Rapport frå tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i Vik kommune 2013
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Sammendrag
Systemrevisjonen gjaldt følgjande: om kommunen sikrar at tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram blir gjort i samsvar med lov- og forskriftskrav. Denne rapporten gjer greie for merknaden som blei påpeika innanfor dei områda som blei reviderte. Det blei ikkje avdekt avvik.
Tilsynet undersøkte om kommunen gjennom systematiske styringstiltak (internkontroll) sikrar at tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram blir gjort på ein forsvarleg måte.
Forsvarleg tildeling og gjennomføring fører til at personar som har rett til kvalifiseringsprogram får ei forsvarleg teneste.
Merknad:
- Vik kommune kan betre internkontrolltiltaka slik at det blir enno mindre fare for svikt når det gjeld forsvarleg tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogrammet.
Elisabeth Lund-Iversen
revisjonsleiar
Kari Vold Olsen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vik kommune i perioden 10.06.2013 – 04.12.2013. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 2013.
Fylkesmannen har heimel til å føre tialsyn med sosiale tenester i NAV etter lov om sosiale tenester i NAV § 9.
Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfatta å undersøke:
- kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten gjer greie for merknaden som blei gitt under revisjonen og gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på potensiale for betring.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Vik kommune hadde 2725 innbyggjarar pr. 01.04.2013. Tre av desse var deltakarar i kvalifiseringsprogrammet på tilsynstidspunktet.
Kommunen er organisert med seks tenesteeiningar, NAV er ein av desse. Leiarane av einingane rapporterer til rådmannen.
Av samarbeidsavtalen mellom kommunen og NAV Sogn og Fjordane går det fram at NAV- kontoret, i tillegg til dei statlege tenestene og tenestene etter lov om sosiale tenester i NAV, har desse tenestene: støttekontakt rus/psykiatri, gjeldsrådgjeving, lån og tilskotsordningar, bustadkontor, førebyggjande arbeid, husbankordningane, rus-arbeid, flyktningtenesta og vaksenopplæringa for framandspråklege.
NAV-kontoret har fem tilsette i tillegg til leiar og nestleiar. Fire tilsette, i tillegg til nestleiar, har som del av arbeidet sitt å vere i mottaket i kontoret. Det er i hovudsak ein tilsett som arbeider med kvalifiseringsprogrammet, men også ein annan tilsett hadde oppfølging av ein deltakar i kvalifiseringsprogrammet på tilsynstidspunktet. Alle i kontoret har møte ein gong i veka der saker dei arbeider med kan meldast opp til drøfting.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel: sendt 10.06.2013.
Dokumentgrunnlag frå kommunen: mottatt 03.09.2013.
Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, og dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.
Opningsmøte: 21.10.2013.
Intervju: 6 personar blei intervjua.
Sluttmøte: 22.10.2013.
4. Kva tilsynet omfatta
Kommunen er pålagt å føre internkontroll med tenesta kvalifiseringsprogram. Føremålet med tilsynet var å undersøke om kommunen gjennom styringstiltak sikrar at tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram skjer i samsvar med lov- og forskriftskrav slik at det blir gitt forsvarlege tenester til dei som har rett til kvalifiseringsprogram.
Tilsynet hadde som føremål å undersøke om kommunen sikrar at kvalifiseringsprogrammet er tilgjengeleg for potensielle deltakarar, om det blir gjort forsvarlege identifiseringsprosessar og om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon om retten til kvalifiseringsprogram. Vidare undersøkte vi om kommunen sikrar at kartleggings-, vurderings- og avgjerdsprosessane ved behandling av søknader om kvalifiseringsprogram er forsvarlege.
Føremålet var også å undersøke om kommunen sikrar forsvarleg gjennomføring av kvalifiseringsprogram ved å sikre at tidsfrist for iverksetting av program blir haldne. Vidare undersøkte vi om innhald og omfang av kvalifiseringsprogramma er forsvarleg. I dette ligg det at programma blir individuelt tilpassa ved at den einskilde sine behov og føresetnader blir teke omsyn til og at programma inneheld arbeidsretta tiltak, arbeidssøking og eventuelt andre tiltak som kan vere med på å førebu og støtte opp under overgang til arbeid. Vidare undersøkte vi om kommunen sikrar forsvarleg oppfølging av deltakarar i kvalifiseringsprogram.
5. Funn
Tilsynet avdekka ikkje avvik. Det var gitt ein merknad.
Merknad:
- Vik kommune kan betre internkontrolltiltaka slik at det blir enno mindre fare for svikt når det gjeld forsvarleg tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogrammet.
