Hopp til hovedinnhold

Oversikt over oppgåvene

Statens helsetilsyn er den sentrale tilsynsmyndigheita for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid. Oppgåvene omfattar:

  • overvaking av tenesteytinga sett i høve til befolkninga sitt behov for tenester og samfunnet sine krav til tenestene
  • overordna fagleg tilsynsstyremakt for dei nemnde tenestene
  • behandling av enkeltsaker som handlar om alvorleg svikt i helse- og omsorgstenestene og der det er aktuelt med pålegg mot verksemder eller reaksjonar mot helsepersonell
  • styring av den klagesaksbehandlinga som gjeld rett til tenester etter mellom anna barnevernsloven, sosialtenesteloven, pasient- og brukarrettsloven, helse- og omsorgstenesteloven og folkehelsearbeid
  • formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga og tenestene

Statens helsetilsyn skal involvere pasienter, brukere og pårørende i alt tilsyn.

Måla for tilsyn og klagebehandling, sjå under Mål og strategiar.

Regelverksutvikling, fagutvikling, gjennomføring av politikk (handlingsprogrammer, handlingsplanar, nytt regelverk m.m.) og publikumsinformasjon ligg ikkje i Statens helsetilsyn. For barnevern ligg desse oppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og for helse- og omsorgstenester i Helsedirektoratet.

Overordna tilsynsmyndigheit for statsforvaltarane

Statsforvaltarane er tilsynsmyndigheit for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid i sine fylke. Statsforvaltarane blir styrte i administrative saker (budsjett m.m.) frå Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD), Statens helsetilsyn har den faglege styringa. Dette inneber fastsetting av mål og krav innanfor dei rammene departementa set, utvikle metodar og drive opplæring i tilsyn, rettleie om policy og saksbehandling og sjå til at like saker blir behandla likt i heile landet.

Lovgrunnlag for oppdraget – myndigheit lagt til Statens helsetilsyn

Ei heimelsliste der Statens helsetilsyn er nevnt i lov-/forskriftsteksten – ofte som utøvar av myndigheit – finst i artikkelen  Heimelsliste – lover og forskrifter

Tilsynsoppdraget for Statens helsetilsyn er gjort greie for seinast i Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven, Prop. 90 L (2010–2011) om folkehelseloven, Ot.prp. nr. 69 (2008-2009) om barneverntenester, Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester.

Overordna departement og oppgåvene for kvart enkelt år

Helse- og omsorgsdepartementet er overordna myndigheit, og Kommunetjenesteavdelingen har etatstyringsansvaret. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har styringsansvar for oppgåver som gjeld sosiale tenester og Barne- og familiedepartementet for oppgåver retta mot barnevernet. Etatstyringa skjer etter Retningslinjer for virksomhetsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet.

For kvart enkelt år får Statens helsetilsyn oppdrag gjennom forslaget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S) fra Helse- og omsorgskomiteen. Oppdraget vert formidla gjennom tildelingsbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet. 

Tilsynsmyndigheitene er langt på veg uavhengig av løpande politisk styring, og prioriterer i stor grad sjølv kva tenester det skal bli ført tilsyn med og kva tema tilsynet skal omfatte. Denne prioriteringa skjer blant anna på grunnlag av informasjon om risiko og sårbarheit i tenestene.

Personale og budsjett

Statens helsetilsyn hadde ved utgangen av 2022 133 ansatte som utførte ca. 110 årsverk. Utgiftsbevilgning til drift av Statens helsetilsyn var cirka 173 mill. kr i 2022, og løyvingane blir gitt på kap. 748 i statsbudsjettet.

Organisasjon og leiing, organisasjonsnummer

Tilsynsmyndigheitene sin plass i forvaltninga er vist på organisasjonskart over den sentrale statsforvaltninga og statsforvaltarane.

Statens helsetilsyn fekk ny organisering 1. november 2021:

Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetjenestene
Avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstjenesten
Avdeling for operativt tilsyn
Avdeling for virksomhetsstyring

Organisasjonskart for Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn blir leia av direktør Jan Fredrik Andresen og assisterande direktør Heidi Merete Rudi. Leiargruppa består av desse og dei fire avdelingsdirektørane. Kommunikasjonsdirektør Nina Vedholm, juridisk direktør Anders Haugland, fagdirektør – samfunn og strategi Erik Stene og fagdirektør for kunnskap og analyse Einar Hovlid er i stab til leiinga.

Leiinga har ansvar for mediekontakt, publisering og anna kommunikasjonsarbeid, overvaking av streik og internasjonalt arbeid.

Avdelingsdirektørane er: Siri Bækkevold, avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetjenestene, Anne Myhr, avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstjenesten, Ingerid Herstad Nygaard, avdeling for operativt tilsyn, Kirsti Hellesylt, avdeling for virksomhetsstyring.

Høgoppløyste bilete av leiargruppa i Statens helsetilsyn

Leiinga, stab og avdelingsdirektørar i Statens helsetilsyn

Sjur Lehmann

direktør

Heidi Merete Rudi

assisterande direktør

Anders Haugland

juridisk direktør

Nina Vedholm

kommunikasjonsdirektør

Siri Bækkevold

avdelingsdirektør

Anne Myhr

avdelingsdirektør

Ingerid Herstad Nygaard

avdelingsdirektør

Kirsti Hellesylt

avdelingsdirektør

Erik Stene

fagdirektør - samfunn og strategi

Einar Hovlid

fagdirektør for kunnskap og analyse

Organisasjonsnummer for Statens helsetilsyn er 974 761 394.

Oppgåvefordeling i den sentrale statsforvaltninga

Sjå organisasjonskart for den sentrale statsforvaltninga

Samarbeidsavtalar

Samarbeidsavtale mellom Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Statens helsetilsyn. Gjeld frå 12.5.2021.

Samarbeidsavtale mellom norske tilsynsmyndigheter. (pdf) Undertegnet 21.5.2019

Avtale mellom Forsvarsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet om tilsyn med norskledede helsetjenester til norsk personell i militære operasjoner i utlandet. Avtalen gjeld frå 1. januar 2020 til 31. desember 2029

Samarbeidsavtale mellom Statens helsetilsyn og Arbeids- og velferdsetaten. Gjeld frå 26.9.2016

Samarbeidsavtale mellom Statens helsetilsyn og Helfo Gjeld frå 11.11.2016

Samarbeidsavtale mellom Statens legemiddelverk og Statens helsetilsyn Gjeld frå 24.4.2015

Samarbeidsavtale mellom Petroleumstilsynet og Statens helsetilsyn (pdf) Gjeld frå 23.11.2017

Sentrale bakgrunnsdokument

Barnevernsloven

Helsetilsynsloven

Sosialtenesteloven

Folkehelseloven

Prop. 150 L (2016–2017) Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten mv. (helsetilsynsloven)

Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven

Prop 90 L (2010–2011) folkehelseloven

Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester i Nav, se kap. 5 og 9

Ot.prp. nr. 69 (2008–2009) Om lov om endringer i barnevernloven

Ot.prp. nr. 105 (2001–2002), se særlig kap. 3 og 4

Retningsliner for etatsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet 

Budsjett og tildelingsbrev

Budsjettproposisjonar og embetsoppdrag

Regjeringa sine budsjettproposisjonar finnes i Prop 1 S: Det som gjeld Statsforvaltarane i Kommunal- og  distriktsdepartementets budsjettforslag, se kap. 525 i det enkelte år, det som gjeld Helsetilsynet i Helse- og omsorgsdepartementets budsjettforslag, se kap. 748. Se også Barne- og familiedepartementets Prop 1 S for det som gjeld barnevern.

Helse- og omsorgsdepartementets tildelingsbrev til Statens helsetilsyn