Helsetilsynet

Samandrag

Helsetilsynet i Telemark har som ledd i landsomfattande tilsyn (LOT) 2011 hatt tilsyn med Hjartdal sjukeheim. Sjølve tilsynsbesøket fann stad 08. – 09. juni 2011.

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt:

  • Tvungen helsehjelp etter pasientrettighetsloven kapittel 4A,- avgrensa til sjukeheimar og til følgjande område:
    • Om kommunen sikrar at pasientar sin motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetanse blir vurdert
    • Om kommunen sikrar at ein freistar nytte tillitsskapande tiltak for å motivere pasientar til å ta imot helsehjelpa sjølv om dei gir uttrykk for motstand
    • Om kommunen ser til at ein gjer helsefaglege vurderingar av om ein kan gi den aktuelle helsehjelpa med tvang

Det blei under tilsynet funne tilhøve som ga grunn til følgjande avvik:

Hjartdal kommune har ikkje på eintydig vis plassert ansvar for å ta avgjerd om samtykkekompetanse og for å gjere faglege vurderingar av om helsehjelp kan gjennomførast med tvang.

Dato: 10.08.2011

Yngve Holmern
revisjonsleiar

Møyfrid Lillehaug
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Hjartdal sjukeheim i perioden 03.02.2011 - 10.08.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Telemark i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Hjartdal kommune hadde 1619 innbyggjarar i 2008. Av desse var 7,7 % over 80 år. (Snitt fylket 5,5. Snitt landet 4,6) .

Hjartdal sjukeheimen er bygd i 1967, nytt tilbygg i 1988. Det er i alt 28 plassar, av desse er 6 i skjerma eining.

Kommunen har ein organisasjonsstruktur der det under rådmann/kommunalsjef-nivå er einingar med kvar sin einingsleiar. Hjartdal sjukeheim er eining under kommunalsjefområde Helse, pleie og omsorg.

På sjukeheimen nyttast pasientjournalsystemet CosDoc. Kommunen har nyleg innført kvalitetssystemet Kvalitetslosen.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei send ut 03.02.2011. Oversikt over dokument som verksemda har send over i samband med tilsynet , er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 08.06.2011.

Intervju

9 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved Hjartdal sjukeheim.

Sluttmøte blei halde 09.06.2011.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet er tvungen helsehjelp etter pasientrettighetsloven kapittel 4A til pasientar i sjukeheim.

Tilsynsområde er korleis kommunen sikrar at:

  • Motstand mot helsehjelp hos pasientar identifiserast og at pasientane sin samtykkekompetanse blir vurdert.
  • Tillitskapande tiltak nyttast før tvungen helsehjelp gjennomførast.
  • Det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

5. Funn

Ved tilsynet blei det konkludert med at det ligg føre ulike tilhøve som samla gir grunn til følgjande eine avvik:

Hjartdal kommune har ikkje på eintydig vis plassert ansvar for å ta avgjerd om samtykkekompetanse og for å gjere faglege vurderingar av om helsehjelp kan gjennomførast med tvang.

Brot på følgjande lov- og forskrift:

  • Kommunehelsetjenesteloven § 1-3a
  • Helsepersonelloven § 16
  • Internkontrollforskriften § 4

Avviket grunngjevast med følgjande funn og tilhøve:

  • Ingen av dei stillingsomtalene vi har mottatt på førehand seier noko om ansvar for å ta avgjerd om samtykkekompetanse eller for å gjere faglege vurderingar av om helsehjelp kan gjennomførast med tvang. (Stillingsomtale for einingsleiar og for fagsjukepleiar oppdatert og godkjende pr. mars-11. Utkast til stillingsomtale for sjukeheimslege pr. mars -11).
  • Ved intervju blei det gitt ulike svar på kven som har ansvar på desse områda.
  • Nye prosedyrar er utarbeidde kort tid før tilsynsbesøket i Kvalitetslosen i høve til pasientrettighetsloven kap 4A. I prosedyrar lagt fram under tilsynsbesøket er ansvar for å ta avgjerd om samtykkekompetanse og for å fatte vedtak om tvungen helsehjelp upresist framstilt. Ulike personar har godkjent prosedyrar knytt til pasientrettrettighetsloven kap 4A.
  • Intervjua syner at det ikkje er gjort klart i tilstrekkeleg grad i sjukeheimen at det er legen som skal stå for dei faglege vurderingane av om det er grunnlag for å fatte vedtak om medisinering med tvang.

6. Vurdering av styringssystemet

Hjartdal kommune er inne i ei fase med ny kommunal leiing, idet kommunalsjef for helse, pleie og omsorg har vore tilsett frå september -09 og rådmannen frå april -10. Den nye leiinga er klar over at kommunen ikkje har eit velfungerande internkontrollsystem. Kommunen har nyleg innført kvalitetssystemet Kvalitetslosen, og er i ferd med å implementere systemet. Tilsynet har avdekka at fleire av prosedyrane som er utarbeidde ikkje er tilstrekkeleg presise.

7. Regelverk

  • Lov av 02.07.1999 nr 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 19.11.1982 nr 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 02.07.1999 nr 64 om helsepersonell
  • Forskrift av 20.12.2002 nr 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift av 21.12.2000 nr 1385 om pasientjournal

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart for Hjartdal kommune.
  • Årsmelding for Hjartdal sjukeheim for 2009 og 2008
  • Stillingsbeskriving for einingsleiar og for fagsjukepleiar
  • Utkast til stillingsbeskriving for sjukeheimslege
  • Oversikt over tilsette ved sjukeheimen
  • Oversikt over internundervisning 2010 og kompetanseplan 2011

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynsbesøket:

  • Nye prosedyrar pr. juni-11 for tiltak i høve til pasientrettighetsloven kap 4A
  • 13 pasientjournalar

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Telemark:

  • Varselbrev sendt 03.02.2011
  • Førehandsdokumentasjon sendt frå kommunen 28.03.2011
  • Programbrev sendt 03.05.2011

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Gro Bjørndalen

einingsleiar

x

x

x

Geir Brukås

hjelpepleiar

x

x

x

Rune Engehult

rådmann

x

x

x

Inger Grethe Funner

fagsjukepleiar

 

x

 

Allan Fjelmberg

sjukeheimslege

 

x

x

Margit Karlsen-Rinde

kommunalsjef

x

x

x

Une Mjaugeto

fagsjukepleiar

x

x

x

Berit Slåtta

hjelpepleiar

 

x

x

Anne Lise Svanlund

sjukepleiar

 

x

 

Frå tilsynsorganet deltok:

Rådgjevar/jurist Møyfrid Lillehaug

Ass.fylkeslege Yngve Holmern (revisjonsleiar)