Myndigheit lagt til Statens helsetilsyn
Tilsyn er å utøve myndigheit. I denne menyen finst dei påboda i lover og forskrifter som Statens helsetilsyn og fylkesmannen hentar si myndigheit frå, slik at brukarane kan sjå det rettslege grunnlaget for verksemda vår. Ein slik oversikt gjev dessutan informasjon om arbeidsdelinga i forvaltninga.
Enkelte lovpålegg vert brukt i mange og store saker, andre gjeld for eksempel godkjenningsordningar på smale saksfelt og vert sjeldan brukt. Artiklene Oppgåver og organisering gjev derfor eit betre oversiktsbilete over verksemda til tilsynsmyndigheitene.
Myndigheit gitt i lov
Statens helsetilsyn har fått tildelt myndigheit direkte i følgjande lovføresegner nemnd i alfabetisk rekkefølge (føresegner der Statens helsetilsyn er nemnt som adressat for informasjon, er ikkje tekne med)
Mest brukte lover
Barnevernloven
§ 2-3 femte ledd Statens helsetilsyn og fylkesmannen kan krevje at alle institusjonar og senter for foreldre og barn som er omfatta av kapittel 5 i loven, og omsorgssenter for mindreårige som er omfatta av kapittel 5 A i loven, utan hinder av teieplikt, gir dei opplysningar og meldingar som er nødvendige for at myndigheitene skal kunne utføre oppgåvene sine etter loven. Desse myndigheitene kan og krevje adgang til alle institusjonar og senter for foreldre og barn som går inn under kapittel 5, og omsorgssenter for mindreårige som går inn under kapittel 5 A
§ 2-3b føre overordna fagleg tilsyn med barnevernverksemder i dei enkelte kommunar, og med institusjoner, senter for foreldre og barn og omsorgssenter for mindreårige etter denne loven. Statens helsetilsyn skal utøve myndigheit i samsvar med det som er bestemt i barnevernloven og forskrifter til denne.
Statens helsetilsyns og fylkesmannens tilsynsansvar med det statlige barnevernet er presisert i Barne- og familiedepartementets brev til Statens helsetilsyn 5. juli 2019 (pdf)
Folkehelseloven
§ 32 ha overordna fagleg tilsyn med at kommunen og fylkeskommunen på lovleg vis oppfyller dei pliktene dei er pålagd i, eller i medhald av, §§ 4 til 9, 20, 21 og 27 til 30 i loven.
Helse- og omsorgstenesteloven
§ 5-9 plikt for einkvar som utfører teneste eller arbeid som vert omfatta av loven til å gje tilgang til verksemda og opplysningar til Statens helsetilsyn, utan hinder av teieplikt
§ 12-3 andre ledd gje pålegg etter helsetilsynsloven § 8
§ 12-3 a ta imot varsel om alvorleg hending i helse- og omsorgstenesta
Helseforskingsloven
§ 46 føre tilsyn med medisinsk og helsefagleg forsking og forvaltninga av forskingsbiobankar
Helsepersonelloven
§ 30 rett til å få tilgang til lokale og å få opplysningar utan hinder av teieplikta
kap.11 (§§ 56-67) gje administrative reaksjonar (åtvaring, suspensjon eller tap av autorisasjon, lisens, spesialistgodkjenning, rekvireringsrett), krevje offentleg påtale
Helsetilsynsloven
§ 4 føre overordna fagege tilsyn med helse- og omsorgstenesten og utøve myndigheit i samsvar med det som er bestemt i lover og forskrifter
§ 6 ta imot varsel om dødsfall eller svært alvorlieg skade og føre stedlig tilsyn etter varsel for at tilsynssaka skal bli nok opplyst
§ 8 gje pålegg om retting og stenging
§ 9 gje tvangsmulkt
§ 10 gje administrative reaksjonar til helsepersonell og registrere reaksjonar
Pasient- og brukarrettsloven
§ 7-4 a saksbehandling ved førespurnad om å vurdere mogleg pliktbrot
§ 7-6 ta imot varsel om alvorleg hending i helse- og omsorgstenesta
§ 8-7 ta imot melding frå pasient- og brukarombodet om tilstandar som det er naudsynt at tilsynsmyndigheitene følgjer opp
Sosialtenesteloven
§ 10 ha det overordna faglege tilsynet med verksemda til kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav)
Spesialisthelsetenesteloven
§ 3-3 a ta imot varsel om alvorleg hending i helse- og omsorgstenesta
§ 6-2 rett til å krevje opplysningar av alle som utfører teneste eller arbeid som vedkjem helsetenester som vert omfatta av denne loven, rett til å få tilgang til verksemda
§ 7-1 gje pålegg om å retting og stenging, og fastsetje tvangsmulkt
Andre lover
Alternativ behandlingsloven
§ 9 krevje offentleg påtale
Behandlingsbiobankloven
§ 17 føre tilsyn etter loven
Forvaltningsloven
§ 35 andre ledd i saker der fylkesmannen fattar vedtak som klageinstans etter sosialtenesteloven
Helseregisterloven
§ 27 adgang til å gje pålegg dersom behandling av helseopplysningar kan ha skadelege følgjer for pasientar eller brukarar
Legemiddelloven
§ 25 rett til å få opplysningar utan hinder av teieplikt om misbruk av narkotika m.v.
