Kvifor gje oversikt over myndigheit i lov og forskrift?

Tilsyn er å utøve myndigheit. I denne menyen finst dei påboda i lover og forskrifter som Statens helsetilsyn og fylkesmannen hentar si myndigheit frå, slik at brukarane kan sjå det rettslege grunnlaget for verksemda vår. Ein slik oversikt gjev dessutan presis informasjon om arbeidsdelinga i forvaltninga.

Enkelte lovpålegg vert brukt i mange og store saker, andre gjeld for eksempel godkjenningsordningar på smale saksfelt og vert sjeldan brukt. Menyen Oppgåver gjev derfor eit betre oversiktsbilete over verksemda til tilsynsmyndigheitene.  

Myndigheit gitt i lov

Statens helsetilsyn har fått tildelt myndigheit direkte i følgjande lovføresegner nemnd i rekkefølge etter alderen på loven (føresegner der Statens helsetilsyn er nemnt som adressat for informasjon, er ikkje tekne med):

Mest brukte lover

Helse- og omsorgstenesteloven 2011-06-24 nr. 30
§ 5-9 plikt for einkvar som utfører teneste eller arbeid som vert omfatta av loven til å gje tilgang til verksemda og opplysningar til Statens helsetilsyn, utan hinder av teieplikt
§ 12-3 andre ledd gje pålegg etter helsetilsynsloven § 5

Folkehelseloven 2011-06-24 nr. 29
§ 32 ha overordna fagleg tilsyn med at kommunen og fylkeskommunen på lovleg vis oppfyller dei pliktene dei er pålagd i, eller i medhald av, §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 i loven.

Sosialtenesteloven 2009-12-18 nr. 131
§ 10 ha det overordna faglege tilsynet med verksemda til kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav)

Helseforskingsloven 2008-06-20 nr. 44
§ 46 føre tilsyn med medisinsk og helsefagleg forsking og forvaltninga av forskingsbiobankar

Helsepersonelloven 1999-07-02 nr. 64
§ 30 rett til å få tilgang til lokale og å få opplysningar utan hinder av teieplikta
kap.11 (§§ 56-67) gje administrative reaksjonar (åtvaring, suspensjon eller tap av autorisasjon, lisens, spesialistgodkjenning, rekvireringsrett), krevje offentleg påtale

Pasient- og brukarrettsloven 1999-07-02 nr. 63
§ 7-4a saksbehandling ved førespurnad om å vurdere mogleg pliktbrot
§ 8-7 ta imot melding frå pasient- og brukarombodet om tilstandar som det er naudsynt at tilsynsmyndigheitene følgjer opp

Spesialisthelsetenesteloven 1999-07-02 nr. 61
§ 3-3a ta imot varsel om alvorleg hending i helseføretak eller verksemd i spesialisthelsetenesta
§ 6-2 rett til å krevje opplysningar av einkvar som utfører teneste eller arbeid som vedkjem helsetenester som vert omfatta av denne loven, tilgang til verksemda, rett til å leggje fram for departementet eller sakkyndig utan hinder av teieplikta
§ 7-1 gje pålegg om å rette forholda dersom helsetenester som vert omfatta av loven vert drivne på ein måte som er i strid med loven eller reglar gitt i medhald av loven, og drifta kan tenkjast å ha skadelege følgjer for pasientar
§ 7-2 påleggje tvangsmulkt i tilknyting til pålegg

Barnevernloven 1992-07-17 nr. 100
§ 2-3 femte ledd Statens helsetilsyn og fylkesmannen kan krevje at alle institusjonar og senter for foreldre og barn som er omfatta av kapittel 5 i loven, og omsorgssenter for mindreårige som er omfatta av kapittel 5 A i loven, utan hinder av teieplikt, gir dei opplysningar og meldingar som er nødvendige for at myndigheitene skal kunne utføre oppgåvene sine etter loven. Desse myndigheitene kan og krevje adgang til alle institusjonar og senter for foreldre og barn som går inn under kapittel 5, og omsorgssenter for mindreårige som går inn under kapittel 5 A
§ 2-3b føre overordna fagleg tilsyn med barnevernverksemder i dei enkelte kommunar, og med institusjoner, senter for foreldre og barn og omsorgssenter for mindreårige etter denne loven. Statens helsetilsyn skal utøve myndigheit i samsvar med det som er bestemt i barnevernloven og forskrifter til denne

