Rapport frå tilsyn med sosiale tenester i NAV, kvalifiseringsprogrammet i Vinje kommune, NAV Vinje 2013
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Fylkesmannen i Telemark gjennomførte i perioden 07.02. 2013 – 24.06.2013 tilsyn med Vinje kommune, Nav Vinje. Denne rapporten gjer greie for dei områda som tilsynet omfatta.
Tilsynet omfatta undersøking av om kommunen gjennom sin styringsaktivitet sikrar at handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram er i samsvar med lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak. Vidare undersøkte vi om deltakarar får oppfølging i samsvar med lova.
Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for avvik under tilsynet.
Inger Tveit Espeland
revisjonsleiar
Merethe Bonsaksen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vinje kommune, NAV Vinje i perioden 07.02. 2013 – 24.06.2013. Revisjonen går inn som ein del av Fylkesmannen si planlagde tilsynsverksemd i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjort etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.
Etter § 9 i lov om sosiale tjenester i NAV skal Fylkesmannen føre tilsyn med kommunen si oppfylling av plikter etter kapittel 4 og § 16 første ledd.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Vinje er ein kommune med 3729 innbyggarar og har eit areal på 3105,8 km2. Kommuneadministrasjonen ligg i Åmot. Kommunen er organisert etter ein 2 nivå modell med rådmann og 18 einingar. NAV kontoret er ei eining og NAV leiar inngår i rådmannens leiargruppe. NAV Vinje og NAV Tokke har felles leiing, med 50 % i kvar kommune. NAV kontoret blei etablert i 2008.
I tillegg til dei obligatoriske kommunale tenestene i NAV ligg også edruskapsarbeid / rusførebygging og boligsosialt arbeid til kontoret. Det er 9 tilsette ved kontoret, og 2 av desse går i 80 % stilling, 1 i 65 % og 40 %.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 07.02.2013. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Formøte blei ikkje halde.
Opningsmøte blei halde 19.06.2013.
Intervjuer
5 personar blei intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Sluttmøte blei halde 24.06.2013.
4. Kva tilsynet omfatta
Det blei ført tilsyn med området handsaming av tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram i medhald av lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Under tilsynet undersøkte vi om tenesta er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar, om kartlegginga av sakene er tilstrekkeleg og om vurderingar er forsvarlege, under dette om det vert føreteke individuelle vurderingar i den einskilde sak.
Kommunen er pålagt å ha internkontroll etter sosialtenestelova § 5 og forskrift om internkontroll gitt i medhald av lova. Tilsynet undersøkte om, og på kva måte, kommunen si leiing følgde med på at dei oppgåver som er pålagt etter lova vart gjennomført
5. Funn
Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for avvik eller merknadar under tilsynet.
6. Regelverk
- Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen av 18.12.2009 nr. 131
- Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga
- Forskrift om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad
- Forvaltningsloven av 10.2.1967
- Forskrift til forvaltningsloven av 15.12.2006 nr. 1456
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
- Oversending av grunnlagsmateriale med vedlegg datert 13.03.2013:
- Organisasjonskart
- Samarbeidsavtalen mellom Vinje kommune og NAV Vinje kommune
- Opplæringsplan for tilsette som arbeider med sosiale tenester i NAV ( notat)
- Delegasjonsbrev frå NAV leiar til tilsette på NAV Vinje
- Prosedyre for handsaming avvik
- Søknadsskjema
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- 5 saksmapper kor 4 av dei handla om KVP
- Oversikt over langtidsmottakarar av sosialhjelp
- Administrativ delegasjonsreglement, gjeldande frå 01.07.2013
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Telemark:
- Førebels varsel om tilsyn datert 07.02.2013
- Varsel om tilsyn datert 07.02.2013
- E –post datert 27.07.2013 om kva slags dokumenter som skulle leggast fram under tilsynet
- E – post datert 10.06.2013 program for tilsynet
8. Deltakere ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Ikkje publisert her
Frå tilsynsorganet deltok:
Merethe Bonsaksen, Mona Bjønnes og Inger Tveit Espeland
Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet
2013–14 Kvalifiseringsprogrammet
Søk etter tilsynsrapporter