Obduksjonslova
§ 16 gje pålegg om retting og stenging og fastsetje tvangsmulkt
Offentleglova
§ 32 første ledd i saker der fylkesmannen fattar vedtak etter offentleglova som første instans innan saksområda til arbeids- og velferdsforvaltningen
Pasientjournalloven
§ 27 adgang til å gje pålegg dersom behandling av helseopplysningar kan ha skadelege følgjer for pasientar eller brukarar
Smittevernloven
§ 2-2 krevje opplysningar frå offentlege kjelder eller privat helseteneste utan hinder av lovbestemt teieplikt
§ 7-10 a føre overordna tilsyn med at den kommunale, fylkeskommunale og statlege verksemda er i samsvar med loven m.m., gje pålegg om retting eller stenging i samsvar med helsetilsynsloven
Tannhelsetenesteloven
§ 6-2 føre tilsyn, innhente opplysningar, foreta inspeksjon m.m. utan hinder av teieplikt, leggje saka fram for sakkyndige
Transplantasjonslova
§ 23 gje pålegg om retting og stenging og fastsetje tvangsmulkt
Myndigheit m.m. lagt til Statens helsetilsyn i forskrifter
Statens helsetilsyn er gjeve følgjande myndigheit i forskrifter (føresegner der Statens helsetilsyn er adressat for meldingar o.l. er tekne med sjølv om desse ikkje direkte legg myndigheit til Statens helsetilsyn):
Forskrift om medisinske kvalitetsregistre (2019-06-21 nr. 789)
§ 3-5 l adressat for meldingar frå registrerte, dersom helseopplysningane ikkje vert behandla i samsvar med forskrifta eller anna relevant regelverk.
Forskrift om pasientjournal (2019-03-01 nr. 168)
§ 10 i særlege tilfelle gje løyve til å nytte anna språk enn norsk, svensk eller dansk i pasientjournal
Forskrift om befolkningsbaserte helseundersøkelser (2018-04-27 nr. 645)
§ 2-5 pkt q adressat for meldingar frå deltakarar om at opplysningar eller humant biologisk materiale ikkje vert behandla i samsvar med forskrifta
Forskrift om håndtering av humane celler og vev (2015-12-07 nr. 1430)
§ 56 føre tilsyn med at bestemmingar i forskrifta vert helde
Forskrift om humane organer til transplantasjon (2015-12-07 nr. 1401)
§ 24 føre tilsyn og stoppe aktiviteten i eit donorsjukehus og i ei transplantasjonsverksemd
Forskrift om håndtering av medisinsk utstyr (2013-11-29 nr. 1373)
§ 18 fører tilsyn med og kan fatte vedtak ovanfor helse- og omsorgstenesta si handtering av medisinsk utstyr ved yting av helse- og omsorgstenester
Forskrift om helse, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskriften) (2010-02-12 nr. 158)
§ 63 adgang for myndigheitene til innretningar og fartøy
§ 67 føre tilsyn på ansvarsområda til Helsetilsynet
§ 69 fatte dei enkeltvedtak som er nødvendige for å gjennomføre bestemmingar i forskrifta og utfyllande forskrifter
§ 70 gjera unntak frå bestemmingane som er gitt i eller i medhald av denne forskrifta på ansvarsområda til Helsetilsynet
Forskrift om legemidler (legemiddelforskriften) (2009-12-18 nr. 1839)
§ 14-19 rett til å nominere eit medlem til Blåreseptnemnda
Forskrift om klinisk utprøving av legemidler til mennesker (2009-10-30 nr. 1321)
§ 6-1 andre ledd føre tilsyn med helsetenesta som vert ytt ved utprøvingar
Forskrift om tuberkulosekontroll (2009-02-13 nr. 205)
§ 4-6 overordna tilsyn
Forskrift om smittefarlig avfall fra helsetjeneste og dyrehelsetjeneste mv. (2005-10-11 nr. 1196)
§ 9 andre ledd innanfor sitt ansvarsområde føre tilsyn med at reglane i forskrifta vert haldne, og fatte nødvendige vedtak
Forskrift om markedsføring av kosmetiske inngrep (2005-07-01 nr. 749)
§ 9 føre tilsyn med markedsføring av kosmetiske inngrep
Forskrift om smittevern i helse- og omsorgstjenesten 2005-06-17 nr. 610