Helsetilsynsloven 1984-03-30 nr. 15
§ 1 føre overordna fagleg tilsyn med helse- og omsorgstenesta, fordele oppgåver mellom fylkesmennene
§ 2 gje administrative reaksjonar til helsepersonell, registrere og informere om reaksjonar, føre stadleg tilsyn ved alvorlege hendingar i spesialisthelsetenesta
§ 5 gje pålegg om å rette forholda dersom verksemd innan helse- og omsorgstenesta driv på ein måte som kan ha skadelege følgjer for pasientar eller andre, eller på annan måte er uforsvarleg

Andre lover

Obduksjonslova 2015-05-07 nr. 26
§ 16 krevje offentleg påtale 

Transplantasjonslova 2015-05-07 nr. 25 
§ 23 krevje offentleg påtale

Pasientjournalloven 2014-06-20 nr. 42
§ 27 adgang til å gje pålegg dersom behandling av helseopplysningar kan ha skadelege følgjer for pasientar eller brukarar

Helseregisterloven 2014-06-20 nr. 43
§ 27 adgang til å gje pålegg dersom behandling av helseopplysningar kan ha skadelege følgjer for pasientar eller brukarar

Alternativ behandlingsloven 2003-06-27 nr. 64
§ 9 krevje offentleg påtale

Behandlingsbiobankloven 2003-02-21 nr. 12
§ 17 føre tilsyn etter loven

Smittevernloven 1994-08-05 nr. 55
§ 2-2 krevje opplysningar frå offentlege kjelder eller privat helseteneste utan hinder av lovbestemt teieplikt
§ 7-10a føre overordna tilsyn med at den kommunale, fylkeskommunale og statlege verksemda er i samsvar med loven m.m., gje pålegg om å rette forholda dersom verksemda vert driven på ein måte som er i strid med loven og dette kan ha skadelege følgjer for pasientar eller andre, eller på andre måtar er uheldige eller uforsvarlege

Legemiddelloven 1992-12-04 nr. 132
§ 25 rett til å få opplysningar utan hinder av teieplikt om misbruk av narkotika m.v.

Tannhelsetenesteloven 1983-06-03 nr. 54
§ 6-2 føre tilsyn, innhente opplysningar, foreta inspeksjon m.m. utan hinder av teieplikt, leggje saka fram for sakkyndige

Myndigheit m.m. lagt til Statens helsetilsyn i forskrifter

Statens helsetilsyn er gjeve følgjande myndigheit i forskrifter (føresegner der Statens helsetilsyn er adressat for meldingar o.l. er tekne med sjølv om desse ikkje direkte legg myndigheit til Statens helsetilsyn): 

Forskrift om håndtering av humane celler og vev (2015-12-07 nr.1430)
§ 56 føre tilsyn med at bestemmingar i forskrifta vert helde

Forskrift om humane organer til transplantasjon (2015-12-07 nr. 1401)
§ 24 føre tilsyn og stoppe aktiviteten i eit donorsjukehus og i ei transplantasjonsverksemd

Forskrift om håndtering av medisinsk utstyr (2013-11-29 nr. 1373)
§ 18 fører tilsyn med og kan fatte vedtak ovanfor helse- og omsorgstenesta si handtering av medisinsk utstyr ved yting av helse- og omsorgstenester

Forskrift om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskriften) (2010-02-12 nr. 158)
§ 63 adgang for myndigheitene til innretningar og fartøy
§ 67 føre tilsyn på ansvarsområda til Helsetilsynet 
§ 69 fatte dei enkeltvedtak som er nødvendige for å gjennomføre bestemmingar i forskrifta og utfyllande forskrifter
§ 70 gjera unntak frå bestemmingane som er gitt i eller i medhald av denne forskrifta på ansvarsområda til Helsetilsynet

Forskrift om legemidler (legemiddelforskriften) (2009-12-18 nr. 1839)'
§ 14-19 rett til å nominere eit medlem til Blåreseptnemnda 

Forskrift om klinisk utprøving av legemidler til mennesker (2009-10-30 nr. 1321)
§ 6-1 andre ledd føre tilsyn med helsetenesta som vert ytt ved utprøvingar

Forskrift om tuberkulosekontroll (2009-02-13 nr. 205)
§ 4-6 overordna tilsyn

Forskrift om smittefarlig avfall fra helsetjeneste og dyrehelsetjeneste mv. (2005-10-11 nr. 1196)
§ 9 andre ledd innanfor sitt ansvarsområde føre tilsyn med at reglane i forskrifta vert haldne, og fatte nødvendige vedtak

Forskrift om markedsføring av kosmetiske inngrep (2005-07-01 nr. 749)
§ 9 føre tilsyn med markedsføring av kosmetiske inngrep

Forskrift om smittevern i helse- og omsorgstjenesten 2005-06-17 nr. 610
§ 3-5 overordna tilsyn, føre tilsyn

Forskrift om tapping, testing, prosessering, oppbevaring og distribusjon av humant blod og blodkomponenter, og behandling av helseopplysninger i blodgiverregistre (blodforskriften) (2005-02-04 nr. 80)
§ 5-1 Statens helsetilsyn fører innanfor sitt ansvarsområde tilsyn med tapping, testing, prosessering, oppbevaring, distribusjon og utlevering av blod og blodkomponentar til bruk i fraksjonering, og blodkomponentar til transfusjon fram til desse er frigitt for bruk, og med blodkomponentar frigitt til transfusjon, og fattar nødvendige vedtak, jf. lov 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynsloven).

Forskrift om medisinske krav for AFIS- og HFIS-fullmektig/operatør (BSL G 2-5) (2002-06-18 nr. 701)
§ 9 klageorgan for enkeltvedtak fatta av Luftfartstilsynet

Forskrift om medisinske undersøkelser av seilflygere, mikroflygere, førere av friballong og kabinbesetningsmedlemmer (BSL C 1-2) (2001-08-23 nr. 1067)
klageorgan for enkeltvedtak om legeattester fatta av Luftfartstilsynet

Forskrift om tillatelse til å utføre kosmetisk plastikkirurgiske inngrep (2000-12-21 nr. 1387)
§ 6 myndigheit til å kalle tilbake løyva til å utføre kosmetisk kirurgiske inngrep dersom legen eller tannlegen ikkje lenger er vurdert til å vere skikka til å ha slikt løyve

Forskrift om krav om tillatelse til bruk av lystgassanalgesi ved tannbehandling (2000-12-21 nr. 1386)
§ 4 myndigheit til å kalle tilbake løyve til bruk av lystgassanalgesi dersom tannlegen rekvirerer eller brukar lystgass til andre formål enn bestemt i § 2 og i strid med føresetnadene i utdanninga

Forskrift om pasientjournal (2000-12-21 nr. 1385)
§ 7 i særlege tilfelle gje løyve til å nytte anna språk enn norsk, svensk eller dansk i pasientjournal

Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek (1998-04-27 nr. 455)
§ 9-5 rett til å krevje reseptar og/eller reseptopplysningar frå apotek

Forskrift om fylkesmannens adgang til å ilegge kommuner mulkt ved oversittelse av fristene i barnevernloven § 6-9 (1992-12-16 nr. 1243)
§ 6 klageinstans for fylkesmannen sitt vedtak om mulkt til kommunen

Forskrift om innredning og om forpleiningstjenesten på skip (1992-09-15 nr. 707)
§ 31 skipsføraren skal sende skriftleg rapport til Statens helsetilsyn ved utbrot av sjukdom forårsaka av matvarer eller drikkevatn

Forskrift om beregning av passasjerantall og om passasjerbekvemmeligheter m.v. (1972-10-02 nr. 4)
§ 27 gje forskrift for rom for sjuke på skip med passasjersertifikat, godkjenne teikningar for slike rom

Delegering

Statens helsetilsyn er delegert myndighet til å behandle klager på avgjerder frå fylkesmennene etter offentleglova innanfor saksområdet helse, frå 1. januar 2014.

Statens helsetilsyn er delegert myndigheit til å behandle klager på avslag frå fylkesmennene på innsyn i saker/dokument knytta til tilsyn på barnevernområdet, frå 16. desember 2014

Lenkeliste

Gå til toppen