Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Sammendrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Vågsøy kommune, Kulatoppen omsorgssenter i perioden 30.05.2013 til 10.10.2013. Denne rapporten gjer greie for funn på området det var ført tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område: Rehabiliteringstilbodet til pasientar som er overført frå spesialisthelsetenesta til sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke følgjande fasar i rehabiliteringsprosessen:

  • innhenting og handtering av nødvendig og relevant informasjon ved innlegging i sjukeheimen
  • kartlegging av behov for rehabilitering
  • målsetting og planlegging av rehabilitering
  • gjennomføring og evaluering av rehabiliteringstiltak
  • utskriving/avslutting av rehabilitering

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet i Vågsøy kommune. Det blei gitt ein merknad.

Merknad:

Vågsøy kommune legg til rette for tverrfagleg samarbeid mellom faggruppene i rehabiliteringsarbeidet. Tilsynslegen deltek sjeldan i målmøte, tverrfagleg møte og utskrivingsmøte, men legen sine medisinskfaglege vurderingar vert likevel systematisk henta inn til desse foruma. Vi meiner at denne arbeidsmåten reduserer faggruppene sin tilgang til legevurderingar og legen sin tilgang til informasjon frå resten av fagmiljøet. Arbeidsmetoden inneber derfor auka risiko for svikt i tenestene.

Dato: 10.10.2013

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Per Stensland
revisor

 

Brevet elektronisk godkjent og har ikkje underskrift

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Vågsøy kommune, Kulatoppen omsorgssenter, i perioden 30.05.2013 til 10.10.2013. Tilsynet er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om eventuelle avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynslaget finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av kommunen

Vågsøy kommune har om lag 6000 innbyggjarar.

Tenesteleiar institusjon, er leiar for Kulatoppen omsorgssenter og rapporterer til kommunalsjef.

Kulatoppen omsorgssenter er ein institusjon med 43 rom fordelt på seks tun. Det er tre tun for demente med fire, seks og åtte rom, to tun for langtidspleie med åtte og ni rom og eit tun med korttidsplassar med åtte rom (Aktivitetstunet). Pasientar som kjem frå sjukehus til omsorgssenteret (sjukeheimen) for rehabiliteringsopphald får plass på Aktivitetstunet. Dersom pasientar ved langtidsavdelinga på sjukeheimen blir lagt inn på sjukehus, får dei tilbake plassen sin når dei kjem tilbake. Rehabiliteringstilbodet vert då gitt i langtidsavdelinga.

Samlokalisert med institusjonen er det 24 omsorgsbustader.

Tilsynslegen er medisinskfagleg ansvarleg ved sjukeheimen. Næraste overordna er kommunalsjefen. Det er sett av 12 timar kvar veke til tilsynslegen, av desse er tre timar ubunden tid.

Fysioterapitenesta er organisert under tenesteleiar for velferd. Ein fysioterapeut er tilsett i halv stilling på Kulatoppen omsorgssenter og halv stilling som kontaktperson for hjelpemiddelsentralen.

Ergoterapitenesta er organisert under tenesteleiar for velferd. I kommunen er det tilsett to ergoterapeutar, ein i 80% stilling med 15% av stillinga på institusjon og ein i 40% stilling med 15% av stillinga på institusjon.

Kommunen har oppretta eit fagteam som består av to sjukepleiarar og ein vernepleiar. Fagteamet har blant anna ansvar for sakshandsaming, heimebesøk, internkontroll, fagutvikling, utarbeiding av prosedyrar og oppfølging av lærlingar.

Det har vore vanskelig å rekruttere sjukepleiarar i kommunen. Institusjonen har 9,7 stillingar for sjukepleiarar, 21,8 for fagarbeidarar og 12,5 for assistentar. Kommunen har fleire tilsette med vidareutdanning i rehabilitering. 28 personar har starta på helsefagutdanning. Dei har praksis på sjukeheimen parallelt med teoriundervisning.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

Revisjonsaktiviteter
Aktivitet

Dato

Kommentar

Melding om tilsyn

30.05.2013

 

Motteke dokumentasjon frå

kommunen

12.09.2013

Manglande dokument blei

sendt i e-post i etterkant

Opningsmøte

24.09.2013

 

Omvising

24.09.2013

 

Intervju

24. og 25.09.2013

9 personar blei intervjua

Sluttmøte

25.09.2013

 

Før tilsynet blei det sendt invitasjon til pårørande/pasientar med tilbod om ein samtale med Fylkesmannen om rehabiliteringstilbodet i Vågsøy kommune. Ein pårørande og ein pasient møtte.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt oss i samband med tilsynet, er teke inn i kapittel 7 om dokument.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Vågsøy kommune, Kulatoppen omsorgssenter, har styring og fører kontroll med at rehabiliteringstilbodet til pasientar som er overført frå spesialisthelsetenesta blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen sikrar forsvarleg:

  • innhenting og handtering av nødvendig og relevant informasjon ved innlegging i sjukeheimen
  • kartlegging av behov for rehabilitering
  • målsetting og planlegging av rehabilitering
  • gjennomføring og evaluering av rehabiliteringstiltak
  • utskriving/avslutting av rehabilitering

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet i Vågsøy kommune. Det blei gitt ein merknad.

Merknad:

Vågsøy kommune legg til rette for tverrfagleg samarbeid mellom faggruppene i rehabiliteringsarbeidet. Tilsynslegen deltek sjeldan i målmøte, tverrfagleg møte og utskrivingsmøte, men legen sine medisinskfaglege vurderingar vert likevel systematisk henta inn til desse foruma. Vi meiner at denne arbeidsmåten reduserer faggruppene sin tilgang til legevurderingar og legen sin tilgang til informasjon frå resten av fagmiljøet. Arbeidsmetoden inneber derfor auka risiko for svikt i tenestene.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
  • Forskrift av 16. desember 2011 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

7. Dokument

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, sendt over i samband med tilsynet

  • Organisasjonskart PRO institusjon
  • Organisasjonskart administrasjon
  • Årsrapport 2012
  • Oversikt over tilsette institusjon
  • Arbeidsskildring primærsjukepleiar/primærvernepleiar PRO
  • Primærkontakt oppgåver
  • Tilsynslækjar institusjon oppgåver
  • Kompetanseplan 2012-2015 PRO
  • Kvalitetslosen – innhaldsoversikt
  • Referat frå evaluering prosjekt rehabilitering
  • Prosedyrar
    - Varsel frå sjukehus om brukar/pasient som mulig treng kommunale tenester etter utskriving/er utskrivingsklar
    - Tildeling av institusjonsopphald og omsorgsbustad med bemanning tilgjengeleg – vegleiande kriterium
    - Rehabiliteringsopphald i institusjon
    - Utskriving/overføring av brukar frå korttids-/rehabiliteringsopphald i institusjon til heimen
    - Overføring/innskriving av brukar frå heim/sjukehus til korttids-/rehabiliteringsopphald i institusjon
    - Prosesskart Vågsøy kommune

Dokumentasjon som blei gjennomgått/utdelt under revisjonsbesøket:

  • Perm med referat frå felles gruppemøte
  • Opplæringsperm
  • Kvalitetslosen
  • Dagbok Fjordtunet
  • Vi fekk omvising ved Kulatoppen omsorgssenter.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • Melding om tilsyn, 30.05.2013
  • Invitasjon til pårørande (melding om tilsyn), 30.05.2013
  • Dokumentasjon til tilsynet frå Vågsøy kommune
  • Oversending av utkast til rapport, 26.09.2013
  • Diverse e-postar om tilsynet
  • Førebels rapport, 27.09.2013

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Aina Solberg

Tenesteleiar open omsorg område Vågsøy

X

-

X

Jeanette Jensen

Kommunalsjef helse- og omsorg

X

X

X

Berit Skavøypoll

Konsulent fagteam

X

X

X

Mari Evebø

Ergoterapeut

X

X

-

Erna Drabløs

gruppeleiar

X

X

X

Shahez Raoof

Lærling

X

-

X

Kristin Solheim

Helsefagarbeidar

X

X

X

Margreet Maijer

Tenesteleiar institusjon

X

X

X

Audun Hammer

Tilsynslege

-

X

-

Grethe Yddal

spesialsjukepleiar

-

X

X

Sonja Kupen

Hjelpepleiar Tiriltun plasstillitsvalgt

(X)

-

X

Kjersti Bjørkheim

hjelpepleiar

-

X

X

Astrid Sørgård

fysioterapeut

-

X

X

Jonna Grønstrand

Tenesteleiar omsorg fastlandet

X

-

X

Linda Blålid Lågeide

Verneombod KOS og kjøken

-

-

X

Ruth Silden

Sone nord gruppeleiar heimetenestene

-

-

X

Helén Itland

sjukepleiar

-

-

X

Henning Kvalheim

sjukepleiar

-

-

X

Anne Færestrand

Konsulent fagteam

X

-

X

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok: Seniorrådgjevar Bjørg Eikum Tang, revisor Fylkeslege Per Stensland, revisor

Rådgjevar Beate Tollefsen, revisjonsleiae