Helsetilsynet

Avdeling for spesialisthelsetenester (avd. 3) i Statens helsetilsyn har ansvar for:
  1. hendingsbasert tilsyn med verksemder og helsepersonell i spesialisthelsetenester
  2. planlagt tilsyn med verksemder i spesialisthelsetenester
  3. klagesaker (rettsklager) som gjeld spesialisthelsetenester
  4. medisinsk og helsefagleg forskning (helseforskningsloven), for alle tenesteområda
  5. tilsyn med helseregistre
  6. styring av og støtte til fylkesmennene sitt arbeid innanfor sitt område
Avdelinga blir leia av avdelingsdirektør Ragnar Hermstad.

Ansvaret for ordninga der alvorlege hendingar i spesialisthelsetenesta skal varslast direkte til Statens helsetilsyn, er lagt til Undersøkelseseininga.