Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Bremanger kommune, Bremanger sjukeheim, 18. og 19.04.2012. Denne rapporten gjer greie for funn på området det var ført tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og var retta mot helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient og brukarrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om Bremanger kommune:

  • sikrar at motstand mot helsehjelp hos pasientar vert identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse vert vurdert
  • sikrar at tillitsskapande tiltak vert forsøkt før tvungen helsehjelp vert gjennomført
  • sikrar at det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn i 2012 som Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet i Bremanger kommune og tilsynet er dermed avslutta.

Dato: 04.06.2012

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Tom Debu Nesvåg
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Bremanger kommune, Bremanger sjukeheim, 25.01. – 04.06.2012. Tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn med kommunale helsetenester i 2012 og er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Fylkesmannen har heimel til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta § 2.

Tilsynet blei gjennomført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om eventuelle avvik som er funne under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynslaget finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Bremanger sjukeheim ligg i Kalvåg i Bremanger kommune. Sjukeheimen har 33 einerom. Nokre av romma er tilrettelagt med plass for to personar. Det er tre bugrupper med 8-15 personar i kvar gruppe. Ei av gruppene er spesielt tilrettelagt for senil demente. Kvar pasient får ein primærsjukepleiar og ein primærhjelpepleiar.

Tilsynslegen er til stades ein gong kvar veke og kan utover det kontaktast dersom det oppstår akutte behov.

Rådmannen er øvste leiar i kommunen. Kommunalsjefen er ansvarleg blant anna for helse- og omsorgstenestene. Sjukeheimen vert leia av ein driftssjef som er administrativ og fagleg leiar og rapporterer til kommunalsjefen. Driftssjefen er overordna tilsynslegen.

Fagleiar ved sjukeheimen skal ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret og har det daglege ansvaret for kvalitet og koordinering av sjukepleietenestene. Fagleiar rapporterer til driftssjefen.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

Aktivitet

AktivitetDatoKommentar

Melding om tilsyn

25.01.2012

 

Motteke dok. frå kommunen

19.03.2012

 

Opningsmøte

18.04.2012

 

Omvising

18.04.2012

 

Intervju

18. og 19.04.2012

10 personar blei intervjua

Sluttmøte

19.04.2012

 

For oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, sjå kapitlet om dokumentunderlag.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Bremanger kommune har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasienten blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak blir prøvd før somatisk helsehjelp blir gitt med tvang
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet i Bremanger kommune.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, sendt over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Informasjon om styringssystemet
  • Årsmelding 2010
  • Organisasjonskart Bremanger kommune
  • Strategisk plan for pleie og omsorgssektoren med organisasjonskart for sektoren
  • Organisasjonskart Bremanger sjukeheim
  • Kompetanse og rekrutteringsplan for helse og omsorg i Bremanger kommune
  • Delegasjonsregelement for Bremanger kommune
  • Etiske retningslinjer for Bremanger kommune
  • Oversikt over tilsette ved Bremanger sjukeheim
  • Innhaldsliste kvalitetssystem Bremanger sjukeheim
  • Utvalde rutinar/relevante dokument frå kvalitetssystemet:
    - Oppbygging av kvalitetssystem
    - Ansvarsfordeling, informasjon og samarbeidsrutinar
    - Etiske retningslinjer
    - Tenesteerklæring Bremanger sjukeheim
  • Stillingsinstruks Bremanger sjukeheim:
    - driftssjef
    - fagleg leiar
    - sjukepleiar
    - vernepleiar
    - helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar
    - assistent
  • Rutinar for ansvarshavande på vakt
  • Instruks bakvakt
  • Primærsjukepleie
  • Avviksrutine og avviksskjema
  • Rutinar for dokumentasjon
  • Retningslinjer for pasientjournal
  • Rutinar for opplæring av nytilsette ved Bremanger sjukeheim
  • Vurdering av samtykkekompetanse
  • Tillitsskapande tiltak ved helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp.
  • Helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp.
  • Prosedyre for årskontroll

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Informasjonsperm på avdelingane Heimen, Havbåra og Utsikten
  • Kvalitetssystemperm
  • Referat frå sjukepleiarmøte
  • Referat frå postmøte
  • Referat frå personalmøte
  • Avviksmappe

21 journaler blei gjennomgått under tilsynet.

Tilsynslaget fekk omvisning på sjukeheimen.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • 25.01.2012 melding til Bremanger kommune om tilsyn
  • 19.03.2012 dokumentasjon til tilsynet frå Bremanger kommune
  • 29.03.2012 utkast til program for tilsynet
  • Diverse e-postar som omhandlar tilsynet (endring av program og praktiske opplysningar mm.).
  • 07.05.2012 førebels rapport frå tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Nedanfor er ei oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Mona Kjerpeset

Hjelpepleiar i vernepleie

x

x

x

Elin G. Røys

Hjelpepleiar

x

x

x

Supranee Thammachart

Sjukepleiar

x

x

x

Aud Grotle

Sjukepleiar/fagleg leiar

x

x

x

Rita Janne Igland

Sjukepleiar

x

x

 

May Brit Berle

Sjukepleiar

x

x

x

Yeganeh Forghani

Tilsynslege

x

x

x

Randi Ytrehus

Kommunalsjef

x

x

x

Anne Karin Svarstad

Driftssjef

x

x

x

Anne Kristin Røys

Konstituert fagleg leiar

x

   

Laila Grotle

Hjelpepleiar

 

x

 

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:
Tom Debu Nesvåg, revisor
Annelise Skeie, observatør
Beate Tollefsen, revisjonsleiar