Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Telemark gjennomførte i perioden 11. .2011- 15.12.11 tilsyn med

Barnevernsamarbeidet i Vest - Telemark - vertskommune Kviteseid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn med kommunane sine barneverntenester i 2011.

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadane som blei påpeikt innafor dei reviderte områda. Systemrevisjonen tok føre seg to hovedtema:

  • Undersøkingar i barneverntenesta, jf. Lov om barneverntjenester (barnevernloven) § 4-3
  • Evaluering av hjelpetiltak, jf. barnevernloven§ 4-5

Det blei ikkje avdekt avvik.

Det blei gitt ein merknad:

Kommunen dokumenterar ikkje fortløpande alle naudsynte og relevante opplysingar og vurderingar i arbeide med undersøkingar og evaluering av hjelpetiltak.

Kommentar:

I intervjua blei det gjort greie for at barnevernsamarbeidet har eit etterskot på skriving av løpande referater og notater. Dette etterskotet kan føre til risiko for feil, eller ufullstendig dokumentasjon.

Merethe Haugen
revisjonsleiar

Laila Christensen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Barnevernsamarbeidet i Vest- Telemark, vertskommune Kviteseid i perioden 11.5.2011 -15.12.11. Revisjonen er ein del av eit landsomfattande tilsyn som er initiert av Statens Helsetilsyn, og vert gjennomført over heile landet i 2011.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med barneverntenesta etter lov om barneverntenester § 2-3 fjerde ledd bokstav a. Statens helsetilsyns heimel for å gi føringar og valg av tema og tilsynsmetode, følgjer av barnevernlova § 2-3.

Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om naudsynt korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Kviteseid kommune med sine ca 2 500 innbyggjarar, har lange tradisjonar som administrasjonssenter i Vest- Telemark regionen. Dette gjeld også på barnevernornrådet. Kommunane Sejord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje har ei felles barnevernteneste etter reglane i Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova) § 28. Kviteseid kommune er vertskommune, medan dei andre kommunane er samarbeidskommunar. Denne samarbeidsavtalen blei iverksatt 01.04.09, men allereie i 2004 starta dei nemnde kommunane eit samarbeid om barnevernet. Dei første åra vart dette samarbeidet organisert som eit interkommunalt selskap (IKS).

Barnevernssamarbeidet disponerar kontorlokale, og dei har har jevnlege kontordagar, i kvar av samarbeidskommunane. Barnevernsamarbeidet er i direkte line underlagt rådmannen i Kviteseid, på samme nivå som sektor for helse og omsorg, sektor for skule og barnehage, sektor for service og utvikling, og NAV. Barnevernleiar rapporterer direkte til rådmannen. I tillegg blir administrasjonen i dei enkelte samarbeidskommunane orienterte minst ein gong i året om drifta og vedtak som blir fatta. Barnevernssamarbeidets årsmelding og rekneskap blir og lagt fram for Vest- Telemark rådet.

Barnevernsamarbeidet består av barnevernleiar, nestleiar og l gruppeleiar, i tillegg er det, i fylgje kommunes halvårsrapporteing pr. 30.06.11, 8,9 stillingar i tenasta, inkludert merkantilt. Kommunen fekk tildelt 1 stilling fra statleg øyremerka midler i 2011. Ansvar og oppfyljing av den einskilde kommunen er fordelt på nestleier og gruppeleiar, desse har ansvaret for 3 kommunar kvar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfattet fylgjande aktiviteter: Revisjonsvarsel blei sendt ut 11.05.11. Åpningsmøte blei halde 19.10.11.

Intervjuer

5 personer blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket er gjeve i kapitlet 8 Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 21.10.11.

