Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Opplysning, råd og rettleiing til rusmiddelmisbrukarar
  • Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddel misbrukarar - praktisk hjelp og opplæring, støttekontakt og plass i institusjon.
  • Oppfølging av rusmiddelmisbrukarar i behandling
  • Nødvendige tiltak ved avslutting av opphald i institusjon

Dato: 17.08.2011

Nina Eide
revisjonsleiar

Inger Tveit Espeland
revisor

 

 

Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Vinje kommune i perioden 08.03.2011 – 17.08.11.

I følgje sosialtenestelova § 2 – 6 plikter Fylkesmannen å føre tilsyn med kommunens verksemd etter kapitla 4, 4A, 6 og 7 og skal se etter at verksemda blir drive i samsvar med lova og forskriftene til lova.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

Omtale av verksemda - spesielle forhold

Vinje er ein kommune med 3641 innbyggarar og har eit areal på 3105,8 km2. Kommuneadministrasjonen ligg i Åmot. Kommunen er organisert etter ein 2 nivå modell med rådmann og 19 einingar.

Tenester til rusmiddelmisbrukarar blir gjeve av einingane; Nav, helse, heimetenester og sjukeheim.

Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 08.03.2011. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 15.06.2011.

Intervjuer

6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 16.06.2011.

Kva tilsynet omfatta

1. Tenester retta mot alle rusmiddelmisbrukarar, som

a) Opplysning, råd og rettleiing

Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv. § 4-1, jf. § 2-1.

b) Sosiale tenester direkte retta mot rusmiddelmisbrukarar – praktisk hjelp og opplæring, støttekontakt og plass i institusjon

Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv. §§ 4-2 a, c og d, 4-3 jf. §§ 2-1 og 8-1.

2. Tenester til rusmiddelmisbrukarar som er i rehabilitering

a) Oppfølgjing i behandling

Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv § 6-1 fjerde ledd, jf. første ledd, §§ 2-1 og 4-1. b) Nødvendige tiltak ved avslutningen av eit opphald i institusjon

Lovheimel er lov om sosiale tjenester mv § 6-1 fjerde ledd, jf. første ledd, §§ 2-1 og 4-1.

Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (FOR 2002-12-20 nr. 1731), iverksatt 1. januar 2003 vil også vere et heimelsgrunnlag.

Funn

Avvik 1:

Vinje kommune sikrar ikkje at alle rusmiddelmisbrukarar som får praktisk bistand og opplæring har enkeltvedtak.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Lov om sosiale tjenester § 2-6, jf. Forvaltningslovens § 2 jf. § 23, jf. § 4-2 bokstav a, jf. § 4-3, og internkontrollforskriften.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Under intervjuene kom det fram at psykiatritenesta gav praktisk bistand og opplæring utan at det var fatta enkeltvedtak i alle saker.
  • Det blei ikkje lagt fram skriftleg rutine for sakshandsaming av tenesta praktisk bistand og opplæring.
  • Delegasjonsreglane var ikkje i samsvar med kommunens praksis. Dei tilsette ved Nav kontoret hadde fått delegert all mynde etter kapittel 4 i sosialtenestelova. I intervjua kom det fram dei ikkje var ansvarlege praktisk bistand og opplæring og støttekontakt.
  • Framlagt ruskart viser kva slags tenester einingane skal gje, men dette er ikkje i samsvar med gjeldande praksis. I intervju kom det fram at psykiatritenesten gav praktisk bistand og opplæring, noko som ikkje gjekk fram av ruskartet.
  • Det er laga ein oversikt over kva slags arbeidsoppgåver dei tilsette i oppfølgingsteam på Nav har, og her er ikkje arbeide med rus nemnd. Kommentar:

Praktisk bistand og opplæring i hjemmet

Dette kan omfatte reingjering og rettleiing knytt til matlaging, handling, vasking, rydding, klesvask, regler og retningsliner, normer, praktiske gjøremål og annen opplæring i det å bu. Det skal vere klart definert kven i kommunen som ha fått ansvaret for denne tenesten.

Føremålet med tenesten er at brukaren skal få hjelp slik at han eller ho kan bu i eigen heim. Kommunen skal fatte vedtak på tenesten. Vedtaket skal innehalde opplysningar om faktiske høve, kommunens vurdering med begrunnelse, lovgrunnlag og klageadgang. Det skal også gå fram om søknaden blir innvilga heilt eller delvis.

Regelverk

  • Lov om sosiale tjenester m.v. av 13. desember 1991
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967
  • Forskrift av 27. juni 2003 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tjenesteyting etter lov av 19. november 1982 om helsetjenesten i kommunen etter lov av 13. desember 1991 om sosiale tjenester m.v.
  • Forskrift av 20. desember 2002 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten.

Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart over politisk leiing og administrativ leiing i Vinje kommune Organisasjonskart over alle einingar underlagt rådmannsteamet Organisasjonskart Vinje Helse
  • Organisering og arbeidsfordeling i Nav
  • Navsenter/veiledningsenter – oversikt over oppgåver Navsenter – veiledningsenter, oversikt over tilsette Marknad/oppflygjing – oversikt over oppgåver Oppfylgjing/marked – oversikt over tilsette Organisering Nav Vinje – team oppfylgjing
  • Ruskart
  • Kompetanseutviklingsplan for Vinje kommune 01.08.2011 – 31.12.2012
  • Samarbeidsavtale mellom Vinje kommune og Nav Telemark. Rusmiddelpolitiske retningslinjer for Vinje kommune, 2009 – 2012
  • Alkoholpolitiske retningsliner for Vinje kommune
  • Internt notat – lokal samhandlingsgruppe
  • Samordning av lokale kriminalitetsforebyggende tiltak (SLT) – Tiltaksplan Vinje kommune 2010 – 2011
  • Samordning av lokale kriminalitetsforebyggende tiltak (SLT) – Verksemdsplan Vinje kommune 2008 – 2011
  • Administrativt delegasjonsreglement
  • Prosedyrar for Nav Vinje – henvisning til tverrfaglig spesialisert rusbehandling.
  • Prosedyrar for Nav Vinje – henvisning til legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • Prosedyrar for Nav Vinje – tannbehandling for personar med rusahengighet i Vinje
  • Prosedyrar for Nav Vinje – informasjon og veiledning til rusmiddelavhengige og deira pårørande
  • Prosedyrar for Nav Vinje – kommunens plikt til å vurdere tvang etter melding frå pårørande
  • Søknad om støttekontakt – flytskjema
  • Sakshandsaming bustader: Gjeld bustader til pleie- og omsorgsføremål, samt tildeling av bustader for vanskelegstilte i bustadmarknaden – flytskjema
  • Administrativt vedtak – heimehjelp
  • Administrativt vedtak – heimehjelp
  • Administrativt vedtak – støttekontakt
  • Administrativt vedtak – støttekontakt
  • Administrativt vedtak – heimehjelp
  • Melding om vedtak – medisinutgifter i samband med LAR behandling
  • Melding om vedtak – i samband med LAR behandling
  • Melding om vedtak – helseutgifter
  • Melding om vedtak – legeutgifter
  • Melding om vedtak – supplerande sosialhjelp Internettside – rusmiddelmisbrukarar – tiltak Vinje kommunes intranett – titaskmøte – felles

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 6 mapper fra Nav
  • 6 mapper fra Nav
  • 7 mapper fra psykisk helse
  • 2 mapper som viser oppfølging av langtidssykemeldte

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen i Telemark:

  • Brev – varsel om systemrevisjon av 08.03.11
  • Mail/brev – program for de to tilsynsdagene av 03.06.11
  • Mail til kontaktperson med førespurnad om ytterligare dokumentasjon
  • Mail til kontaktperson med anmodning om dokumenter til gjennomgang i løpet av tilsynet av 150611
  • Brev frå kontaktperson kor dokumentasjonen under var vedlagt
  • Administrativ prosedyrar – tildeling av helse- og sosialtenester i Vinje kommune Prosedyrar for Nav Vinje – Oppfylging av rusmiddelmisbrukerar før, under og etter eit behandlingsopplegg.
  • Mail med oversikt over tilsette i Rauland omsorgsenter
  • Avviksrapport for Vinje helse Avviksprotokoll for Vinje helse Vinje helse – kvalitetssystem
  • Prosedyrar for Nav Vinje – skjema/avvik
  • Prosedyrar for Nav Vinje – avvik og avvikhantering
  • Vidaredelegasjon Lov om sosiale tenester kap 4 og 6
  • Organisasjonskart for Vinje kommune

Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Sissel Anita Aasheim

Veiledar, publikumsmottak

X

   

Anne Ragnhild Øvrebø

Veileder – oppfølging

X

X

X

Gerd Kari Skaalen

Navleiar

X

X

X

Eva Versto Oterholt

Rettleiar – oppfylgjing

X

X

 

Inger Homme

Omsorgsarbeider

X

X

X

Inge Tveito

Veiledar – mottak

X

X

X

Hans Kr. Lehmann

Rådmann

 

X

X

Eva Vistad

Rettleiar

   

X

Ann Vraa

Helsesjef

   

X

Cecilie S. Bredalen?

Rettleiar – oppfølging Nav

   

X

Anny Frantzen

Rettleiar – marknad/oppfølging

   

X

Aslaug Ringhus

Veiledar mottak

X

 

X

Astrid Bye Ramberg

Psykiatrikoordinator

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Nina Eide, rådgiver/revisjonsleiar
Inger Tveit Espeland, seniorrådgiver/revisor