Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen omfatta følgjande område:

  • Informasjon, råd og rettleiing til menneske med rusproblem og deira pårørande
  • Praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og behandlingstilbod
  • Oppfølging under behandling
  • Tiltak og ettervern etter behandling
  • Samhandling og koordinering av tenestetilbod

Revisjonen er ein del av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket si planlagde tilsynsverksemd dette året. Det vart funne to avvik.

Leikanger 14. oktober 2011

Astrid Tveit
revisjonsleiar

Kari Vold Olsen
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Jølster kommune i perioden 15.04.2011 – 11.10.2011.

Fylkesmannen har heimel til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket skal føre tilsyn med alt helsevesen og alt helsepersonell i fylket og gi råd, rettleiing og opplysningar som medverkar til at befolkninga sine behov for helsetenester vert dekka, jf. lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2. Tilsynet vart gjennomført med felles revisjonslag frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Jølster kommune ligg sentralt i fylket og har ca. 3000 innbyggarar. Kommunen har to tettstader; Vassenden og Skei. Sistnemnde er kommunesenteret. Jølster har kort veg til dei tre regionsentra i fylket. Tenestetilbodet til rusmiddelmisbrukarar i kommunen er organisert under Nav Jølster og under psykisk helseteam. Nav leiar og leiar for psykisk helsevern er organisert under rådgjevar for helse- og omsorg som er ein av tre rådgjevarar i rådmannen sin stab.

 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn vart sendt ut 15.04.2011. Vi mottok dokumentasjon frå kommunen 30.05.2011. Dagsorden for tilsynet vart sendt ut 13.07.2011.

Opningsmøte blei halde 29. august 2011

Intervju

10 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 30. august 2011

 

4. Kva tilsynet omfatta

ilsynet omfatta kommunen sitt tenestetilbod til rusmiddelmisbrukarar på følgjande område:

  • om kommunen sikrar at rusmiddelmisbrukarar og deira pårørande vert gitt informasjon, råd og rettleiing
  • om kommunen sikrar at praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og behandling er tilgjengelege tenester for rusmiddelmisbrukarar
  • om kommunen sikrar at rusmiddelmisbrukarar vert følgt opp under behandling
  • om kommunen sikrar tiltak og ettervern etter behandling
  • om kommunen sikrar samhandling, samarbeid og koordinering av tenestetilbod

5. Funn

Avvik 1

Jølster kommune sikrar ikkje at det særskilte ansvaret kring rådgjeving, rettleiing og hjelpetiltak overfor rusmiddelmisbrukarar, ivareteke av Nav Jølster gjennom delegasjon og avtale, er kjent og tydeleggjort overfor tilsette og innbyggarar.

Avvik frå: sosialtenestelova §§ 6-1 første ledd, jf. 2-1 andre ledd, jf. 4-1 og 4-2,samt internkontrollforskrifta

Avviket byggjer på følgjande:

  • Under intervju kom det fram at det er uklårt kven i kommunen som har ansvar for å gi informasjon, råd og rettleiing innan rusfeltet
  • Under intervju kom det fram at tilsette ikkje kjenner til Nav Jølster sitt særskilte ansvar overfor rusmiddelmisbrukarar
  • På heimesida til kommunen er det ikkje gjort kjent kven i kommunen rusmiddelmisbrukarar kan ta kontakt med
  • Det var i kommunen sitt styringssystem ikkje klart kven som hadde dette særskilte ansvaret

Avvik 2

Jølster kommune har ikkje rutinar eller system som sikrar at sosiale tenester, herunder praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og plass i omsorgsinstitusjon er innretta slik at tenestene reelt er tilgjengelege for rusmiddelmisbrukarar.

Avvik frå: sosialtenestelova §§ 2-1 første og andre ledd, jf. 6-1 jf. 4-2 bokstav a, c og d, samt internkontrollforskrifta

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ikkje kjent blant alle tilsette kva tilbod som er tilgjengelege for rusmiddelmisbrukarar. Det er heller ikkje dokumentert eller synleggjort at kommunen har rutinar eller system som sikrar at slik informasjon vert gjort kjent
  • Under intervju med tilsette kom det fram at heimehjelp utover praktisk bustadopplæring ikkje reelt er tilgjengeleg for rusmiddelmisbrukarar. Det vart heller ikkje funne søknad, vedtak eller avslag som omhandla heimehjelp.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Kommunen har prosedyrar og rutinar som ein del av internkontrollsystemet, men kommunen sikrar ikkje at dette vert gjort godt nok kjent blant tilsette. Nokre av prosedyrane er av ny dato, og det vert lagt arbeid i å få på plass fleire skriftlege prosedyrar. Fordi psykisk helsevern har deltidstilsette og i tillegg har hatt skifte i personale, er det viktig at skriftelege rutinar er tilgjengelege. Kommunen sitt avvikssystem er kjent, men vert lite brukt. Avvik vert tatt opp munnleg, og det er manglar system for å bruke avvik i kvalitetsforbetringsarbeid.

 

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tenester
  • Lov om helsetenesta i kommunane
  • Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift om internkontroll i helse- og sosialtenesta
  • Forskrift til sosialtenestelova
  • Forskrift om individuell plan etter helselovgjevinga og sosialtenestelova

8. Dokumentunderlag

  • Organisasjonskart juli 2010
  • Organisasjonskart helse- og sosialtenestene 2011
  • Årsmelding Jølster kommune 2010
  • Stillingsoversikt 2011, Psykisk helseteam
  • Psykisk helsevern, verksemdsplan
  • Samarbeidsavtale Jølster kommune og Nav Sogn og Fjordane
  • Rushandlingsplan 2008 – 2012
  • Dokument om interkommunalt samarbeid om utforming av felles ruspolitikk for kommunane Gaular, Førde, Naustdal og Jølster
  • Delegasjonsvedtak (kommunestyre) og administrativ delegering
  • Informasjon frå heimesida til kommunen
  • Prosedyre: Tildeling av tenester til personar med psykisk liding og rusproblem
  • Prosedyre: Informasjons- og samarbeidsrutinar internt (psykisk helsevern)
  • Prosedyre: Informasjons- og samarbeidsrutinar internt (psykisk helsevern)
  • Prosedyre: Brukarmedverknad i psykisk helsevern
  • Prosedyre: Urinprøvetaking under tilsyn (psykisk helsevern)
  • Prosedyre: Samarbeid med rusinstitusjon i rehabiliteringsprosessen
  • Prosedyre: Henting og utlevering av medikament (psykisk helsevern)
  • Prosedyre: Samarbeid mellom tannhelsa, psykisk helsevern og Nav
  • Prosedyre: Samhandling med fastlegane
  • Prosedyre: Samarbeid mellom barnevern og psykisk helsevern
  • Prosedyre: Støttekontakt/ treningskontakt
  • Prosedyre: Hjelpetiltak for rusmiddelavhengige etter lov om sosiale tenester
  • Prosedyre: Opplysing, råd og rettleiing (Nav Jølster)
  • Prosedyre: Økonomisk sosialhjelp (Nav Jølster)
  • Prosedyre: Avlastning (Nav Jølster)
  • Prosedyre: Passordtilkomst i cos doc
  • Delavtale om psykiske helsetenester mellom Jølster kommune Helse Førde

Dokument som var gjennomgått under tilsynet

  • 5 journalar frå Nav
  • 5 journalar frå psykisk helseteam

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Helsetilsynet og Fylkesmannen deltok:

Astrid Tveit revisjonsleiar
Tom Nesvåg revisor
Kari Vold Olsen revisor