Hopp til hovedinnhold

Takk for invitasjonen om å halde føredrag på Karl Evang-seminar.

I 1939 publiserte Evang,  saman med Otto Galtung Hansen, resultata frå ein studie av ernæringssituasjonen til 301 fattige familiar. Empirisk og konkret. Eg skal også byggje på eigen empiri og vere konkret. Eg skal ta for meg fattige sine opplevingar av fattigdom, fattigdommens psykologi. Eg meiner at psykologiske aspekt ved fattigdom er komne meir i forgrunnen i nyare tid – det er meir tale om psykososial naud enn svolt og underernæring – i Noreg. Det betyr sjølvsagt ikkje at ikkje materielle forhold ved fattigdom er viktige; tvert i mot, det er dette som er  fattigdommen sin basis, som konstituerer fattigdommen. Eg ser det også slik at skal ein studere fattigdom, er det fruktbart å komme nær inn på dei fattige; få tilgang til fattigdommens ”lukt og smak”.      

Det er ikkje mykje ein får sagt på 25 minutt; eg tillet meg i den samanheng å vise til boka mi (Underlid, K. 2005. Fattigdommens psykologi. Oslo: Det Norske Samlaget). I denne boka presenterer eg resultata frå undersøkinga mi, aktuell teori og prøver å tolke funna. Dessutan har eg ein eigen bolk som eg kalla humanistisk perspektiv. Eg tek her for meg norsk fattigdom i eit historisk perspektiv frå mellomalder og fram til i dag. Vi ser at dei fattige sine levekår, syn på dei fattige og tiltak for fattige har endra seg, men at det likevel finst vesentlege fellestrekk. Formene og manifestasjonane er annleis, men mykje av fattigdommen sin grunnleggjande karakter er den same. Eg tok også for meg korleis fattige og fattigdom har blitt portrettert i skjønnlitteraturen og korleis fattige sine eigne opplevingar har blitt skildra der. Eg var innom 35 skjønnlitterære bidrag. Namn som Johan Falkberget, Olav Duun, Johan Bojer, Jonas Lie, Amalie Skram og andre er med. Dessutan prøver eg å analysere ordet ”fattig”, som kjem av gammalnorsk fátækr, ”som  tek lite, som har lite å ta av”, etymologisk og semantisk, og dessutan avleia ordkombinasjonar. Eg går også igjennom ordtak og munnhell som omhandlar fattige og fattigdom (”det er større skrekk av rikmannen sin hovudverk enn av fattigmannen sin død”).

Før eg går over til funna mine vil eg seie nokre få ord om metode. Det er ein i hovudsak kvalitativ intervjustudie med 25 deltakarar. Desse var langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp ved eit sosialkontor i ein bydel i Bergen. Dei var frå 20 til 66 år, likeleg fordelt på begge kjønn. Eg ”levde” så og seie saman med desse over eit halvt år ved overgangen til det nye hundreåret. Eg nytta eit kvantitativt samtaleprogram på 150 sider og ein kvalitativ intervjuguide. Dei kvalitative intervjua vart tekne opp på lydband, og transkribert tekst vart analysert. Metoden er fenomenologisk-hermeneutisk orientert, men opplevingane og tolkingane har heile tida materiell situasjon som ei slags ”trampoline”. Det er tale om eit intensivt djupnedykk og eit nærbilete av fattige i Noreg.

Eg skal no ta for meg elementa i fattigdommens psykologi; essensane i oppleving av såkalla ”moderne fattigdom” eller ”nyfattigdom”, som er relativ fattigdom i eit velferdssamfunn. Den første av desse er utryggleik.

Opplevt utryggleik

Respondentane kjende seg utrygge – på kort og lang sikt, på vegner av seg sjølve og andre, særleg barna. Det er tale om fryktrelaterte plager og kjensler som er knytt til fattigdomssituasjonen. Dei var redde og engstelege.