Merknaden byggjer på følgjande:
- Intervju og mappegjennomgang viste at NAV-kontoret avdekkjer avvik og rettar opp slik at tenestemottakaren får ei forsvarleg teneste. Avvik blir likevel ikkje skriftleggjort på annan måte enn i saksmappene til tenestemottakar. Det gjekk fram av intervju at kommunen er i ein implementeringsfase av systemet «Kvalitetslosen» der tilsette skal melde avvik elektronisk. Det er førebels berre to tilsette som har tilgang til systemet, og det er ikkje sams oppfatning hjå resten av dei tilsette korleis dei skal melde avvik.
- Dokumentgrunnlag og intervju viste at deler av arbeidet med kvalifiseringsprogrammet, som den einskilde tilsette utfører, ikkje blir kontrollert for å sikre at det skjer i samsvar med lov- og forskiftskrav.
- Det gjekk fram av intervju at NAV-kontoret har evaluert tenesta kvalifiseringsprogram i haust, og intervju og dokumentgrunnlaget til tilsynet viste at det er utarbeida prosedyrar for tenesteytinga. Det kom ikkje fram i dokument eller intervju at det er planlagt framtidige evalueringar slik at t.d. risikovurderingar, ROS-analysar, internrevisjonar eller andre kartleggingar også blir gjort på seinare tidspunkt.
- Dokumentgrunnlag og intervju viste at kommunen ikkje har aktivitetar for å systematisk overvake og gå gjennom internkontrollen for å sikre at den fungerer som føresett og bidreg til kontinuerleg betring.
6. Regelverk
- LOV 2009-12-18-131: Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen
- LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker med forskrift til forvaltningsloven
- FOR-2010-11-19-1463: Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltningen
- FOR-2011-12-21-1471: Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad
- Hovedrundskriv nr 35 av 22.06.2012: lov om sosiale tjenester i NAV – Arbeids- og velferdsdirektoratet
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over då revisjonen blei førebudd:
- Organisasjonskart Vik kommune
- Organisering og oppgåvefordeling NAV Vik (februar 2013)
- Samarbeidsavtale mellom Vik kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Sogn og Fjordane
- Avtale om drift og forvaltning av eigedom mellom NAV Sogn og Fjordane og Vik kommune
- Faste møte
- Reglement for intern delegering i Vik kommune
- Prosedyre: Opplæringsplan knytt til kvalifiseringsprogram (KVP)
- Årsmelding 2012 NAV Vik
- Notat: Tertialrapport 1. kvartal 2013 NAV ansvar 500
- Prosedyre: Identifisere aktuelle kandidatar for kvalifiseringsprogram
- Prosedyre: Søknad om kvalifiseringsprogram
- Prosedyre: Tildeling og oppfølging av brukar i kvalifiseringsprogram
- Prosedyre: Avdekkje, rette opp og førebygge brot på lov om sosiale tenester i NAV
- Notat: Tal personar som i 2012/og eller 2013 har hatt økonomisk stønad som einaste inntektskjelde i fire månader eller meir
- Notat: Tal personar som har/har hatt KVP i 2012 og/eller 2013
Dokumentasjon som blei lagt fram og gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Ringpermen «Kvalitetshandboka sosial»
- Ringpermen «KVP»
- Tre saksmapper til personar som hadde tenesta kvalifiseringsprogram på tilsynstidspunktet
- To saksmapper til personar som har hatt kvalifiseringsprogram, men der programmet er avslutta mellom 01.10.2012 og tidspunktet for tilsynsbesøket
- Fire saksmapper til personar som har hatt økonomisk stønad som einaste inntekt i fire månader eller meir
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Revisjonsvarsel sendt 10.06.2013
- Dokumentasjon frå kommunen motteke 03.09.2013
- Program for tilsynet sendt 24.09.2013
- Ønskje frå kommunen om endring i programmet motteke 26.09.2013
- Endra program for tilsynet sendt 27.09.2013
- Førebels rapport 11.11.2013
- Endeleg rapport 04.12.2013
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn | Funksjon / stilling | Opningsmøte | Intervju | Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Oddbjørn Ese |
rådmann |
x |
x |
x |
Anne Grethe Tveit |
NAV-leiar |
x |
x |
x |
Olaug Brekke |
nestleiar |
x |
||
Siren Rørgård Skjerven |
sosialkonsulent |
x |
x |
x |
Anne Line Bjørnestad |
konsulent |
x |
x |
x |
Gry Blomseth |
førstekonsulent |
x |
x |
x |
Erna Ovrid |
ruskonsulent |
x |
x |
|
Elin Romslo Bungum |
førstekonsulent |
x |
Frå tilsynsorganet deltok:
- Elisabeth Lund-Iversen (revisjonsleiar)
- Kari Vold Olsen (revisor)
- Brit Sundgot (revisor)
Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet
2013–14 Kvalifiseringsprogrammet
Søk etter tilsynsrapporter