Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeika innanfor dei områda som vi reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Om Seljord kommune, ved teneste for funksjonshemma sikrar:

  1. ivaretaking av grunnleggande behov, med spesielt fokus på ernæring og aktivitet.
  2. at ulovleg makt og tvangsbruk ikkje blir nytta etter sosialtjenesteloven kapittel 4A.

Under tilsynet blei det gjeve følgjande avvik:

1. Kommunen sikrar ikkje at meldingar om skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar blir skrivne, og lovmessig handtera.

Under tilsynet blei det påpeika følgjande merknad:

Kommunen bør vurdere om det skal setjast inn tiltak etter sosialtjenesteloven kapittel 4A der overvektsproblematikk er konstatert av lege.

Dato: 19.12.11.

rådgjevar Trine Evensen
revisjonsleiar

seniorrådgjevar Audhild Arnesen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Seljord kommune, teneste for funksjonshemma, i perioden 11.08.11 - 19.12.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen og Helsetilsynet i Telemark i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir fulgt

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er funne under revisjonen og gjev difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Seljord kommune er organisatorisk inndelt i 4 einingar, der helse- og omsorg er ein av einingane. Teneste for funksjonshemma er ein av 8 avdelingar under Helse- og omsorg. Kvar avdeling blir leia av avdelingsleiar.

Teneste for funksjonshemma gjev tenester ved Gravebremsen, som er en døgnbemanna bustad for psykisk utviklingshemma. Ved Gravebremsen bur det 4 personar. I tillegg gjev kommunen tenester til heimebuande personar andre stader enn Gravebremsen. Skule og dagtilbud blir kjøpt frå Kviteseid kommune.

Teneste for funksjonshemma har 18 tilsette, fordelt på ca 8 stillingar. Ein vemepleiarstilling på 60,79% er vakant. Mange av tenesteytarane hadde lang erfaring ved tenesta for funksjonshemma.

Avdelingsleiar ved teneste for funksjonshemma vart tilsett i mars 2011.

Fylkesmannen har ikkje mottatt meldingar om skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar etter sosialtjenesteloven kapittel 4A for 201O og 2011.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 11.08.11. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsrnøte blei halde 14.10.11. Intervjuar

6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei ikkje gjennomført synfaring. Sluttrnøte blei halde 14.10.11.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta om Seljord kommune sikrar:

  1. ivaretaking av grunnleggande behov, med spesielt fokus på ernæring og aktivitet.
  2. at ulovleg makt og tvangsbruk ikkje blir nytta etter sosialtjenesteloven kapittel 4A.

5. Funn

Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for å gje avvik eller merknad på område 1.

Avvik 1:

Kommunen sikrar ikkje at meldingar om skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar blir skrivne, og lovmessig handtera.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Sosialtjenesteloven § 4A-7, første ledd, og§ 4A-4, jf. § 2-3, jf. § 4A-2, andre ledd.
  • Sosialtjenesteloven § 2-1, andre ledd, og tilsynsloven§ 3,jf. internkontrollforskriften §§ 3 og 4, andre ledd.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Intervjua viste at det hadde vært fleire episodar kor det skulle ha vært fylt ut skjema for skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar.
  • Intervjua viste at skjema for skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar ikkje er tilstrekkeleg kjent i organisasjonen.
  • Prosedyrar og skjema for skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar er ikkje ein del av kvalitetssystemet i kommunen.
  • Tenestt:ytarant: har ikkje tilstrekkelig kjennskap til innhaldct i regelverket i sosialtjenesteloven kapittel 4A.
  • Intervjua viste at tenesteytarane ikkje kjende til den objektive delen av tvangsgrepet.
  • Intervjua viste at tenesteytarane blanda saman reglane etter pasientrettighetsloven kapittel 4A og reglane etter sosialtjenesteloven kapittel 4A.
  • Tenesteytarane opplyste at dei ikkje hadde fått opplæring isosialtjenesteloven kapittel 4A.

Det var ikkje dokumentasjon på at opplæring var gjennomført og heller ikkje planlagd.

Intervjua viste at det ikkje var eins oppfatning av om og når det skulle skrivast avvik i orgamsasJonen.

Kommentar:

Avgjerd om å bruke skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar skal nedteiknas straks etter at tiltaket er gjennomførd. Meldinga skal sendast til den faglige ansvarlege for tenesta, Fylkesmannen, verje eller hjelpeverje, og pårørande, jf. sosialtjenesteloven § 4A-7, fyste ledd.

Merknad 1:

Kommunen bør vurdere om det skal setjast inn tiltak etter sosialtjenesteloven kapittel 4A der overvektsproblematikk er konstatert av lege.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Det er klart kven som har det overordna faglege ansvaret etter sosialtenestelova kapittel 4A i Seljord kommune. Seljord kommune har eit internkontrollsystem, men meldingar om skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar er ikkje ein integrert del av kvalitetssystemet i kommunen.

Det gjekk fram av gjennomgått dokumentasjon, at det finnes prosedyrer for avvikshandtering. Det er ulike meiningar blant dei tilsette om kva som skal meldast, og nytta av det. Opplæringsplan finnes for 2006-2009, men er ikkje ajourført, noko leiinga gav uttrykk for at dei ynskjer å gjera.

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tjenester m.v. (sosialtjenesteloven) av 13.12.91 nr. 81.
  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30.03.84 nr. 15.{Tilsynsloven).
  • Lov om helsetjenesten i kommunene av 19.11.82 nr. 66.
  • Lov om helsepersonell m.v. av 02.07.99 nr. 64.
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20.12.02 nr. 1731.
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tjenesteyting etter lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene og etter lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester m.v.
  • Forskrift om pasientjournal av 21.12.00 nr. 1385

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei sendt over da revisjonen blei førebudd:

  • Administrativ organisering i Seljord kommune, frå august 20 Il.
  • Opplæringsplan for Seljord kommune (2006-2009)
  • Programområde 3, Helse- og omsorg, Organisering, program- og ansvarsområde.
  • Oversikt over tilsette i bustad for personar med psykisk utviklingshemming i Seljord kommune.
  • Delegasjonsreglement for Seljord kommune, juni 20 Il.
  • Kostplanar, dagplanar, og heimeøvingar for ulike brukarar.

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Perm merka "avvik". Inneheld blanke avviksskjema, utfylte avviksskjema, retningslinjer, meldte avvik, og handsaminga i kvalitetsutva1et.
  • Handbok i internkontroll og kvalitetssikring, P.U.
  • Perm merka§ 4A. Inneheld diverse skjema: skadeavverjande tiltak, vedtak om bruk av tvang etter sosialtjenesteloven kapittel 4A og pasientrettighetsloven kapittel 4A, stadfesting av manglande samtykkekompetanse.
  • Perm merka: "møter, personal og administrasjon".
  • Gjennomgang av dokumentasjon for 4 brukarar.
  • Utdelt menyliste for ein brukar.
  • Delegasjon frå kommunalsjef til avdelingsleiar for teneste for funksjonshemma, Hilde Kraknes Rinde.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn frå Fylkesmannen i Telemark av 11.08.11.
  • E-post frå Seljord kommune frå 23.09.11, med ein del dokumentasjon.
  • Program for tilsynet blei sendt på e-post den 26.09.11 til Seljord kommune.
  • Endeleg program for tilsynet blei sendt 27.09.11 til Seljord kommune.
  • Oversendt dokumentasjon frå Seljord kommune, motteke 06.1 O.l l.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under syner ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over dei personane som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Rådgjevar Trine Evensen, revisjonsleiar
Seniorrådgjevar Audhild Arnesen, revisor