Kjeldene til slike utryggleiksopplevingar var mange og varierte. Paradoksalt nok kunne dei skrive seg frå kontakten med den instansen som skulle bidra til å fremje tryggleik, nemleg sosialkontoret. Det kunne vere tale om avslag på søknader om hjelp, nitid kontroll eller urimeleg og sårande kritikk og irettesetjing frå sosialkontoret. Andre hadde blitt skremt av pengar som ikkje kom til rett tid. Fleire hadde opplevt å bli ”straffa” for ekstrainntekter ved at dei vart trekt tilsvarande frå sosialkontoret. Ymse forslag frå sosialkontoret kunne liggje i ei gråsone mellom råd, krav, vilkår, direktiv og trugsmål, og kunne skremme dei voldsomt. Når Marit (i 40-åra) fekk høyre at ho måtte selje bilen sin, som var 13, år, betydde dette at ho ikkje ville komme seg til si gamle og pleietrengande mor nattestid dersom mora brått skulle trenge hjelp – ho budde i ein annan bydel. Åleinemora kunne heller ikkje køyre dottera på ymse fritidsaktivitetar. Og ho stilte veikare på arbeidsmarknaden, avdi ho søkte på jobbar der bil var ein fordel. Krav frå sosialkontoret kunne også verke urimelege. Gunnlaug (i 50-åra) vart bedt om å selje den fjerdeparten som ho eigde i ei familiehytte. Problemet var berre at det var ingen i familien som ville kjøpe henne ut, og dei ville slett ikkje ha inn framandfolk. Fleire var livredde for å misse bustaden sin. Ein bustad er jo ikkje berre ein fysisk bygning; det er også ein heim som kan bety svært mykje for tryggleik, utfalding, sosialt liv, identitet o.a. Det kan vere ramma kring det sosiale nettverket og kan vere barna sin trygge base i livet. Marit (i 40-åra) reagerte slik på dette trugsmålet: ”Våkner flere ganger om natten, og ligger og tenker på dette her, altså…”.

Andre fortalde om opplevingar av utryggleik i tilknytning til at dei måtte kvitte seg med gjenstandar; det kunne vere musikkanlegg, arvegods som ein var glad i, datamaskin, jamvel kjæledyr. Dei kunne få telefonen avstengd. Ord som inkasso og kreditorar kunne ha om lag motsett effekt av ein Valium-tablett.

Det var også utryggleiksskapande trekk ved livssituasjonen. Sosialstønaden er behovsprøvd, og det vert mykje uviss venting og usikker runddans.  Lise (i 30-åra) fortel om ei tredobbelt uvisse knytt til om, når og kvar: ”Det er alltid sånn usikkerhet om eg får utbetalt noe, og når eg får utbetalt, og hva krever de denne gangen, og…”. Systemet vert opplevt som strengt, hjartelaust, vilkårleg og vilkårshardt , uføreseieleg og inkonsekvent. Her er mykje skjøn og lite rettar. Mange rapporterte om redsle for kontroll, ettersyn og for å bli ”tatt”. Lise (i 30-åra) seier det slik: ”Så er du redd for at dem skal sitte og lese at du har brukt penga dine på… Jeg leverer jo inn kontoutskrift, der står det jo alt – hvor jeg har brukt penger, og hva det har gått til, og…”.

Møte med eit uoversiktleg, komplisert, fragmentert og til dels motstridande hjelpeapparat kan gje opphav til utryggleiksopplevingar. Mange kvidde seg beint fram for å gå på sosialkontoret, til dømes Jens (i 60-åra): ”Jeg kan være oppe om morningen når jeg skal opp der, så går du og gruer deg for at du skal opp. Nervøs og… Jeg har litt ondt i maven hver gang jeg går der”. Skjemaskrekk, som kunne vere basert på dysleksi med såkalla emosjonell overbygning, kunne også skape utryggeleik i klientrolla.

Langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp er også i praksis utestengde frå lånemarknaden, dei har ikkje lov til å eige, sparing er uaktuelt og dei har ikkje nokon pengereserve til å møte ein ”regnfull dag”. Og dei kan ha gjeld som uavhengig av storleik er uhandterbar for dei. Om gjelda seier Reidar (i 50-åra): ”Knappheten, den kan du leve med, men gjelden henger over deg til du ligger fem fot i…”.

Respondentane levde under det som vart opplevt som eit økonomisk knappleikstyranni, med hårfine balansegangar mellom utgifter og inntekter. Det vert å snu på kvar krone, og lita tuve kan velte stort lass. Dette skapar angst og uro. Metaforbruken deira levandegjorde slike opplevingar: Symjetur der ein held på å drukne, fjellklatring der underlaget sviktar. Det er tale om opplevingar som hjelpeløyse, panikk, utmatting, kjensle av å vere overlaten til seg sjølv, panikkarta oppleving av kontrolltap og tapt framtidsvon.

