Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Det blei ikkje avdekka noko ved verksemda som var brot på krav i helsetenestelovgjevinga innanfor dei områda som blei reviderte. Tilsynet gjaldt følgjande område:

  • Pasientens samtykke ( evne til å bestemme sjølv)
  • Bruk av medikamenter mot pasientens vilje
  • Gjennomføring av hygienetiltak mot pasientens vilje

Dato: 15.12.2010

seniorrådgiver Audhild Arnesen
revisjonsleiar

ass.fylkeslege Yngve Holmern
revisor

 

 

Rådgiver Møyfrid Lillehaug
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter uanmeldt tilsyn ved Bø sjukeheim 30.11.2010. Tilsynet går inn som ein del av dei planlagde tilsyna vi skal gjennomføre hos Helsetilsynet i Telemark dette året.

Helsetilsynet i Telemark har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin, som omfattar undersøking om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Eit uanmeldt tilsyn blir gjennomført ved samtaler og dokumentgjennomgang.

Uanmeldt tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varighet. Uanmeldt tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å tilrettelegge gjennomføringa av tilsynet. Personell og leierar som er til stades vil ha sine daglege oppgåver å ivareta overfor pasientane

2. Bakgrunn for at tilsynet blei gjennomført

Tilsynet er ett av dei fire planlagte uanmeldte tilsyna som Helsetilsynet i Telemark gjennomfører i 2010. Helsetilsynet i Telemark hadde tilsyn med Bø sjukeheim, skjerma enhet, i 2009, og påpeika den gong fleire avvik. Desse har blitt fulgt opp med skriftleg rapportering, og retta opp. Vi valte difor å følgje opp Bø sjukeheim med eit uanmeldt tilsyn for å sjå om praksis stemte overeins med det som var rapportert til oss.

3. Gjennomføring

Det uanmeldte tilsynet omfatta den eine etasjen i skjerma avdeling ved sjukeheimen.

Avdelinga har 14 pasientar, fordela på 2 etasjer med 7 pasientar i kvar etasje.

Tilsynet blei varsla ca. 1 ½ tilme før vi kom. Varsel blei levert til leiinga når vi kom til avdelinga, og gjennomgått saman med einingsleiar og avdelingsleiar.den 30.11.2010..

Dokumentgjennomgangen besto i gjennomgang av elektronisk og papirbaserte journalar for dei pasientane i 1.etasje som ikkje hadde samtykkekompetanse, og hadde fått vedtak om bruk av tvang. Kvalitetssystemet ble også gjennomgått på dei områda som vi førte tilsyn med.

Vi snakka med alle 3 personane som var på jobb denne morgonen, pluss einingsleiar.dvs. einingsleiar, avdelingsleiar, ein hjelpepleiar og ein omsorgsarbeidar.

Til slutt hadde vi ei samtale med einingsleiar og avdelingsleiar der vi oppsummerte funna.

4. Funn

Gjennomgang av dokumentasjonen og ved samtale kom det klart fram at pasientane i denne avdelinga hadde demensdiagnose. I journalen fann vi avgjerd om pasienten hadde samtykkekompetanse. Dersom det var fatta avgjerd om at pasienten ikkje hadde samtykkekompetanse, var dette grunngjeve, og det gjekk klart fram kven som hadde avgjort dette. Avgjerda blei alltid lagt fram for pårørande. Når det gjaldt tvangsvedtak, så var tvangsvedtak fatta der det var nødvendig, det framgjekk av journalen, og kopi av vedtaket var sendt Helsetilsynet i Telemark. Opplæring rundt tema samtykke og tvangsbruk var sett i system. Rutinene var på plass, og dei tilsette viste gode haldningar og kunnskap om det å møte pasientar som motset seg helsehjelp. Tilsynet fann ikkje tilhøve som ga grunnlag for brot på lovkrava, og såg ikkje behov for vidare oppfølging fra tilsynsmyndighetenes side. Tilsynet blir med dette avslutta.

5. Regelverk

Det rettslige grunnlaget for tilsynsbesøket er:

  • Lov av 30.03.1984 nr 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 19.11.1982 nr 66 om helsetjenesten i kommunene (khl.)
  • Lov av 02.07.1999 nr 64 om helsepersonell mv
  • Lov av 02.07.1999 nr 63 om pasientrettigheter

Følgjande forskrifter er også sentrale ved tilsynet:

  • Forskrift av 20.12.2002 nr 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 27.06.2003 nr 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 21.12.2000 nr 1385 om pasientjournal

Tilsynet ble gjennomført av seniorrådgiver/revisjonsleder Audhild Arnesen, ass. fylkeslege Yngve Holmern, rådgiver Møyfrid Lillehaug.