Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Mottak og vurdering av tilvisingar
  • Utgreiing
  • Behandling
  • Avslutning av behandling
  • Samhandling, koordinering og samarbeid

Revisjonen er ein del av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket si planlagde tilsynsverksemd dette året. Det vart ikkje funne avvik.

Leikanger 18. oktober 2011

Astrid Tveit
revisjonsleiar

Tom Nesvåg
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Psykiatrisk klinikk, poliklinikkane i Førde og Florø, Helse Førde, i perioden 15.04.2011-18.10.2011.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Helse Førde har organisert og integrert tverrfagleg spesialisert behandling (TSB) i dei fire psykiatriske poliklinikkane i fylket. I tillegg har Helse Førde ein døgnpost (post 6) innan TSB ved avdeling Tronvik. Post 6 ved avdeling Tronvik og poliklinikkane i Førde og Florø er organisert under Psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus. Avdelingssjef ved Psykiatrisk klinikk er organisert under direktør for psykisk helsevern i Helse Førde.

Psykiatrisk poliklinikk i Førde og Florø er sjølvstendige vurderingseiningar som tek imot tilvisingar og set frist for behandlingstart innan TSB. Vidare gjer dei utgreiing og gir tilbod om behandling. Ved behov for døgnbehandling innan TSB, går tilvising vidare til koordineringseining rus som er direkte underlagt direktør for psykisk helsevern.

 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 15.04.2011. Vi mottok dokumentasjon frå Helse Førde 12.05.2011. Dagsorden for tilsynet vart sendt ut 13.07.2011. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde onsdag 7. september 2011.

Intervju

9 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde torsdag 8. september.

 

4. Kva tilsynet omfatta

Systemrevisjonen omhandla rett til nødvendig helsehjelp, prioritering og behandling innan tverrfagleg spesialisert behandling (TSB) i spesialisthelsetenesta:

  • Mottak og vurdering av tilvisingar
  • Utgreiing
  • Behandling
  • Avslutning av behandling
  • Samhandling, koordinering og samarbeid

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik.

 

6. Regelverk

  • Lov om statleg tilsyn med helsetenesta
  • Lov om spesialisthelseteneste
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om pasientrettar
  • Forskrift om prioritering av helsetenester, rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta m.v
  • Forskrift om internkontroll i helse- og sosialtenesta
  • Forskrift om legemiddelassistert rehabilitering

7. Dokumentunderlag

  • Organisasjonskart
  • Oversikt over personell
  • Stillingsomtale spesialkonsulent rus
  • Stillingsomtale seksjonsleiar poliklinikk
  • Funksjonsbeskriving ruskoordinator
  • Prosedyre for mottak av nye terapeutar ved Psykiatrisk klinikk
  • Rusplan Helse Førde
  • Informasjonsbrosjyre om LAR i Helse Førde
  • Prosedyre for Tverrfagleg spesialisert vurderings- /behandlingsmodell i Psykisk helsevern, Helse Førde
  • Kopi av standardbrev innan TSB
  • Informasjonsskriv til pasientar om prioritet, klagerett m.m.
  • Delavtale mellom psykisk helsevern, Helse Førde og ………. kommune

Dokumentasjon som vart gjennomgått under tilsynet:

  • 5 journalar frå psykiatrisk poliklinikk i Førde
  • 5 journalar frå psykiatrisk poliklinikk i Florø
  • 5 saker frå tverrfagleg koordineringseining rus
  • 2 journalar (avslag på rett til nødvendig helsehjelp)
  • 2 saker som omhandla søknad om legemiddelassistert rehabilitering

8. Deltakarar

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Brit Bjerkvik

Administrasjonskonsulent, Psykiatrisk klinikk

X

 

X

Harald Munkvold

Ruskoordinator

X

X

X

Lillian Sætre

Seksjonsleiar, psykiatrisk poliklinikk Førde

X

X

X

Olof Sköld

Seksjonsleiar, psykiatrisk poliklinikk Florø

X

X

 

Svein Ove Alisøy

Avdelingssjef, Psykiatrisk klinikk

X

X

X

Ole Chr. Reusch

Direktør Psykisk helsevern

X

X

X

Truls Bilet

Overlege, psykiatrisk poliklinikk Florø

X

X

X

Sigrid Bauge

Spesialkonsulent rus, psykiatrisk poliklinikk Førde

X

X

X

Anne M. Friborg

Spesialkonsulent rus, psykiatrisk poliklinikk Førde

X

X

X

Øystein M. Christiansen

Overlege, psykiatrisk poliklinikk Førde

X

X

X

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket deltok:

Astrid Tveit revisjonsleiar
Kari Vold Olsen revisor
Tom Nesvåg revisor
Per Stensland revisor