Den første kjernekategorien, eller essensen, ved fattigdom er altså opplevt utryggleik. Den andre essensen er svekt autonomi, som eg no skal sjå nærare på.

Svekt autonomi

Respondentane kjende seg ikkje berre utrygge, men også ufrie. Eg har nemnt dette med knappleikstyranniet. Då vert det lite handlingsrom i kvardagen. Det vert så mykje som dei ikkje har råd til, og så mykje ulystbetont som dei må gjere. Den mykje hylla valfridommen i siste valkamp galdt så visst ikkje for dei. Dei var utsett for relativ deprivasjon og sosial eksklusjon. Dei var utsett for idealrolledeprivasjon – gapet mellom korleis ein skulle ønskje at livet var og slik det var var stort, og det langs mange ulike dimensjonar. Det er tale om psykososial behovsdeprivasjon. Den opplevde autonomisvekkinga gjorde seg gjeldande med omsyn til klientrolle, inntektssituasjon og kjøpekraft, formuessituasjon, busituasjon og gjeldssituasjon, og ho manifesterte seg også meir allment. Eg må seie meg lei for at eg berre kan gje ymt ved hjelp av stikkord: Avmakt; ulikeverd; audmjuking; kontroll; avhengigheit; invadering av privatlivet; diagnostisering; klientifisering; patologisering; psykologisering; måtte handle på rekvisisjon; ønske, voner, mål, draumar og planer som ikkje let seg realisere eller som vert skipla; ikkje høve til å ha ekstrajobbar utan at heile inntekta vert trekt inn; knappleikstyranni; konkrete aktivitetsavgrensingar; mangelfull sosial deltaking; ikkje høve til å realisere langsiktige livsprosjekt. Respondentane hadde ikkje råd til slikt som vi andre gjerne held for på vere sjølvsagt, som å abonnere på ei avis. Dei hadde ein særs innskrenka aksjonsradius; dei vart stort sett gåande i husværa sine, med små spaserturar til næraste kjøpesenter for å sjå på vareflaum og reklame som pirra kjøpelysta som dei ikkje kunne realisere. Du ser dei ikkje på restaurantar, teater, konsertar, på flyplassar, på strendene i Syden. Dei er som ein hest i eit kort tjor, og der grastustane stort sett er oppetne. Ei av kvinnene, ei åleinemor, kjende seg så bunden og låst, og lengta så sterkt etter å leve somn andre, at åleinemora tok med seg dottera på turar ut på flyplassen. Der såg dei på fly som tok av og landa, og drøymde seg bort. Dotter til ei anna åleinemor i utvalet sin  store stoltheit var at ho og mor hennar hadde vitja ein slektning i Haugesund. Etter kvart vart det stadig mindre snakk om dette; det falma samanlikna med klassekameratane sine skildringar av eksklusive feriereiser jorda rundt.

Desse banda på sosial utfalding har sin psykologiske pris; det kan vere depressivitet, bitterheit, oppleving av å misse kontrollen, frustrasjonsopplevingar, tankekøyr, trøyttleik, dårleg humør o.a. Fattigdommen sin farge er grå og knytt til kvardagsliv. Dei kjende seg fastbundne, opplevde at det vart for mykje kvardag, kjende seg handlingslamma, fanga inn i eit nett og at dei var inne i ein vond sirkel. Det vart vanskeleg å sjå utvegar. Metaforar som vart nytta var fjellklatring i steinhard rute med skrøpelege feste, brettsegling i dårleg farvatn med stormkast og fengselsliv. I striden for fridom og verdigheit kunne dei vise ein fantastisk styrke.

Respondentane kjende seg ikkje berre utrygge og ufri; dei kjende seg også sosialt devaluerte, ærelause i andre sine auge. Dette er den tredje essensen i fattigdommens psykologi.

>

Sosial devaluering   

Respondentane opplevde at det var andre som vurderte dei negativt som sosialklientar eller fattige på område som galdt personlegdomstrekk og moralske eigenskapar – som verdilause, late eller arbeidssky, kravstore, altfor kresne, mislykka, dumme, lite dugande. Dei rapporterte også om negative reaksjonar som galdt press (”mas” o.l.), at andre hadde vore irriterte eller sinte på dei, skuldingar og moralisering, at andre har trekt seg unna og baksnakking, ryktespreiing eller sladder. Dei opplevde vidare samhandlingsvanskar i tilknytning til rolla som sosialklient eller fattig.

Opplevinga av å bli sosialt devaluert tok utgangspunkt i følgjande forhold: For det første: Inntrykk av rådande syn på fattige som sosial kategori i samfunnet og direkte observasjon av sosial kategorisering. For det andre: Andre menneske sin trulege kjennskap til respondenten sin fattigdom. For det tredje: Makt og avmakt, ulikeverd, ressursallokering, relativ deprivasjon og sosial marginalisering. For det fjerde: Eiga åtferd som er uønskt, og som impliserer låg sosial posisjon og låg vørdnad (t.d. å handle daglegvarer på rekvisisjon, tigging, å sanke ting i bosscontainer og anna). For det femte: Åtferd frå andre som impliserer devaluering.

Fleirtalet av respondentane kjende seg dårleg behandla på offentlege kontor, særleg sosialkontoret, sjølv om det heldigvis fanst lysande unntak. Dei rapporterte bl.a. om ei ovanfrå-og-ned-holdning der dei kjende seg behandla som eit null og som sosialt mindreverdige, og dei opplevde ein gniarmentalitet, maktdemonstrasjonar, spydige, flåsete og sårande merknader, strengheit, mistenkjeleggjering, manglande engasjement, motarbeiding, låtteleggjering, klagemål, stakkarsleggjering, manglande forståing, insensitivitet og individuell skuld- og ansvarstilskriving. Dette vart kommunisert verbalt, nonverbalt og via handlingar. Eg held norske sosialarbeidarar for å vere framifrå menneske og fagpersonar; slik praksis held eg i all hovudsak for å vere systembetinga. Berre så det er sagt. 

Oppleving av sosial devaluering er den tredje essensen i fattigdommens psykologi; den fjerde er truga sjølvbilete og sjølvvørdnad. Det er tale om æresløyse i eigne augo, truga sjølvrespekt. Dette vert mitt neste og siste punkt før avslutninga.

Truga sjølvbilete og sjølvvørdnad    

Eg lyt her vere summarisk, og oppsummerer dei viktigaste momenta i åtte punkt.

  1. Respondentane var medvitne om sine økonomiske problem og sin  fattigdomssituasjon, som vart persipert nokså nøyaktig, og opplevingane av å ha økonomiske problem vart forsterka i ulike situasjonar (t.d. i ferietider, til jul og anna).
  2. Dei var merksame på at dei var monaleg verre stilt økonomisk enn relevante samanlikningsgrupper, og at dei ikkje levde opp til sine eigne og andre sine forventningar i så måte.
  3. Respondentane plasserte seg sjølve nederst i klassehierarkiet, og prøvde å forsvare seg psykologisk mot ei slik erkjenning.
  4. Dei persiperte si eiga åtferd som uttrykk for sosialt mindreverd.
  5. Respondentane kjende seg negativt behandla og vurdert av dei sosiale omgjevnadene.
  6. Fattigdommen førte til at dei vurderte seg sjølve meir negativt. Sentrale årsaker til denne sjølvdevalueringa ligg i dei nemnde momenta.
  7. Fattigdommen sin grad av psykologisk sentralitet og bruk av forsvarsmekanismar spelar ei viktig rolle for korleis dei fattige oppfattar og vurderer seg sjølve.
  8. Resultata viser elles at sjølvrelaterte fattigdomsopplevingar er mangefasetterte, og at det er mange og varierte ruter frå materiell fattigdom til subjektiv livsverd. Men det materielle sjølvet er i alle fall ein sentral basis for opplevingane.

Viktige kjenslemessige reaksjonar på oppleving av sosial devaluering og truga sjølvbilete og sjølvvørdnad er skuld- og skamkjensle. Truga sjølvbilete og sjølvvørdnad er altså den fjerde essensen i fattigdommens psykologi.