4. Kva tilsynet omfattet

Dei to hovedtema er den kommunale barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar, jf. barnevernloven § 4-3 og evaluering av hjelpetiltak for heimebuande born, jf. barnevernloven § 4-5. Borns rett til medverknad er eit sentralt undertema til båe hovedtema. Medverknad her vil seie borna sin rett til å bli informert, og til å uttale seg. Føremålet med tilsynet er å undersøkje om norske kommunar igjennom sine styringstiltak sikrar at undersøkingar og evaluering av hjelpetiltak til born som bur heime blir gjort på ein slik måte at born og unge på desse områda får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Barnevernets arbeid med undersøkingar er grunnlag for å sikre at born som treng det, skal få hjelp til rett tid. Kvaliteten på undersøkingar er avgjerande for iverksetjing av riktige tiltak til born og unge og deira familier.

Det er sentralt for bom og deira formyndarar at tiltak fungerar etter hensikt, og difor er evaluering av desse tiltakene viktig. Barneverntenesta må difor være oppdaterte på om borna til kvar ei tid får den hjelpa dei treng, og at tiltaka er i tråd med eventuelle endringar i deira behov. Borns rett til å bli høyrd er nedfelt både i nasjonal barnevernlovgjeving og i FNs barnekonvensjon om borns rettighetar.

5. Funn

Det blei ikkje avdekt avvik. Det blei gitt ein merknad.

Merknad:

Kommunen dokumenterar ikkje fortløpande alle naudsynte og relevante opplysingar og vurderingar i arbeide med undersøkingar og evaluering av hjelpetiltak.

Kommentar:

 I intervjua blei det gjort greie for at barnevernsamarbeidet har eit etterskot når det gjeld skriving av løpande referat og notat.

Dette etterskotet kan føre til ein risiko for feil eller ufullstendig dokumentasjon.

6. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon om barnets rettigheter av 20. november 1989
  • Lov om barnevernstjenester av 17.juli 1992 nr.100 (barnevernloven)
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2.oktober 1967 (forvaltingsloven)
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester

7. Dokumentunderlag

Verksemda sin eigen dokumentasjon knytta til den daglege drifta og andre forhold av betydning som blei oversendt i forkant av revisjonen:

  • Internkontroll barnevernteneste Barnevernsamarbeidet i Vest- Telemark IKS Styringsdel
  • Lovdel
  • Faglege- og administrative prosedyrer
  • Dokumentasjonsdel
  • Målsetting 2010
  • Årsrapport 2010
  • Stillingar BVS pr. 01.07.20 l I
  • Telefonliste barnevernsamarbeide juli 2011-11-10
  • Utskrift fra Familia: Alle tiltak pr.barn
  • Utskrift fra Familia: Oversikt over undersøkelser

Fremlagt dokumentasjon på tilsynsdagen:

  • Samarbeidsavtale om barnevernet i Vest- Telemark (BVS)
  • Kviteseid kommune
  • Handlingsprogram og budsjett 2011
  • Økonomiplan 2011 -2013
  • Kviteseid kommune handlingsprogram og budsjett 2011 økonomiplan 2012 -2014
  • Tre interne notatbøker med referat fra møter og faglige drøftinger
  • Møteplan haust 2011
  • Utskrift fra Familia: Nøkkeltall
  • Informasjon til partene i barnevernsak
  • Brosjyre Barnevernet - til barnets beste, Q-0801 B

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn av 11.05.11
  • Dokumentasjon frå kommunen motteke 20.07.11
  • Fremlegg av saksmapper og tilleggsdokumentasjon av 19.09.11
  • Program for tilsyn av 20.09.11

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir eit oversyn over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Hans Bakke

Rådmann

 

X

X

Synnøve Bratland

Barnevemleiar

X

X

X

Gunn Annie Hellestad

Barnevernkonsulent/nestleiar

X

X

X

Reidun Hovden

Barnevernkonsulent

X

X

X

Irene Kosi

Barnevernkonsulent/gruppeleiar

X

X

X

Solveig Abelone Midtgarden

Barnevernkonsulent

X

 

X

Elisbabeth Jopperud

Barnevernkonsulent

   

X

Fra tilsynsmyndighetene deltok:

Laila Christensen, revisor, Tove Dalene Wærnes, revisor og Merete Haugen med sistnevnte som revisjonsleiar.