§ 3-5 overordna tilsyn, føre tilsyn
Forskrift om tapping, testing, prosessering, oppbevaring og distribusjon av humant blod og blodkomponenter, og behandling av helseopplysninger i blodgiverregistre (blodforskriften) (2005-02-04 nr. 80)
§ 2-4 Internkontroll. Tilsynsmyndigheiten kan gje pålegg om skriftleg dokumentasjon
§ 3-4 fjerde ledd. Det vert synt til varselsplikta om alvorlege hendingar i spesialistehelsetenesteloven
§ 3-5 femte ledd. Det vert synt til varselsplikta om alvorlege hendingar i spsialistehelsetenesteloven
§ 5-1 Statens helsetilsyn fører innanfor sitt ansvarsområde tilsyn med tapping, testing, prosessering, oppbevaring, distribusjon og utlevering av blod og blodkomponentar til bruk i fraksjonering, og blodkomponentar til transfusjon fram til desse er frigitt for bruk, og med blodkomponentar frigitt til transfusjon, og fattar nødvendige vedtak, jf. lov 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten (helsetilsynsloven).
§ 5-2 Tilsynsmyndigheiten sin adgang til dokumentasjon
Forskrift om medisinske krav for AFIS- og HFIS-fullmektig/operatør (BSL G 2-5) (2002-06-18 nr. 701)
§ 9 klageorgan for enkeltvedtak fatta av Luftfartstilsynet
Forskrift om medisinske undersøkelser av seilflygere, mikroflygere, førere av friballong og kabinbesetningsmedlemmer (BSL C 1-2) (2001-08-23 nr. 1067)
klageorgan for enkeltvedtak om legeattester fatta av Luftfartstilsynet
Forskrift om tillatelse til å utføre kosmetisk plastikkirurgiske inngrep (2000-12-21 nr. 1387)
§ 6 myndigheit til å kalle tilbake løyva til å utføre kosmetisk kirurgiske inngrep dersom legen eller tannlegen ikkje lenger er vurdert til å vere skikka til å ha slikt løyve
Forskrift om krav om tillatelse til bruk av lystgassanalgesi ved tannbehandling (2000-12-21 nr. 1386)
§ 4 myndigheit til å kalle tilbake løyve til bruk av lystgassanalgesi dersom tannlegen rekvirerer eller brukar lystgass til andre formål enn bestemt i § 2 og i strid med føresetnadene i utdanninga
Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek (1998-04-27 nr. 455)
§ 9-5 rett til å krevje reseptar og/eller reseptopplysningar frå apotek
Forskrift om fylkesmannens adgang til å ilegge kommuner mulkt ved oversittelse av fristene i barnevernloven § 6-9 (1992-12-16 nr. 1243)
§ 6 klageinstans for fylkesmannen sitt vedtak om mulkt til kommunen
Forskrift om innredning og om forpleiningstjenesten på skip (1992-09-15 nr. 707)
§ 31 skipsføraren skal sende skriftleg rapport til Statens helsetilsyn ved utbrot av sjukdom forårsaka av matvarer eller drikkevatn
Forskrift om beregning av passasjerantall og om passasjerbekvemmeligheter m.v. (1972-10-02 nr. 4)
§ 27 gje forskrift for rom for sjuke på skip med passasjersertifikat, godkjenne teikningar for slike rom
Delegering
Statens helsetilsyn er delegert myndighet til å behandle klager på avgjerder frå fylkesmennene etter offentleglova innanfor saksområdet helse, frå 1. januar 2014.
Statens helsetilsyn er delegert myndigheit til å behandle klager på avslag frå fylkesmennene på innsyn i saker/dokument knytta til tilsyn på barnevernområdet, frå 16. desember 2014
- Klager på fylkesmennenes avslag på innsyn i saker/dokumenter knyttet til tilsyn på barnevernområdet Brev frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til Statens helsetilsyn 16.12.2013.
- Statens helsetilsyns overordnede faglige tilsyn med kommunenes virksomhet i arbeids- og velferdsforvaltningen. (pdf) Delegasjon frå Arbeidsdepartementet til Statens helsetilsyn 3.2.2010.