Hopp til hovedinnhold

Avdelingsoverlege, dr.med. Børge Ytterstad, Harstad sjukehus, fekk i dag Karl Evangs pris for helseopplysning for 1997. Han vart tildelt prisen for sitt langvarige arbeid med skadeforebygging i Harstad kommune.

Sidan 1985 har Ytterstad leidd eit skadeførebyggande prosjekt i Harstad kommune. Saman med medarbeidarane sine ved sjukehuset har han registrert skadeårsaker og sørgt for at opplysningar om skadeårsak og førebyggingsmoglegheiter er ført attende til befolkninga, politiske organ og frivillige organisasjonar. Mellom resultata frå dette arbeidet gjennom ti år, er at brannskadar hos bom er redusert med 53 prosent, brotskadar hos eldre etter fall i heimen har minka med 26 prosent, og trafikkskadar har gått ned med 27 prosent.

Resultata har vakt interesse både mellom forskarar og i politiske miljø, og røynslene frå det sokalla Harstad-prosjektet er no tilgjengeleg ikkje berre for norske kommunar, men og for utlandet. Harstad-modellen for registrering av trafikkulukker har allereide fått stor oppmerksomheit, og i 1995 fekk Harstad kommune «Det-nytter-prisen» for det ulukkesførebyggande arbeidet i kommunen.

I grunngjevinga for å gi Karl Evangs pris til Børge Ytterstad heiter det m.a. at han har gjort ein stor personleg innsats. I tillegg til å planlegge og gjennomføre særs gode tiltak, har han og forska på desse og gjennom grundig dokumentasjon påvist god virkning av tiltaka. Det er utradisjonelt at ein kirurg utøver eit slikt samfunnsmessig arbeid, og innsatsen til Ytterstad går langt vidare enn det ein kan vente. Han sett eit døme for spesialisthelsetenesta og syner korleis denne kan gjere ein vesentlig større innsats enn tilfellet er i dag, heiter det i grunngjevinga.

Karl Evangs pris for helseopplysning vert utdelt av Statens helsetilsyn, og i juryen sit redaktør Magne Nylenna, Legeforeningen, professor Leif E. Aarø, Universitetet i Bergen, journalist Sylvi Leander, Aftenposten, og rådgjevar Marit Christie, Helsetilsynet.