Rapport frå tilsyn med tenestetilbodet til rusmiddelmisbrukarar i Vågsøy kommune 2012
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
Om kommunen gjennom internkontroll sikrar at menneske med rusproblem og deira pårørande
- får informasjon, råd og rettleiing
- får tilbod om praktisk bistand og oppfølging
- får tilbod om behandling
og om kommunen gjennom internkontrollen sikrar at samhandling og koordinering av tenestetilbod fungerer.
Det vart ikkje funne avvik under tilsynet.
Dato: Leikanger 20. september 2012
Astrid Tveit
revisjonsleiar
Kari Vold Olsen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vågsøy kommune i perioden 09.03.2012 – 20.09.2012. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, jf. lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 12-3 og lov om sosiale tenester i Nav §§ 9 og 10.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeike betringspotensial.
2. Omtale av kommunen
Vågsøy kommune har om lag 6000 innbyggarar. Kommunesenteret er Måløy som har hatt by-status sidan 1997. Omlag halvparten av innbyggarane bur i kommunesenteret. Kommunen har organisert rusarbeidet med Nav som hovudansvarleg. Ved Nav-kontoret er det oppretta to stillingar som skal følgje opp rusmiddelmisbrukarar. Stillingane er oppretta av øyremerkte tilskot frå Opptrappingsplanen for rusfeltet, og dei to tilsette er kalla rusteamet i kommunen. Den første stillinga vart oppretta i 2009. Rusteamet samarbeider med tilsette i Nav, legane, open omsorg og psykisk helseteam. Tenesta er organisert slik at under kommunalsjef for helse- og omsorgstenester, er det tenesteleiarar for open omsorg, tenesteleiar for velferd og leiar av Nav kontoret som har det overordna ansvaret for rusfeltet. Tenesteleiar for velferd har ansvar for psykisk helseteam og dagsentertilbod.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 09.03.2012. Tilsynet var planlagt i juni, men kommunen fekk utsett gjennomføringa til august. Vi fekk tilsendt dokumentasjon frå kommunen 12.07.2012.
Oversikt over dokument som kommunen har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde 22.08.2012.
Intervju
12 personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 23.08.2012.
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var om kommunen gjennom internkontrollen sikrar at menneske med rusproblem og deira pårørande vert gitt informasjon, råd og rettleiing. Vidare var det å undersøke om praktisk bistand og oppfølging er tilgjengelege tenester for rusmiddelmisbrukarar, og om dei får tilbod om behandling. Tilsynet undersøkte også om kommunen sikrar koordinering og samarbeid i slike saker.
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 gir kommunen ansvar for å yte helse- og omsorgstenester også til menneske med rusmiddelproblem, og kommunen har plikt til å legge til rette for samhandling mellom ulike deltenester internt i kommunen, jf. same lov § 3-4.
Rusmiddelmisbrukarar er ei brukargruppe som ofte vert stigmatisert og som treng koordinering og samhandling mellom ulike deltenester. Kommunen skal legge til rette slik at den einskilde pasient eller brukar vert gitt eit heilskapleg og koordinert tenestetilbod, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1 a.
5. Funn
Vi fann ikkje avvik under tilsynet.
6. Vurdering av styringssystemet i kommunen
Vågsøy kommune har ruspolitisk handlingsplan 2012-2016. Planen er ny og skal handsamast i kommunestyret hausten 2012. Planarbeid som elles er i gang, er delplan for psykisk helsearbeid og rus, og helse- og omsorgsplan. Kommunen har oppretta koordinerande eining (KE) som er i etablerings- og innkøyringsfase. KE skal blant anna fungere som vedtaksansvarleg for individuelle planar.
Tildelingsnemnda fattar vedtak som gjeld helse- og omsorgstenester. Tildelingsnemnda har møte kvar veke, og vedtak vert fatta og sett i verk fortløpande. Sakshandamar gir innstilling i saka og har elles høve til å møte i tildelingsnemnda. Tenesteleiar har ansvar for at vedtak vert sett i verk. Tenester frå rusteamet vert ikkje vedtaksfesta og er eit fleksibelt lågterskeltilbod. Kommunen har planar om å endre denne praksisen, slik at tenester frå rusteamet også vert vedtaksfesta på lik linje med tenester frå open omsorg og psykisk helseteam.
Fylkesmannen fann at kommunen hadde eit godt samarbeid mellom ulike deltenester både på individnivå og på systemnivå. Kommunen brukar internkontrollverktøyet «kvalitetslosen», men det vert meldt lite avvik i systemet. Vi fann likevel at kommunen driv forbetringsarbeid, og at dette arbeidet er kjent i organisasjonen.
7. Regelverk
- Lover og regelverk som vart lagt til grunn ved tilsynet:
- Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m.
- Lov av 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
- Lov av 2. juli 1999 nr 63 om pasient- og brukarrettar
- Lov av 2. juli 1999 nr. 64 helsepersonell m.v.
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
- Forskrift 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og sosialtjenesten
- Forskrift 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i helse- og omsorgstjenestene
- Forskrift 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
- Forskrift 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå kommunen knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart
- Delegasjonsreglement
- Informasjon om rusarbeidet i Vågsøy (mars 2012)
- Samarbeidsavtaler mellom Vågsøy kommune og spesialisthelsetenesta
- Informasjonsbrosjyre rus og informasjonsbrosjyre psykisk helse
- Rushandbok for kommunen
- Utkast til ruspolitisk handlingsplan 2012-2016
- Delplan psykisk helsearbeid og rus
- Kommunedelplan for helse og omsorg 2012 – 2024
- Prosedyrer for rusarbeidet, Nav Vågsøy
- 5 einskildvedtak (anonymiserte)
- Prosedyre for avvikmeldingar og skjema for melding av avvik
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Tre brukarmapper/ journalar frå Nav
- Tre brukarmapper/ journalar frå Psykisk helseteam
- Tre brukarmapper/ journalar frå Open omsorg
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Brev med melding om tilsyn vart sendt frå Fylkesmannen til kommunen 09.03.2012
- Fylkesmannen fekk tilsendt dokumentasjon frå kommunen 12.07.2012
- Dagsorden vart fastsett i e-post frå Fylkesmannen til kontaktpersonen for tilsynet i kommunen 17.08.2012
- Diverse e-post korrespondanse mellom revisjonsleiar og kontaktperson i kommunen vedkommande flytting av datoar for gjennomføring av tilsyn, dagsorden og val av intervjuobjekt
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå Fylkesmannen deltok: Revisjonsleiar Astrid Tveit Revisor Kari Vold Olsen