Helsetilsynet

Dato: 11. april 2011

Anne Eli Wangen
tilsynsleiar

Linda Svori
revisor

 

 

1. Tilsynstema og omfang

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med fastlege i Lærdal kommune i perioden 16.12.10 – 05.04.11.

Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2011 skal gjennomførast tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til eldre. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har bestemt å gjennomføre tilsyn med fastlegar innan same tema og i dei same kommunane som vi gjennomfører tilsyn med dei kommunale helse- og sosial-tenestene. Dette tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsepersonell og helsetenester etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om fastlegen tek hand om ulike krav i helselovgjevinga.

Tema for tilsynet er:

fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad og som mottek helse- og omsorgstenester (heimesjukepleie)

Under tilsynet vert det vurdert om fastlegen har oppdatert oversikt over pasientane sine legemiddel. Vidare vurderer tilsynet fastlegen si oppfølgjing av legemiddelbehandlinga og samarbeidet med heimesjukepleien om dette. Tilsynet vurderer legemiddelbehandlinga knytta til fire ”markørar”; polyfarmasi, warfarin, NSAID og benzodiazepiner.

Tilsynet er gjennomført ved å granske fastlegen sine pasientjournalar og ved intervju med fastlegen. Tilsynet gjeld eit avgrensa område av fastlegen si kliniske verksemd. Denne rapporten handlar om funn som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet fastlegen har gjort innanfor tema som tilsynet omfatta.

2. Omtale av verksemda

Lærdal kommune har 2199 innbyggjarar. Kommunen har to fastlegeheimlar og ein turnuslegestilling. Det er to legekontor i kommunen. Fastlegen driv privat praksis og har vel 1300 pasientar på fastlegelista si. Han har avtale med kommunen om kommunale oppgåver 7,5 time per veke til helsestasjonsarbeid. Fastlegen har samarbeidsmøte med heimesjukepleien to gonger i månaden. Tilsette i heimesjukepleien er innom legekontoret mest kvar dag.

3. Gjennomføring

Melding om tilsyn med fastlegarblei sendt ut til Lærdal helsesenter og fastlegen sitt legekontor 16.12.10.

Samstundes blei det sendt førespurnad til kommunen om oversikt over pasientar som får hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel og kven som var deira fastlege. Fastlegane vart orientert om førespurnaden til kommunen.

Val av fastlege vart gjortpå grunnlag av kommunen sine utarbeidde oversikter. Den fastlegen som hadde flest pasientar på si liste som fekk hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel vart vald.

Melding til fastlegen om at han var vald som fastlege blei sendt ut 19.01.11.

Tilsynsbesøket vart gjennomført på legekontoret 10.03.11 frå kl. 09.00 til 15.30. Etter eit kort innleiande møte gjekk tilsynslaget gjennom ein del pasientjournalar. Deretter vart fastlegen intervjua om eiga verksemd. Tilsynsbesøket vart avslutta med eit oppsummerande møte der tilsynet presenterte funn etter journalgjennomgangen og intervjuet med fastlegen. Det vart også gjeve informasjon om utarbeiding av skriftleg rapport frå tilsynet og om vidare oppfølging etter tilsynsbesøket.

Vi gjekk gjennom 14 journalar/medisinkort der heimesjukepleien hjelper til med å administrere legemiddel til pasientane. Av desse journalane gjekk vi gjekk vi gjennom 5 journalar der pasienten brukar Marevan og 5 journalar der pasienten brukar NSAID eller benzodiazepiner.

Vurderingsgrunnlaget for tilsynet var følgjande lover og forskrifter:

  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
  • Lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr. 64
  • Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
  • Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • Forskrift om fastlegeordning i kommunene av 14. april 2000 nr. 0328

4. Funn

På grunnlag av journalgjennomgangen og opplysningar som kom fram under intervjuet med fastlegen vart det gjort funn som gav grunnlag for å peike på eit avvik (brot på lov eller forskrift) i fastlegen si verksemd innan tema for tilsynet:

Fastlegen sikrar ikkje at relevante og nødvendige opplysningar om pasientane si legemiddelbehandling vert tilstrekkeleg dokumentert.

Avvik frå helsepersonellova § 40, jf. journalforskrifta § 8, jf. internkontrollforskrifta § 4

Avviket byggjer på følgjande:

  • Ikkje alle relevante og nødvendige opplysningar om Marevanbehandlinga vert dokumentert i elektronisk journal. Journalgjennomgangen synte og fastlegen opplyste at dosering av Marevan og tid for ny time ikkje vert dokumentert i journal. Opplysningane vert dokumentert på INR-kort som pasienten eller heimesjukepleien tek vare på.
  • Journalgjennomgangen synte at ved større avvik frå tilrådd INR-nivå var muleg årsak til avviket ikkje dokumentert i fortløpande journal.
  • Fastlegen har ikkje oversikt over pasientar som ikkje møter opp til tilrådd kontroll. Han har ikkje rutine for å kalle desse inn til ny time.

Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:

Linda Svori, ass. fylkeslege
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar