Oversikt over oppgåvene

Lovgrunnlag for oppgåvene og fylkesmannsinstruksen

Oppgåvene for kvart enkelt år og rapportering av resultat

Organisering av fylkesmannsembetene

Tilsyn med petroleumsverksemda

Sjå også

Lenkeliste

Oversikt over oppgåvene

Oppgåvene til fylkesmannen, der Statens helsetilsyn er overordna myndigheit, omfattar:

  • planlagt tilsyn: føre tilsyn med sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester gjennom systemrevisjonar, kartleggingar, besøk med samtaler med bebuarane  og andre metodar. Tilsynet skjer dels som del av landsomfattande tilsyn bestemt av Statens helsetilsyn og dels valt ut frå forholda i fylket
  • hendingsbasert tilsyn: behandling av enkeltsaker med spørsmål om svikt i tenestene (tilsynssaker). Slike saker kan opprettast på grunnlag av klager frå pasientar, brukarar eller pårørande, av medieoppslag, meldingar frå arbeidsgjevar, førespurnad frå andre delar av helsetenesta o.a.
  • rettigheitsklager: behandling av klagesaker som gjeld befolkninga sin rett til tenester etter blant anna pasient- og brukarrettsloven, barnevernloven og sosialtenesteloven
  • tvang og makt: overprøve vedtak, behandle klager og nokre andre oppgåver i samband med bruk av tvang og makt overfor menneske med psykisk utviklingshemming, menneske utan samtykkekompetanse som motsett seg helsehjelp og barn og ungdom i barneverninstitusjonar 
  • ulike andre oppgåver i samband med barnevern og med smittevern m.m.
  • områdeovervaking
  • formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga, tenestene og offentlegheita

I tillegg til oppgåvene som tilsynsmyndigheit, som vert styrt av Statens helsetilsyn, har fylkesmennene mange oppgåver med gjennomføring av statleg politikk m.m. som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester, der overordna myndigheit er Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), Barne- og likestillingsdepartementet (BLD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) og Helsedirektoratet (Hdir). Dei oppgåvene fylkesmannen utfører på helseområdet med Helsedirektoratet (Hdir) som overordna myndigheit, bl.a. oppgåver knytta til førerkort, er beskrivne i embetsoppdraget frå Hdir, sjå lenkelista nedanfor, og på fylkesmennene sine nettstader.  

Helsemyndigheitene sin representasjon i leiinga av Hovudredningssentralane vert ivareteke av Fylkesmannen i Nordland for HRS Nord-Noreg og Fylkesmannen i Rogaland for HRS Sør-Noreg. Meir dokumentasjon om desse oppgåvene finst i eigen artikkel, sjå lenkelista.

Lovgrunnlag for oppgåvene og Fylkesmannsinstruksen

Lov- eller forskriftsheimel for kvar enkelt sakstype der det vert utøvd myndigheit finst under Myndigheit – fylkesmannen.

Fylkesmannen sitt tilsynsoppdrag og myndigheit som klageinstans generelt går fram av

  • barnevernloven § 2-3 (tilsyn)
  • helse- og omsorgstenesteloven § 12-3 (tilsyn)
  • helsetilsynsloven §§ 2 og 3 (tilsyn)
  • sosialtenesteloven § 9 (tilsyn) og §§ 47 og 48 (klagebehandling)

Tilsynsoppdraget for fylkesmennene som gjeld helse- og omsorgstenesta er senest gjort greie for i politisk dokument i Prop. L 91 (2010–2011), sjå del 6 om klage- og tilsynsordningar.

Dei samla oppdraga for fylkesmannen går fram av Fylkesmannsinstruksen. 

Oppgåvene for kvart enkelt år og rapportering av resultat

For kvart enkelt år får fylkesmennene oppdraget gjennom framlegget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S, proposisjonane for HOD, ASD, BLD og KMD) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S, 14 S og 16 S) frå Helse- og omsorgskomiteen, Familie- og kulturkomiteen og Kommunal- og forvaltningskomiteen. Oppdraget vert formidla med føringar frå Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsfdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementet, (KMD) sitt embetsoppdrag til fylkesmennene. Statens helsetilsyn sender i tillegg eit eige embetsoppdrag.

Aktivitetar og resultat hos fylkesmennene  og oppnåing av resultatmål blir rapportert i fylkesmannsembetenes årsrapporter og i årsrapport for Statens helsetilsyn, sjå artikkelen Årsrapporter.

Organisering av fylkesmannsembetene

Tilsyn med og klagebehandling som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester i det enkelte fylket blir utført av fylkesmannen, underlagt Statens helsetilsyn. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har begge fylka i sin embetskrets.

I kvart fylkesmannsembete finst ein fylkeslege, som skal vere leiar for tilsyns- og klageoppgåvene som gjeld helse- og omsorgstenester (helsetilsynsloven § 1). I de fleste fylkesmannsembeta er oppgåvene som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester samla i ein avdeling. Informasjon om intern organisering av det enkelte embete finst på fylkesmennene sine nettstader, sjå organisasjonskart og dessutan i artikkelen Kontaktinformasjon – fylkesmennene, der det også finns namn på avdelingane og leiing.

Organisering av tilsynet med helseføretak som dekkjer meir enn eitt fylke og kontakten med dei regionale helseføretaka er omtala i artikkelen Kontaktfylkesmenn og ansvar for tilsyn med fylkesovergripande helseføretak.

Helsetilsynet i fylket blei borte frå 1. januar 2012 og oppgavene overførte til fylkesmannen.

Petroleumsverksemda

Fylkesmannen i Rogaland har oppgåver og myndigheit ifm. petroleumsverksemda ved delegert myndigheit slik:

Statens helsetilsyn har bestemt at tilsyn etter petroleumslovgjevinga med installasjonar på land skal utførast av Fylkesmannen i Rogaland, uavhengig av kva fylke installasjonen ligg i.

Fylkesmannen i Rogaland: Helse – offshore

Fylkesmannen i Rogaland: Tilsynsrapporter

Sjå også

Lenkeliste

Budsjettproposisjonar og embetsoppdrag

Andre lenker

Gå til toppen