Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Eid kommune, Eid sjukeheim, 13. og 14. september 2011. Denne rapporten gjer greie for dei funn som blei avdekka på området for tilsynet.

Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område: Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasientrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om Eid kommune:

  • sikrar at motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert
  • sikrar at tillitsskapande tiltak vert forsøkt før tvungen helsehjelp vert gjennomført
  • sikrar at det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2011 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Under tilsynet i Eid kommune blei det avdekka eitt avvik:

Avvik 1

Eid kommune sikrar ikkje at alle tilsette har tilstrekkeleg kunnskap for å identifisere motstand mot helsehjelp, at samtykkekompetanse alltid vert vurdert hjå pasientar som motset seg helsehjelp, og om det kan bli gitt helsehjelp etter lov om pasientrettar kapittel 4A.

Detaljar om avviket og observasjonar går fram av kapittel 5 i rapporten.

Dato: 13.10.2011

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Christoffer K. Boge
revisor

 

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Eid kommune, Eid sjukeheim, 13. og 14. september 2011. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn med kommunale helsetenester i 2011 og er eit av dei planlagde tilsyna som Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Helsetilsynet i fylket sin heimel til å føre tilsyn følgjer av lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsatt i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynslaget finn grunn til å påpeke betringspotensial.

 

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Eid sjukeheim har 39 plassar fordelt på to avdelingar. Eining for demente har 1O plassar og eining for pleie har 29 plassar. Det er ein felles avdelingsleiar for dei to avdelingane. Avdelingsleiar rapporterer til kommunalsjefen. Kvar avdeling vert leia av ein gruppeleiar. Begge gruppeleiarane er sjukepleiarar og rapporterer til avdelingsleiar. Ved sjukeheimen er det tilsett ein fagleg koordinator som blant anna har som oppgåve å lære opp tilsette og innføre rutinar om lov om pasientrettar

kapittel 4A. Tilsynslegen er tilsett i 13,33 % stilling og er til stades ein dag i veka frå klokka 0800-1200 og er utover dette tilgjengeleg på telefon. Legen er tatt med i diskusjonen og for å gjere helsefaglege vurderingar der det vert vurdert å fatte vedtak etter lov om pasientrettar kapittel 4A

I perioden frå 01.01.2009 til varsel om tilsyn 16.06.2011 har Helsetilsynet i Sogn og Fjordane ikkje motteke kopi av vedtak om helsehjelp gitt med tvang.

 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

Melding om tilsyn 16.06.2011

Opningsmøte 13.09.2011

Intervju 13. og 14.09.2011 15 personar blei intervjua

Sluttmøte 14.09.2011

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er teke inn i kapitlet om dokumentunderlag.

 

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Eid kommune, Eid sjukeheim, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvd før somatisk helsehjelp blir gitt med tvang
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Avvik 1

Eid kommune sikrar ikkje at alle tilsette har tilstrekkeleg kunnskap for å identifisere motstand mot helsehjelp, at samtykkekompetanse alltid vert vurdert hjå pasientar som motset seg helsehjelp, og om det kan bli gitt helsehjelp etter lov om pasientrettar kapittel 4A.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • lov om pasientrettar § 4-1, jf. 4-3, § 4-6, § 4A-2 og § 4A-5 fjerde ledd
  • kommunehelsetenestelova § 1-3a
  • helsepersonellova § 16
  • forskrift om pasientjournal § 8
  • forskrift om internkontroll § 4

Avviket byggjer på følgjande:

A. Tilsette har ikkje ei felles forståing for kva som skal reknast som motstand mot helsehjelp, og kvifor det er viktig å identifisere motstand for å kunne nytte kapittel 4A i lov om pasientrettar.

B. Det er uklar forståing for kven som har mynde til å gjere vedtak etter lov om pasientrettar kapittel 4A og dei tilsette har ulik forståing av kven som har ansvar for å vurdere pasienten sin samtykkekompetanse i høve helsehjelpa.

C. Kommunen har laga nye retningsliner ved bruk av tvang etter lov om pasientrettar kapittel 4A. Identifisering av motstand er ikkje tema i desse retningslinene.

D. Alle tilsette er ikkje kjende med dei nye retningsliner om tvungen helsehjelp etter kapittel 4A i lov om pasientrettar.

E. Det er utarbeidd skriftlege rutinar for vurdering av samtykkekompetanse. Dei tilsette er ikkje kjende med desse.

F. Dei tilsette dokumenterer i journal og rapporterer om motstand mot helsehjelp hjå pasientane, men kunnskapen vert ikkje nytta for å vurdere om det er naudsynt å bruke tvang etter lov om pasientrettar kapittel 4A.

