Helsetilsynet

Dato: 05. april 2011

Anne Eli Wangen
tilsynsleiar

Linda Svori
revisor

 

 

1. Tilsynstema og omfang

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med fastlege i Balestrand kommune i perioden 16.12.10 - 05.04.11.

Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2011 skal gjennomførast tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til eldre. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har bestemt å gjennomføre tilsyn med fastlegar innan same tema og i dei same kommunane som vi gjennomfører tilsyn med dei kommunale helse- og sosial­ tenestene. Dette tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsepersonell og helsetenester etter lov om statleg tilsyn med he/setenesta § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om fastlegen tek hand om ulike krav i helselovgjevinga.

Tema for tilsynet er:

  • fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad og som mottek helse- og omsorgstenester (heimesjukepleie)

Under tilsynet vert det vurdert om fastlegen har oppdatert oversikt over pasientane sine legemiddel. Vidare vurderer tilsynet fastlegen si oppfølging av legemiddel­ behandlinga og samarbeidet med heimesjukepleien om dette. Tilsynet vurderer legemiddelbehandlinga knytt til fire "markørar"; polyfarmasi, warfarin, NSAID og benzodiazepiner.

Tilsynet er gjennomført ved å granske fastlegen sine pasientjournalar og ved intervju med fastlegen. Tilsynet gjeld eit avgrensa område av fastlegen si kliniske verksemd. Denne rapporten handlar om funn som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet fastlegen har gjort innanfor tema som tilsynet omfatta.

2. Omtale av verksemda

Balestrand kommune har 1344 innbyggjarar. Kommunen har ein fastlegeheimel og ein turnuslege. Legekontoret i kommunen er lokalisert på Balestrand helsesenter. Fastlegen har 1300 pasientar på si liste. Fastlegen er kommunalt tilsett og har avtale om 40% stilling til arbeid med kommunale oppgåver. Han er mellom anna helsestasjonslege, skulelege og har ansvar for samfunnsmedisinske oppgåver. Han er rettleiar for turnuslege som mellom anna har ansvar for oppgåva som tilsynslege på sjukeheimen. Heimesjukepleien har tilbod om samarbeidsmøte med fastlegen ein time per veke til drøfting av problemstillingar som gjeld heimesjukepleien sine tenestemottakarar.

3. Gjennomføring

Melding om tilsyn med fastlegar blei sendt ut til legekontoret i Balestrand 16.12.10.

Samstundes blei det sendt førespurnad til kommunen om oversikt over pasientar som får hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel og kven som var deira fastlege. Fastlegane vart orientert om førespurnaden til kommunen.

Val av fastlege vart gjort på grunnlag av kommunen sine utarbeidde oversikter. Den fastlegen som hadde flest pasientar på si liste som fekk hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel vart vald. Då Balestrand kommune har ein fastlege vart denne legen vald.

Melding til fastlege om at han var vald som fastlege blei sendt ut 19.01.11.

Tilsynsbesøket vart gjennomført på helsesenteret i Balestrand 17.03.11 frå kl. 09.00 til 14.00. Etter eit kort innleiande møte gjekk tilsynslaget gjennom ein del pasient­ journalar. Deretter vart fastlegen intervjua om eiga verksemd. Tilsynsbesøket vart avslutta med eit oppsummerande møte der tilsynet presenterte funn etter journal­ gjennomgangen og intervjuet med fastlegen. Det vart også gjeve informasjon om utarbeiding av skriftleg rapport frå tilsynet og om vidare oppfølging etter tilsynsbesøket.

Vi gjekk gjennom 11 journalar/medisinkort der heimesjukepleien hjelper til med å administrere legemiddel til pasientane. l tillegg gjekk vi gjennom 4 journalar der pasienten administrerer medikamenta sjølv. Av desse journalane gjekk vi gjennom 5 journalar der pasienten brukar Marevan og 5 journalar der pasienten brukar NSAID eller benzodiazepiner.

Vurderingsgrunnlaget for tilsynet var følgjande lover og forskrifter:

  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
  • Lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr. 64
  • Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
  • Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr.1731
  • Forskrift om fastlegeordning i kommunene av 14. april 2000 nr. 0328

4. Funn

På grunnlag av journalgjennomgangen og opplysningar som kom fram under intervjuet med fastlegen vart det ikkje gjort funn som gav grunnlag for å vurdere at fastlegen si verksemd ikkje er i samsvar med lovkrava innan temaet om legemiddelbehandling. Det vart ikkje funne avvik (brot på lov eller forskrift) innan dette temaet.

Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok

Linda Svori, ass. fylkeslege
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar