Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Om kommunen gjennom sin internkontroll sikrar at menneske med rusproblem og deira pårørande

  • får informasjon, råd og rettleiing
  • får tilbod om praktisk bistand og oppfølging
  • får tilbod om behandling

og om kommunen gjennom internkontrollen sikrar at samhandling og koordinering av tenestetilbod fungerer.

Det vart funne eitt avvik under tilsynet:

Gloppen kommune sikrar ikkje at det vert lagt til rette for samhandling mellom ulike deltenester, slik at den einskilde brukar får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod.

Leikanger 19. juli 2012

Astrid Tveit
revisjonsleiar

Kari Vold Olsen
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Gloppen kommune i perioden 08.03.2012 – 17.07.2012. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen dette året

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, jf. lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 12-3 og lov om sosiale tenester i Nav §§ 9 og 10.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av kommunen

Gloppen kommune har omlag 5700 innbyggarar. Kommunesenteret er Sandane. Kommunen har organisert rusfeltet som ein del av Gloppen NAV, og det vart rundt nyttår tilsett ruskonsulent ved NAV kontoret i 100 % stilling. Stillinga som ruskonsulent er oppretta av prosjektmidlar frå Helsedirektoratet.

Rusmiddelmisbrukarar får oppfølging frå NAV og tenester frå kommunen si rehabiliteringsteneste og heimeteneste. Rehabiliteringstenesta har tre fagansvarlege under rehabiliteringsleiar. Dette er fagansvarleg for ergoterapi, fysioterapi og psykisk helseteam. Dei ordinære heimetenestene er organisert i einingar med einingsleiarar underlagt helse- og omsorgssjefen.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 08.03.2012. Vi fekk tilsendt dokumentasjon frå kommunen 30.04.2012. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 14.06.2012.

Intervju

9 personar blei intervjua.

Sluttmøte blei halde 15.06.2012.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var om kommunen gjennom sin internkontroll sikrar at menneske med rusproblem og deira pårørande vert gitt informasjon, råd og rettleiing. Vidare var det å undersøke om praktisk bistand og oppfølging er tilgjengelege tenester for rusmiddelmisbrukarar, og om dei får tilbod om behandling. Tilsynet undersøkte også om kommunen sikrar koordinering og samarbeid i slike saker.

Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 gir kommunen ansvar for å yte helse- og omsorgstenester også til menneske med rusmiddelproblem, og kommunen har plikt til å legge til rette for samhandling mellom ulike deltenester internt i kommunen, jf. same lov § 3-1.

Rusmiddelmisbrukarar er ei brukargruppe som ofte er stigmatisert og som treng koordinering og samhandling mellom ulike deltenester. Kommunen skal legge tenestene til rette slik at den einskilde pasient eller brukar vert gitt eit heilskapleg og koordinert helse- og omsorgstenestetilbod, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1a.

5. Funn

Avvik

Gloppen kommune sikrar ikkje at det vert lagt til rette for samhandling mellom ulike deltenester, slik at den einskilde brukar får eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod.

Avvik frå følgjande krav:

  • Helse- og omsorgstenestelova §§ 3-4 1. ledd og 4-1a, og internkontrollforskrifta § 4.

Avviket byggjer på følgjande observasjonar:

  • Vi fann lite dokumentasjon som viser samarbeidsrutinar og samarbeidsstrukturar mellom ulike deltenester
  • I intervjua kom det fram at det i liten grad er fora eller strukturar for samarbeid mellom ulike deltenester
  • I intervjua kom det fram at einingsleiarar har ansvar for at samarbeid skjer, men det er opp til den einskilde yrkesutøvar om det vert oppretta samarbeid i einskildsaker
  • Kommunen har oppretta Koordinerande eining (KE) som skal legge til rette for ein del samarbeidsstrukturar. Det går ikkje fram av dokumentasjonen (retningslinjer for KE) at eininga formelt er sett i verk
  • I intervju kom det fram at Koordinerande eining er lite kjent i organisasjonen
  • I kommunen sin Bustadsosiale handlingplan 2012-2012 i pkt 6.4 om Oppfølging i bustad – praktisk bistand, opplæring og rettleiing går det fram at tenester vert ytt av tilsette i heimetenesta, psykisk helseteam, andre tilsette i rehabiliteringstenesta, flyktningkoordinatorane og andre tilsette i NAV. «I dag har vi ikkje ei god nok oversikt over kor store ressursar som går med til dette arbeidet, då dette ikkje vert registrert og rapportert spesifikt». Dette viser at samarbeidet mellom ulike tenester er lite koordinerte.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Gloppen kommune har oppdatert Ruspolitisk handlingplan og Bustadsosial handlingsplan. Kommunen har oppretta Koordinerande eining som skal bidra til betre samhandling og koordinering av tenestetilbod. Ut frå dokumentasjon og i intervju kom det fram at oppgåvene som er lagt til koordinerande eining, i liten grad er kjende eller blir brukt av dei ulike deltenestene kommunen. Vi fann heller ikkje at det i særleg grad er lagt til rette for samarbeidsstrukturar som kan bidra til samhandling og koordinering av tenestetilbod.

Gloppen kommune har system for melding av avvik, men det var opplyst i intervju at det vert meldt få avvik. Direkte klager på tenestetilbodet og liknande vert stort sett handsama hjå næraste overordna og eventuelt retta opp.

Vi fann ikkje at Gloppen kommune har ei systematisk overvaking eller system for forbetringsarbeid innafor tilsynsområdet. Fylkesmannen si vurdering blir difor at det kan vere litt tilfeldig om sviktområde vert fanga opp og utbetra.

7. Regelverk

Lover og regelverk som vert lagt til grunn ved tilsynet:

  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m.
  • Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og sosialtjenesten
  • Forskrift 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i helse- og omsorgstjenestene
  • Forskrift 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Samarbeidsavtale mellom Gloppen kommune og NAV
  • Ruspolitisk handlingsplan
  • Bustadsosial handlingsplan
  • Retningslinjer for Koordinerande eining
  • Rammeavtale mellom Helse Førde og Gloppen kommune
  • Delavtale om psykiske helsetenester mellom Helse Førde og Gloppen kommune
  • Søknad om tilskot til kommunalt rusarbeid
  • Kravspesifikasjon for ruskonsulent
  • Fem vedtak på tenester (sladda)
  • Rutinar for NAV Gloppen
  • Oppfølging av personar med rusmiddelmisbruk
  • Innsøking til spesialisthelsetenesta
  • Fasar i rehabiliteringa av rusmiddelmisbrukarar

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Fem journalar/ mapper ved Nav kontoret
  • Ein journal frå psykisk helseteam
  • Stikkprøve/ innsyn i fem journalar frå heimetenestene

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn vart sendt til kommunen 09.02.2012
  • Vi fekk tilsendt dokumentasjon frå kommunen 30.04.2012
  • Dagsorden for tilsynet vart sendt til kommunen 30.05.2012
  • Diverse e-post korrespondanse mellom revisjonsleiar og kontaktperson i kommunen vedkommande dagsorden og informantar

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen deltok: Revisjonsleiar Astrid Tveit Revisor Kari Vold Olsen