Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema og vedlegg frå kommunen av 14.04.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema vurderer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering i bustad til psykisk utviklingshemma. Sjølvmeldingstilsynet i Leikanger er med dette avslutta.

Vi ønskjer lukke til med det vidare kvalitetsarbeidet.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi: Leikanger kommune v/ pleie og omsorgsleiar Anne Margrethe Kråvik, 6863 Leikanger Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)