Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for påpeikte avvik innanfor dei reviderte områda. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Opplysning, råd og rettleiing til rusmiddelmisbrukarar
  • Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukere – praktisk bistand og opplæring, støttekontakt og plass i institusjon.
  • Oppfølging av rusmiddelmisbrukarar i behandlingsopplegg.
  • Naudsynte tiltak ved avslutning av institusjonsopphald.

Dato: 13.04.11

Nina Eide
revisjonsleiar

Inger Tveit Espeland
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Kviteseid kommune i perioden 26.10.10 – 04.03.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester  § 2-6.

Føremålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar.
  • tiltaka vert følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Kviteseid kommune har 2522 innbyggjerar. Tenester til rusmiddelavhengige er organisert under Nav kontoret. Nav Kviteseid har sju tilsette delt på 6,1 årsverk. Nav leiar er underlagd rådmann og sidestilt med sektorleiar for Helse- og omsorg, Skule og barnehage, Service og utvikling og Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark. Nav leiar er ikkje en del av rådmannens leiargruppe.

Kviteseid er en liten kommune og hadde ingen rusmiddelmisbrukerar i institusjonsbehandling eller anna medikamentfri behandling då tilsynet blei ført. Vedtaka som blei sendt till Fy lkesmannen var frå følgjande år: 2001, 2003, 2004, 2006, 2007 og ett frå 2010.  Kommunen har ein pasient i legemiddelassistert behandling.

Kommunen har ein rusmiddelpolitisk handlingsplan, men planen er i hovudsak retta mot alkohol.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen tok føre seg følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 26.10.10. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunder lag.

Opningsmøte blei halde 10.02.11.

Intervjuar

7 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 11.02.11.

4. Kva tilsynet omfatta

Område 1: Tenester retta mot alle rusmiddelmisbrukarar.

Herunder:

Opplysning, råd og rettleiing

  • Lov om sosiale tjenester §§ 2-1 fyrste og annet ledd, jf. 6-1, jf. 4-1

Innretning og tilgjengelegheit av støttetiltak

  • Lov om sosiale tjenester §§ 2-1 fyrste og annet ledd, jf. 6-1, jf. 4-2 a, c, og d.

Rettssikring av tilgangen til støttetiltak

  • Lov om sosiale tenester §§ 2-1 fyrste og annet ledd, jf. 6-1, jf. 4-2 a, c, og d, 4-3, jf. 8-1.

Område 2: Tenester overfor rusmiddelmisbrukere under rehabilitering

Herunder:

Oppfølging i behandlingsopplegg.

  • Lov om sosiale tjenester §§ 2-1 fyrste og annet ledd og 6-1 fjerde ledd, jf. fyrste ledd, jf. 4-1

Naudsynte tiltak ved avslutning av eit institusjonsopphald.

  • Lov om sosiale tjenester §§ 2-1 fyrste og annet ledd og 6-1 fjerde ledd, jf. fyrste ledd, jf. 4-1

5. Funn

Avvik 1:

Kviteseid kommune sikrar ikkje at praktisk bistand og opplæring er innretta slik at tenestene representerer eit reelt og tilgjengelig tilbod til rusmiddelavhengige, jf. § 4-2 a, jf. § 4-3.

Myndigheitskrav: §§ 2-1 første og annet ledd, jf. 6-1, jf. 4-2 a, forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten.

Avviket bygger på følgande krav fra myndigheitene:

  • Det er ikkje lik forståing av kven avdeling i kommunen som har ansvaret for praktisk bistand og opplæring, herunder bohandsaming. 
  • Det er ikkje lik forståing av kven som har myndigheit og kven som i praksis fattar vedtak på tenester til oppfølging i bustad.
  • Delegasjonsreglement for Kviteseid kommune som er lagt fram er ikkje i samsvar med gjeldande organisering.
  • Det går ikkje fram av samarbeidsavtala mellom Kviteseid kommune og Nav fylke at tenester etter sosialtjenestelova § 4-2 er lagt til Nav kontoret.
  • Det ligg heller ikkje føre prosedyrar/rutinar som seier korleis man skal utøve rusmiddelarbeidet herunder delegasjon.
  • Det ligg ikkje føre planar for opplæring.
  • Det ligg ikkje føre eit system for å handsame avvik for dei kommunale tenestene som er lagt til Nav kontoret.

Avvik 2:

Kviteseid kommune sikrar ikkje at rusmiddelmisbrukarar som søker sosiale tenester heimla i § 4-2 a får tildela tenester i samsvar med sosialtenestelovas åtgjerd om enkeltvedtak

Myndigheitskrav: §§ 2-1 første og annet ledd, jf. 6-1, 4- 2 a, jf. § 4-3, jf. § 8-1, forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten.

Avvik frå følgjande krav frå myndigheitene;

  • Det er ikkje lik forståing om det blir fatta vedtak på tenester til praktisk bistand og opplæring.
  • Psykiatritenesta sett i verk tenester til oppfølging i bustad utan at tenestemotakar er kjent med innhaldet i tenesta, dvs. ikkje mottar vedtak.
  • Det er ikkje lagt fram vedtak som syner at det er innvilga tenester etter lov om sosiale tjenester § 4-2 a jf. § 4-3.
  • Det ligg ikkje føre skriftlege rutinar for å fatte vedtak ved tildeling av oppfølgingstenester i bustad. 

Tilsynsorganet har elles merka seg:

Kveiteseid kommune har tilsett ein medarbeidar som er godt i gang med å arbeide fram nye rutinar og retningsliner som vil styrke kvalitetsarbeidet i kommunen.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Det er avdekka uklare ansvars- og myndigheitsforhold på det reviderte området, noko som kan føre til uklarheit knyttet til styring av rusarbeidet i kommunen.

Samarbeidsavtala mellom Kviteseid kommune og Nav Telemark er uklar når det gjeld hvilke deler av rusarbeidet, etter kapittel 4 i lov om sosiale tjenester, som er delegert til Nav kommune. Dette kan føre til usikkerheit blant dei tilsette.

Delegasjonsreglementet for Kviteseid kommune blei sist oppdatert i 2005 og er ikkje i samsvar med gjeldande organisering.

Kommunen mangler planar for opplæring, samt rutiner og retningsliner for rusmiddelarbeidet. Dei tilsette forteller at om nøkkel lpersonar på eit område blir borte over tid, ringer dei til andre kollegaer i kommunen eller i nabokommunane for å få rettleiing om korleis dei skal løyse ein sak. Mangel på rutiner gjer arbeidet sårbart i ein liten kommune.

Det ligg ikkje føre eit system for handsaming av avvik knytt til det kommunale Nav arbeidet, og som kan bidra til å fange opp uønska hendingar og brukast aktivt i arbeidet med gjere tenestane betre.

Det kan ikkje stillast same krav til omfattande internkontroll i en liten kommune, men internkontrollen skal være så omfattande at den kan bidra til å sikre tenestane uansett   storleiken på kommunen.

Kviteseid kommune sikrar ikkje at tenestene til rusmiddelavhengige blir styrt gjennom eit dokumentert internkontrollsystem.  

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tjenester m.v. av 13. desember 1991
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
  • Forskrift av 27. juni 2003 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tenesteyting etter lov av 19. november 1982 om helsetjenesten i kommunen etter lov av 13. desember 1991 om sosiale tjenester m.v.
  • Forskrift av 20. desember 2002 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Kvalitetssystem for Kviteseid kommune, inkl. organisasjonskart.
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune, 2008 – 2011
  • Delegasjonsreglement for Kviteseid kommune, oppdatert pr. juli 2005

Dokumentasjon som blei gått gjennom under revisjonsbesøket:

  • Mapper på fire brukarar.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev sendt kommunen vedr. varsel om systemrevisjon, sendt 26.10.10
  • Dagsorden sendt pr. mail, den 31.01.11
  • Dagsorden sendt pr. post, datert den 31.01.11.

Fylkesmannen skreiv til kommunen pr. mail og etterspurde følgende dokumentasjon:

  • Partnerskapsavtale
  • Vedtak
  • Stillingsbeskrivingar
  • Delegasjon fra Nav leder til tilsette
  • Rutinehåndbok for arbeid med rusmiddelavhengige
  • Navn og funksjon på tilsette i Nav, heimetenesten og psykisk helsetjneste 

Følgjande blei motteke:

  • Vedtak – garanti for opphald ved Notodden ReHaBo
  • Vedtak – stønad til rusbehandling ved ReHaBo
  • Vedtak – rusbehandling
  • Vedtak – rusbehandling for desember
  • Vedtak – rusbehandling
  • Vedtak – garanti for rusbehandling ved ReHaBo
  • Vedtak – garanti for rusbehandling ved ReHaBo
  • Henvisning til poliklinisk behandling
  • Henvisning til PUT
  • Vedtak – opphold hjå ReHaBo Notodden
  • Vedtak – forlenga garanti ved ReHaBo
  • Vedtak – poliklinisk behandling
  • Samarbeidsavtale mellom Kviteseid kommune og Nav Telemark
  • Oversikt over tilsette ved Nav Kviteseid
  • Oversikt over tilsette i de kommunale psykiatritenesta
  • Oversikt over tilsette i heimehjelpa
  • Øvrige ble opplyst over telefon og nedtegnet av fylkesmannen

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

 

Ingunn Fundlid

Nav konsulent

X

X

X

 

Bernt Rune Løvskeid

Rettleiar Nav Kviteseid

X

X

X

 

Björn Johansson

Nav leiar

X

X

X

 

Olav O. Kaasa

Sektorleiar helse og omsorg

X

X

X

 

Vibeke Ruud

Psykisk helse

X

X

X

 

Hans Bakke

Rådmann

X

X

X

 

Grethe Nyland

Heimehjelp

X

X

   

Frå tilsynsorganet deltok:

Seniorrådgjevar Inger Tveit Espeland

Rådgjevar Nina Eide