Rapport frå tilsyn med helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasientrettar kapittel 4A til pasientar i sjukeheim Aurland kommune 2011
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Aurland kommune, Aurland helsetun, 27. og 28.09.2011. Denne rapporten gjer greie for dei funn som blei avdekka på området for tilsynet.
Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område:
Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasientrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.
Tilsynet skulle undersøke om Aurland kommune:
- sikrar at motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert
- sikrar at tillitsskapande tiltak vert forsøkt før tvungen helsehjelp vert gjennomført
- sikrar at det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang
Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2011 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.
Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknader under tilsynet.
Dato: 24.10.2011
Beate Tollefsen
revisjonsleiar
Christoffer K. Boge
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Aurland kommune i perioden 17.06. – 24.10.2011. Tilsynet er del av eit landsomfattande tilsyn med kommunale helsetenester i 2011 og er eit av dei planlagde tilsyna som Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.
Helsetilsynet i fylket sin heimel til å føre tilsyn følgjer av lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.
Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Rapporten gir inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
Definisjonar:
- Avvik er at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsmyndigheitene finn grunn til å peike på betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Aurland helsetun har 24 plassar fordelt på skjerma eining, sjukeheimsavdelinga og rehabiliteringsavdelinga. Det er åtte plassar på kvar avdeling. Tenesteleiar er ansvarleg for Aurland helsetun og rapporterer til rådmannen. Tilsynet har retta seg mot skjerma eining og sjukeheimsavdelinga. Det er tilsett ein gruppeleiar/fagleiar på kvar av desse avdelingane. Det sjukepleiefaglege ansvaret er delegert frå tenesteleiar til gruppeleiarane. Tilsynslegen er tilsett i 20 prosent stilling ved Aurland helsetun.
I perioden frå 01.01.2009 til varsel om tilsyn 16.06.2011 har Helsetilsynet i Sogn og Fjordane ikkje motteke kopi av vedtak om helsehjelp gitt med tvang.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande:
Aktivitet |
Dato |
Kommentar |
---|---|---|
Melding om tilsyn |
17.06.2011 |
|
Opningsmøte |
27.09.2011 |
|
Intervju |
27. og 28.09.2011 |
13 personar blei intervjua |
Sluttmøte |
28.09.2011 |
Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er teke inn i kapitlet om dokumentunderlag.
4. Kva tilsynet omfatta
Ved tilsynet har vi undersøkt om Aurland kommune, Aurland helsetun, har styring og fører kontroll med at somatisk helsehjelp gitt til pasientar som set seg imot slik hjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:
- motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert
- tillitsskapande tiltak blir prøvd før somatisk helsehjelp blir gitt med tvang
- det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang
5. Funn
Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknader under tilsynet.
6. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
- Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
- Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
- Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
- Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
7. Dokumentunderlag
- Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart pleie, rehabilitering og omsorg
- Organisasjonskart Aurland kommune
- Årsmelding 2010 pleie, rehabilitering og omsorg
- Årsmelding 2010 Aurland kommune
- Oversikt over tilsette ved Aurland helsetun
- Stillingsomtale
- Gruppesjukepleiar/fagleiar
- Sjukepleiar
- Hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar - Tenesteerklæring Aurland helsetun
- Tiltaksplan Aurland kommune
- Innspel til kompetanseplan 2011
- Kompetansegrupper i pleie, rehabilitering og omsorg
- Informasjon og opplæring
- Program for opplæring av ferievikarar
- Overordna kompetanse- og rekrutteringsplan for Aurland kommune
- Kvalitetssystemet i pleie rehabilitering og omsorgsavdelinga i Aurland kommune
- Prosedyre for tungen helsehjelp etter lov om pasientrettar kapittel 4A
- Mal for vedtaksskjema – lov om pasientrettar kapittel 4A
- Prosedyre for vurdering av samtykkekompetanse
- Skjema for vurdering av samtykkekompetanse
- Prosedyre for tillitsskapande tiltak for å unngå bruk av tvang
- Grunnelement for Marte Meo
- Vedtak om helsehjelp etter lov om pasientrettar kapittel 4A (sladda)
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Perm - Referat frå møte
- Avviksperm
- Prosedyrebok
- 14 pasientjournalar
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:
- 17.06.2011, brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, melding om tilsyn
- 20.07.2011, brev med vedlegg frå Aurland kommune, dokumentasjon
- 07.09.2011, brev med vedlegg til Aurland kommune, program
- Diverse e- postar som omhandlar tilsynet (korrigering av program)
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over personar som blei intervjua.
Navn | Funksjon / stilling | Åpningsmøte | Intervju | Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Lars Moland |
Tilsynslege |
x |
x |
x |
Astrid B. Heggen |
Intensivsjukepleiar |
x |
x |
x |
Steinar Søgaard |
Rådmann |
x |
x |
|
CaiYing Lu |
Sjukepleiar |
x |
x |
x |
Anne Karin Forberg |
Hjelpepleiar |
x |
x |
x |
Rut Helen Mo |
Sjukepleiar |
x |
x |
|
Ingrid Finden Bekkedal |
Gruppesjukepleiar/fagleiar |
x |
x |
x |
Aud Marit Vikesland |
Sjukepleiar |
x |
x |
|
Johanne Sørlie |
Sjukepleiar |
x |
||
Kari Mette Grymyr |
Hjelpepleiar |
x |
x |
|
Anita Grymyr |
Omsorgsarbeidar |
x |
x |
|
Rita Andresen |
Fungerande leiar |
x |
x |
x |
Kari Voldum |
Tenesteleiar |
x |
x |
x |
Norunn Haugen |
Assisterande rådmann |
x |
Frå tilsynsorganet deltok:
Revisor Christoffer Boge
Revisor Tom Debu Nesvåg
Observatør Signe Rauboti
Revisjonsleiar Beate Tollefsen