenteret Askvoll der kommuneadministrasjonen og mange av dei kommunale tenestene er lokaliserte, ligg på fastlandet. Ein del av tenestene er desentraliserte, blant anna skule, barnehage og delar av omsorgstenesta.

Tenestetilbodet til rusmiddelmisbrukarar er organisert under Nav Askvoll gjennom avtale og delegasjon. Nav Askvoll har tilsett fagperson med særskilt ansvar innan rusfeltet. I tillegg har Nav kontoret tilsett miljøarbeidararar i deltidsstillingar som følgjer opp rusavhengige. Rusmiddelmisbrukarar får vidare tilbod om oppfølging frå to psykiatriske sjukepleiarar som er organisert under omsorgstenesta. Nav Askvoll og omsorgstenesta i kommunen samarbeider innan rusfeltet.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn vart sendt ut 15.04.2011. Vi mottok dokumentasjon frå kommunen 30.05.2011. Dagsorden for tilsynet vart sendt ut 13.07.2011.

Opningsmøte blei halde torsdag 1. september 2011.

Intervju

7 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 2. september 2011.

 

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunen sitt tenestetilbod til rusmiddelmisbrukarar på følgjande område:

  • om kommunen sikrar at rusmiddelmisbrukarar og deira pårørande vert gitt informasjon, råd og rettleiing
  • om kommunen sikrar at praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og behandling er tilgjengelege tenester for rusmiddelmisbrukarar
  • om rusmiddelmisbrukarar vert følgd opp under behandling
  • om kommunen sikrar tiltak og ettervern etter behandling
  • samhandling, samarbeid og koordinering av tenestetilbod

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik.

 

6. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester
  • Lov om helsetenesta i kommunane
  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift om internkontroll i helse- og sosialtenesta
  • Forskrift om sosialtenesta
  • Forskrift om individuell plan etter helselovgjevinga og sosialtenestelova

7. Dokumentunderlag

  • Organisasjonskart
  • Møtebok frå kommunestyre vedk. kommunale tenester i Nav – sak 03/08
  • Møtebok kommunestyre vedk. delegasjon helse- og sosial – sak 24/08
  • Ruspolitisk handlingsplan
  • Rehabiliteringsplan
  • Utkast til rutine for individuell plan (prosjekt)
  • Samarbeidsavtale mellom Askvoll kommune og Psykiatrisk klinikk – sak 07/255
  • Rutinar ved Askvoll Nav
  • Fire vedtak (anonymisert)
  • Samtykkeerklæring til tverrfagleg samarbeid
  • Delegering av mynde frå administrasjonssjef til Nav leiar
  • Delegering av vedtaks- og tilvisingsmynde frå Nav leiar til sakshandsamar i saker som gjeld sosialtenestelova kapittel 5 og 6

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Fire journalar ved Nav kontoret
  • Fire journalar frå omsorgstenesta

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket deltok:

Astrid Tveit revisjonsleiar
Kari Vold Olsen revisor