G. Det er gjort eitt vedtak etter lov om pasientrettar kapittel 4A i Eid kommune. l journalen til denne pasienten er det ikkje dokumentert motstand mot helsehjelpa eller kva tillitsskapande tiltak som vart satt i verk for å unngå bruk av tvang.

H. Det har vore situasjonar der tilsette har vare usikre på om tiltak som har vorte sett i verk skulle ha vore definert som tvang. l desse tilfella har det ikkje blitt gjort vurderingar om det var aktuelt å fatte vedtak etter kapittel 4A.

I. Kommunen har eit system for å melde avvik. Dei tilsette får lite tilbakemeldingar på avvik som har vorte melde. Det har vare meld lite avvik på området som gjeld kapittel 4A. Det har vore situasjonar kor tilsette har vore usikre på om tiltak som er sett i verk skulle ha vore definert som tvang. Det er ikkje ei felles forståing for om slike hendingar skal meldast som avvik.

J. Dei tilsette har fått tilbod om opplæring i regelverk og kommunen sine rutinar for tvungent helsehjelp etter kapittel 4A i lov om pasientrettar. Leiinga har ikkje oversikt over om dei tilsette er kjende med regelverket eller dei nye rutinane som er utarbeida.

K. Det er ikkje gjennomført systematisk gjennomgang av tenestene for å identifisere område med fare for svikt.

 

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, sendt over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Årsmelding
  • Oversyn over tilsette ved Eid sjukeheim
  • Oversyn over tilsette ved Eid eldretun
  • Stillingsomtalar, stillingsinstruksar, ansvarsfordeling, mynde og oppgåvedeling
  • Styrande dokument med informasjon om sjukeheimen
  • Opplærings- og kompetanseplanar
  • Relevante dokument i styringssystemet
  • lnnhaldsoversyn over styringssystemet
  • Skriftlege prosedyrar for skriving av vedtak, kap 4A
  • Vedtaksskjema
  • Rutinar for samtykkekompetansevurdering
  • Framlegg til Helse- og omsorgsplan for Eid kommune, 2011-2016
  • Gamal systemhandbok for internkontroll/kvalitetssystem i pleie- og omsorgstenestene
  • Framlegg til ny kvalitetshandbok
  • Oversikt over plankategoriar
  • Årsrapport- frå avdelingsvis
  • Eid Sjukeheim, årsrapport 2010

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Avviksperm (avviksskjema)
  • Notatbok til legevisitt
  • Prosedyrebok - nye prosedyrer
  • Rutinar - lov om pasientrettar
  • Gruppemøtebok for gruppe 1 og gruppe 2
  • 20 journalar blei gjennomgått under tilsynet.

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:

  • Melding om tilsyn, 16.06.2011
  • Brev med vedlegg, 10.08.2011, dokument i samband med tilsynet
  • Brev med vedlegg, 11.08.2011, dokument i samband med tilsynet
  • Program for tilsynet, 30.08.2011
  • E-post 12.09.2011, dokument i samband med tilsynet
  • E-post 12.09.2011, stadfesting av program for tilsynet

 

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Karin Sande

Sjukepleiar

X

X

X

Iren Balsnes Sandal

Hjelpepleiar

X

X

X

Sølvi Nordnes

Sjukepleiar

X

X

X

Bjørg Eltvik Hildenes

Sjukepleiar

X

X

X

John Mathias Garlid

Tilsynslege

X

X

 

Sylvi Folkestad

Hjelpepleiar

X

X

X

Anett Agledal

Hjelpepleiar

X

X

X

Merete Vonheim

Pleiemedhjelpar

X

X

 

Heidi M. Skarheim

Fagkoordinator

X

X

X

Oddbjørg Hjelle

Hjelpepleiar

X

X

X

Reidun Ertesvåg

Hjelpepleiar

X

X

X

Siv Helen Reksten

Sjukepleiar

X

X

X

Bjørg Tordal Hellesø

Sjukepleiar

X

X

X

Sølvi Ryland

Avdelingsleiar Eid sjukeheim

X

X

X

Kari Krogh

Kommunalsjef

X

X

X

Anne Ruth Botn

Rådgjevar

X

 

X

Anne Iren Naustdal

Avdelingsleiar Eid Eldretun

X

 

X

Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:

Anne Eli Wangen, revisor Tom Debu Nesvåg, revisor Christoffer K. Boge, revisor Beate Tollefsen, revisjonsleiar