Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomførde tilsyn med Helse Førde HF, Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde 15. og 16. september 2011.

Tilsynet undersøkte om sjukehuset ved systematisk styring og kontinuerleg forbetring sikrar forsvarleg behandling av skrøpelege pasientar, 80 år og eldre, med hoftebrot.

Det blei fokusert på følgjande:

  • Ventetid frå innlegging til operasjon
  • Oversikt over legemiddelbehandling ved innlegging og informasjon om
      legemiddelbehandling ved utskriving.
  • Førebygging og behandling av delir
  • Vurdering og oppfølging av ernæringsmessig risiko
  • Postoperativ oppfølging og rehabilitering.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga.

Leiinga er merksam på sårbare forhold i behandling av skrøpelege eldre pasientar med hoftebrot ved Ortopedisk avdeling, seksjon Førde. Dette gjeld spesielt at pasientar med ernæringsmessig risiko  blir fanga opp på eit tidlegare tidspunkt.

Dato: 17. oktober 2011

Signe Marit Tørressen Gajek
revisjonsleiar

Beate Tollefsen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Helse Førde HF, Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde 15. og 16. september 2011. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Etter oppdrag frå Statens helsetilsyn blir det i 2011 gjennomført to landsomfattande tilsyn med spesialisthelsetenester til eldre, behandling av eldre med hjerneslag og behandling av eldre med hoftebrot.

Det blir gjennomført fire tilsyn med behandling av hoftebrot i Helse Vest. Helse Førde HF, Kirurgisk klinikk, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde, Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus, Kirurgisk divisjon, Ortopedisk avdeling, Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus, Kirurgisk klinikk, ortopedi og Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus, Ortopedisk klinikk.

Tilsyna blir utførte av eit felles tilsynslag som er oppnemnd av fylkeslegane i Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland.

Tilsynet blei utførd som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin.

Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten gir  inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga.

 

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Ortopedisk avdeling er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Avdelinga har felles leiing for alle seksjonar. Etter funksjonsfordeling mellom avdelingane, blir skadar (traumatologi) med få unntak behandla i Førde.

Avdelinga i Førde har ein sengepost med 31 senger, i tillegg til poliklinikk. Avdelinga har ti legestillingar, tre for legar i spesialisering og sju overlegar. På sengeposten er det ei stilling for oversjukepleiar, tjue sjukepleiar -stillingar, og ni hjelpepleiar–stillingar. Det er ingen ledige stillingar. Auge og ØNH pasientar som treng innlegging, ligg på ortopedisk sengepost. Fysioterapitenesta er organisert under Medisinsk klinikk.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 16. juni 2011.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 15. september 2011

Intervju

13 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 16. september

 

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var behandling av skrøpelege eldre pasientar over 80 år med hoftebrot.

Ved tilsynet undersøkte vi om seksjon Førde sikra at skrøpelege eldre pasientar med hoftebrot fekk forsvarleg behandling avgrensa til:

  • ventetid frå innlegging til operasjon var mindre enn 48 timar, om tilstanden til pasienten ikkje var til hinder for operasjon innan denne tidsramma
  • oversikt over legemiddelbehandling ved innlegging og informasjon om legemiddelbehandling ved utskriving.
  • førebygging og behandling av delir
  • vurdering og oppfølging av ernæringsmessig risiko
  • postoperativ oppfølging og rehabilitering

5. Funn

Innan dei områda tilsynet omfatta kom det ikkje fram opplysningar som tilseier at behandlinga av skrøpelige eldre med hoftebrot er i strid med krav i helselovgjevinga.

. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå Helse Førde HF, Ortopedisk avdeling, seksjon Førde knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart Helse Førde HF, Kirurgisk klinikk
  • Organisasjonskart Helse Førde HF, Ortopedisk avdeling
  • Organisasjonskart for avdeling for akuttmedisin
  • Stillingsomtale for leiande fysioterapeut
  • Stillingsomtale for fysioterapeut
  • Funksjonsbeskriving for leiarar ved helse Førde HF
  • Melding om internrevisjon
  • Informasjon om opplæring i DIPS
  • Program for mottak av nye turnuslegar
  • Oversikt over tilsette ved sengepost
  • Oversikt over tilsette ved ortopedisk avdeling
  • Oversikt over legar
  • Informasjon om ortopedisk avdeling
  • Delegasjonsreglement for leiarar i Helse Førde HF
  • Oversikt over sakar sendt til NPE siste år
  • Fullmaktsbrev til leiarar i Helse Førde HF
  • Preoperative rutinar 7 Andre rutinar
  • Funksjonsbeskriving for avdelingsoverlege
  • Funksjonsbeskriving for overlege
  • Funksjonsbeskriving for seksjonsoverlege
  • Funksjonsbeskriving fagansvarleg overlege
  • Hoftebrot pre og post operative retningsliner
  • Tromboseprofylakse ortopedisk avdeling
  • Preoperative rutinar 1- prøver og undersøkelser
  • Preoperative rutinar 2- medikasjon
  • Preoperative rutinar 3- Diabetes Mellitus
  • Preoperative rutinar 3- endocardittprofylakse
  • Preoperative rutinar 5- Blod og screening
  • Preoperative rutinar 6- Fastetider

Dokument som blei mottekne på sjukehuset og gjennomgått under tilsynet:

  • Oversikt over alle § 3-3 meldingar siste året.
  • Oversikt over alle avviksmeldingar i 2011
  • Oversikt over internundervisning for LIS- legar og turnuskandidatar
  • Rapport frå Internrevisjon ved Ortopedisk avdeling, Kirurgisk klinikk om legemiddelhandteringa i Helse Førde.
  • Handlingsplan for oppfølging av internrevisjon
  • Oversikt over internundervisning for sjukepleiar og hjelpepleiar.
  • Oversikt over meldingar i Synergi siste året

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • Under tilsynet blei det gått gjennom journalar til 19 pasientar.

Korrespondanse mellom helse Førde HF og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:

  • Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF, melding om tilsyn i brev av 16. juni 2011.
  • Styrande dokument og andre opplysningar som var etterspurde, brev av 24. august 2011 med vedlegg frå Helse Førde HF, Ortopedisk avdeling.
  • E-brev med spørsmål av tilleggsdokumentasjon frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane 1. september 2011
  • E-brev med tilleggsopplysningar frå Helse Førde HF den 2. september 2011
  • Program for tilsynet, brev av 5. september 2011 frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF.

Tabellen under gir ein oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Ingunn Kvamme

sjukepleiar

x

x

x

Helga Erdal Brenne

oversjukepleiar

x

x

x

Bernt Johan Marskar

lis lege

x

x

 

Øygunn Juklestad

leiande fysioterapeut

x

x

x

Annbjørg Årdal

sjukepleiar

x

x

x

Holger Muchow

overlege

x

x

x

Thomas Birknes

lis lege

x

x

 

Edgar Piel

overlege

x

x

x

Reidun Melheim

hjelpepleiar

x

x

x

Bjørn Morten Øen

avdelingssjef

x

x

x

Sven Ivar Hove

seksjonsleiar

x

 

x

Svenning i Lida

avdelingsoverlege

x

x

x

Tore Dvergsdal

klinikk direktør

 

x

x

Wenche Meland

hjelpepleiar

 

x

x

Frå tilsynet deltok:

Signe Marit Tørressen Gajek, ass. fylkeslege, Helsetilsynet i Hordaland, revisjonsleiar
Jo Kåre Herfjord, ass. fylkeslege, Helsetilsynet i Hordaland, revisor
Beate Tollefsen, rådgjevar, Helsetilsynet i Sogn og Fjordane, revisor
Bjørg Botne, seniorrådgjevar, Helsetilsynet i Rogaland, revisor