Rapport frå tilsyn med fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som mottek helse- og omsorgstenester Jølster kommune 2011
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet ble det ikke funnet avvik fra lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avsluttet.
Dato: 05. april 2011
Anne Eli Wangen
tilsynsleiar
Linda Svori
revisor
1. Tilsynstema og omfang
Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med fastlege i Jølster kommune i perioden 16.12.10 – 05.04.11.
Statens helsetilsyn har bestemt at det i 2011 skal gjennomførast tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til eldre. Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har bestemt å gjennomføre tilsyn med fastlegar innan same tema og i dei same kommunane som vi gjennomfører tilsyn med dei kommunale helse- og sosial-tenestene. Dette tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsepersonell og helsetenester etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Formålet med tilsynet er å vurdere om fastlegen tek hand om ulike krav i helselovgjevinga.
Tema for tilsynet er:
- fastlegen si legemiddelbehandling av eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad og som mottek helse- og omsorgstenester (heimesjukepleie)
Under tilsynet vert det vurdert om fastlegen har oppdatert oversikt over pasientane sine legemiddel. Vidare vurderer tilsynet fastlegen si oppfølging av legemiddelbehandlinga og samarbeidet med heimesjukepleien om dette. Tilsynet vurderer legemiddelbehandlinga knytta til fire ”markørar”; polyfarmasi, warfarin, NSAID og benzodiazepiner.
Tilsynet er gjennomført ved å granske fastlegen sine pasientjournalar og ved intervju med fastlegen. Tilsynet gjeld eit avgrensa område av fastlegen si kliniske verksemd. Denne rapporten handlar om funn som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet fastlegen har gjort innanfor tema som tilsynet omfatta.
2. Omtale av verksemda
Jølster kommune har 2981 innbyggjarar. Kommunen har 3 fastlegeheimlar og ein turnuslegestilling. Legekontoret i kommunen er lokalisert på Skei i Jølster. Fastlegen har kommunelege 1 funksjon i Jølster kommune. Han har 850 pasientar på fastlegelista og har 40% stilling til kommunale oppgåver. Fastlegen har samarbeidsmøte med tilsette frå ei av heimesjukeplen sine to soner ein gong per veke der det er høve til å drøfte problemstillingar knytt til pasientane. Heimetenesta kan elles kontakte han per telefon ved behov.
3. Gjennomføring
Melding om tilsyn med fastlegar blei sendt ut til Jølster legekontor 16.12.10.
Samstundes blei det sendt førespurnad til kommunen om oversikt over pasientar som får hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel og kven som var deira fastlege. Fastlegane vart orientert om førespurnaden til kommunen.
Val av fastlege vart gjort på grunnlag av kommunen sine utarbeidde oversikter. Den fastlegen som hadde flest pasientar på si liste som fekk hjelp av heimesjukepleien til å administrere legemiddel vart vald.
Melding til fastlegen om at han var vald som fastlege blei sendt ut 19.01.11.
Tilsynsbesøket vart gjennomført på kommunelegekontoret 04.03.11 frå kl. 09.00 til 16.00. Etter eit kort innleiande møte gjekk tilsynslaget gjennom ein del pasient-journalar. Deretter vart fastlegen intervjua om eiga verksemd. Tilsynsbesøket vart avslutta med eit oppsummerande møte der tilsynet presenterte funn etter journal-gjennomgangen og intervjuet med fastlegen. Det vart også gjeve informasjon om utarbeiding av skriftleg rapport frå tilsynet og om vidare oppfølging etter tilsynsbesøket.
Vi gjekk gjennom 11 journalar/medisinkort der heimesjukepleien hjelper til med å administrere legemiddel til pasientane. I tillegg gjekk vi gjennom 7 journalar der pasienten administrerer medikamenta sjølv. Av desse journalane gjekk vi gjekk vi gjennom 5 journalar der pasienten brukar Marevan og 3 journalar der pasienten brukar NSAID eller benzodiazepiner.
Vurderingsgrunnlaget for tilsynet var følgjande lover og forskrifter:
- Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15
- Lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr. 64
- Lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr. 63
- Forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
- Forskrift om fastlegeordning i kommunene av 14. april 2000 nr. 0328
4. Funn
På grunnlag av journalgjennomgangen og opplysningar som kom fram under intervjuet med fastlegen vart det ikkje gjort funn som gav grunnlag for å vurdere at fastlegen si verksemd ikkje er i samsvar med lovkrava innan temaet om legemiddelbehandling. Det vart ikkje funne avvik (brot på lov eller forskrift) innan dette temaet.
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane grunnlag for å gje ein merknad:
Fastlegen bør vurdere om oppfølginga av legemiddelbehandlinga til pasientane på si fastlegeliste i heimesjukepleien sone Vassen er tilstrekkeleg for å ivareta forsvarleg legemiddelbehandling.
Merknaden er basert på følgjande:
Heimetenesta i Jølster kommune er delt i to soner. Legen har regelmessige møte kvar veke med heimesjukepleien i sone Skei om legemiddelbehandlinga til pasientane på si fastlegeliste. Journalgjennomgangen synte, og fastlegen opplyste at det er turnuslege som har ansvaret for å følgje opp legemiddelbehandlinga til heimesjukepleien sine pasientar som fastlegen har på si fastlegeliste i sone Vassenden.
Journalgjennomgangen synte, og det gjekk fram gjennom intervju at det ikkje vart gjennomført regelmessig gjennomgang av pasientane sine faste medisinar i sone Vassenden. Journalgjennomgangen synte også at det ikkje var gjennomført systematiske kontrollar og oppfølging av desse pasientane.
Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok
Linda Svori, ass. fylkeslege
Christoffer Boge, ass. fylkeslege
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar
Fastlegen har i e-post 31. mars 2011 gjort greie for rutineendringar i høve til merknaden frå tilsynet. Helsetilsynet i Sogn og Fordane har teke desse opplysningane til vitande.