Sluttord

Dei fire essensane i fattigdommens psykologi er utryggleik, autonomisvekking, sosial devaluering og truga sjølvbilete og sjølvvørdnad. Dei kjende seg utrygge, ufri og æreslause i eigne og andre sine augo. Relativ fattigdom  i eit rikt velferdssamfunn som Noreg aktiverer tendensielt a) aggressive, b) engstelege og c) depressive kjensler, og d) skam- og skuldkjensler. Dette er det store bilet; så finst det sjølvsagt 1001 nyansar som eg ikkje har høve til å komme inn på her.  Eg har tolka desse funna ut frå emosjonsteori, behovsteori og sosiokulturell kontekst.

Behova for tryggleik,  autonomi, vørdnad og sjølvvørdnad vert frustrerte ved fattigdom. Dette skjer i eit av dei rikaste landa i verda, som imidlertid også er eit av dei dyraste ein kan leve i. Det er eit samfunn som er kommersialistisk (det er ein prislapp på mest alt), konsumeristisk (”Eg er det eg har og forbruker”) og materialistisk (materialistiske verdiar står sterkt). I eit slikt samfunn vert pengemangel ein tryggleiksdrepar, ein autonomidrepar, ein vørdnadsdrepar og ein sjølvvørdnadsdrepar. Dei fattige ber på ei dobbelt bør: Dei får minst av ”gods og gull”, men også minst av immaterielle gode som tryggleik, autonomi, vørdnad og sjølvvørdnad. Det er ingen andre som har det slik i det norske samfunnet; dei får jamvel grunnleggjande menneskerettar krenka. Dei møter eit sosialkontor som på mange måtar er fattigkassen i ny drakt. Det er mykje snakk om rasisme og sexisme (kvinnediskriminering og –undertrykking) i det norske samfunnet. Men ingen talar om klassesisme. Men sosialklientane sine kår og sosiale situasjon elles gjeld nettopp det – sosioøkonomisk betinga diskriminering og undertrykking.

Empirien min er dei fattige sine eigne autentiske opplevingar, innhenta innanfor ramma av ein fortruleg og relativt langvarig relasjon. Eg meiner at det er vel verdt å lytte til dei fattige si eiga røyst. For det første er det jo dei som er hovudpersonane i ein slik samanheng. For det andre er det dei som på ein måte er dei fremste fattigdomsekspertane; dei veit i alle fall mykje om kvar ”skoen trykker”, for dei har han på sjølve – til dagleg og ofte over lang tid.

Johan Falkberget samanlikna fattige med ”Finnskjeggen”, ein plante som han kjende frå heimetraktene kring Røros: Det fattigaste strå på jord – utan blad og blom, grå som ein vargpels, stri og strittande. Han nærer seg av den skrinne, livlause jord og veks på opne og vérharde sletter. Finnskjeggen er ringeakta av slåttekarar, og beitande dyr rører han sjeldan. Men i dette skrinne landskapet vaks det opp ei jente og kvinne i Falkberget sitt litterære univers, Ann Magritt, som trassa fattigdom, marginalisering, stigmatisering og anna motgang,  som også stilte seg i spissen for fattigfolk sin kamp og som vann fram.

Nåvel, slik kan vi ikkje ha det i Noreg. Det er berre lommerusk i nasjonalreknskapen som skal til for å løfte sosialklientane ut av fattigdommen. Dette er menneske som er like ulike som alle oss andre; det er mange ulike vegar inn i fattigdom. Men stort sett har fattige to sentrale kjenneteikn som er felles for dei: Dei har ikkje fått eller har mista fotfeste på to viktige marknader i samfunnet;  nemleg arbeidsmarknaden og bustadmarknaden. Dei sosialpolitiske tiltaka må såleis også innrettast mot å sikre eit arbeidsliv som er genuint inkluderande, og ikkje berre i ord, og ein bustadpolitikk prega av plan og styring, der behov er viktigare enn storleiken på lommeboka. 

Fattigdom i Noreg er unødvendig liding som er menneske- og samfunnsskapt, politisk skapt. Og som berre kan avskaffast ved at menneska, og samfunnet, viser nulltoleranse for fattigdom. Er det politisk vilje til dette? Det handlar om fordeling og samfunnssolidaritet – i Karl Evang si ånd.